25.01.2015 Views

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Innan kultursektoren bidrog den musikalske

gruppa ”Rendez Vous”, med folkemusikkutøvarar

frå både Hordaland og Normandie,

med eit program som viste fram både norske og

franske musikktradisjonar, mellom anna under

”Bergen International Stoccafisso Festival”.

Innan næringssektoren var samarbeidet fokusert

på det marine, med ein studietur for kartlegging

av marin sektor i februar og deltaking på

symposiet Sante-Mer, om positive helseeffektar

av sjømat og algar, i oktober.

Vurdering av samarbeidet

Aktivitetsnivået i forhold til Nedre-Normandie

har dei siste åra vore lågt. Det er derimot eit

potensial for samarbeidsaktivitetar innan fleire

område, og det er håp om at den nye organiseringa

på fransk side vil gjere det lettare.

Cardiff, Wales

Samarbeidet med Cardiff-området hadde sin

bakgrunn i attreisinga av den norske sjømannskyrkja

og vart formalisert ved ein avtale med

regionen South Glamorgan i 1993, og med

Cardiff i 2000 (etter regional omorganisering).

Samarbeidet vil fremja næringsutvikling,

utdanning, kultur, sport og ungdom.

I 2007 deltok Hordaland på Cardiff Food and

Drink Festival i juli. Denne deltakinga var

viktig både i forhold til reiselivet,

opplæringsfeltet og satsinga på matkultur.

Det har og vore følgjande aktivitetar :

Innan opplæring og ungdom er utveksling av

elevar på vidaregåande skole, organisert av

Knarvik vidaregåande, er ein viktig del av

samarbeidet. Skoleåret 2007/08 er 16 elevar

utplassert på forskjellige skolar i Cardiff og

Vale of Glamorgan. Fylkeskommunen deltok

og på seminaret Generation Europe, i oktober,

om dei utfordringane som både dei yngre og dei

eldre generasjonane møter.

Innan kultursektoren deltok Hordaland i

november ved tenninga av lysa på juletreet ved

den norske kyrkja i Cardiff, samt konsertar

arrangert av fylkeskonsertane. Fylkesordføraren

representerte fylkeskommunen.

Innan næringssektoren var Nettverk for planog

byggesakshandsamarar i Nordhordland,

saman med representantar for fylkesmannen og

fylkeskommunen i november, på fagtur til

Cardiff for å studere deira forvalting.

Vurdering av samarbeidet:

Samarbeidet med Cardiff har lenge hatt fokus

på kultur og opplæringssamarbeidet, men i

2007 kom felta ungdom og næringsutvikling

sterkare inn. Fleire ulike aktivitetar er og

planlagde for 2008.

Orkney Islands Council, Scottland

Hordaland Fylkeskommune og Orkney Islands

Council inngjekk vennskapsavtale i 1983 og eit

tett samarbeid har utvikla seg gjennom åra.

Aktivitetane i 2007 var konsentrerte omkring

opplæring og kulturarrangement.

Innan kultur var

julefestivalen i

november/ desember

det leiande

arrangementet.

Gruppa Fabelfolk

framførde sin

mellomaldermusikk

under både skolekonsertar

og kveldskonsertar

over fleire

dagar. 1. desember var

fylkesvaraordføraren

frå Hordaland med å

tenne lysa på juletreet

utanfor St. Magnus

katedralen i ein seremoni som samla 1000 av

regionens vel 20 000 innbyggarar. Andre

kulturtiltak inkluderer ein skotsk studie av

friluftsundervisning i Bergen og turnè på

Orknøyane med Kammerkoret ”Takt og tone”.

På opplæringsfeltet er utveksling av elevar i den

vidaregåande skole sentralt. Skoleåret 2007/08

er det ein elev frå Slåtthaug vidaregåande ved

Kirkwall Grammar School, medan to elevar frå

Kirkwall er eit år på Voss Folkehøgskule.

Vurdering av samarbeidet

Orknøyane er Hordaland sin einaste

venskapsregion, og samkvemmet har eit breitt

grasrotengasjement. Det vert lagt vekt ein brei

kulturkontakt og ei framleis styrking av

utdanningssamarbeidet. I 2008 feirast 25-

årsjubileum for venskapsavtalen.

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!