25.01.2015 Views

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Den overordna visjonen er:

”Vestlandet; ein kreativ, inkluderande og

verdiskapande region i Europa.”

Hovudmåla for det internasjonale arbeidet i

fylkeskommunen er at det skal bidra til å:

• gjere Vestlandsregionen kjend utafor

Noreg sine grenser

• fremje Vestlandsregionen sine interesser

• auke samhandlinga mellom

innbyggjarar og verksemder i

Vestlandsregionen og inn-byggjarar og

verksemder i andre deler av verda

Kvar avdeling formulerar sine delmål i høve til

behov og ønskje.

Dei konkrete strategiane for å oppnå disse

måla er som følgjer:

1. Hordaland fylkeskommune skal samarbeide

med dei andre fylkeskommunane på

Vestlandet i si internasjonale satsing

2. Hordaland fylkeskommune skal vere ein

aktiv medspelar for kommunar, skolar,

verksemder og andre aktørar i deira

internasjonale satsing

3. Hordaland fylkeskommune skal, gjennom

strategisk informasjonsarbeid til ulike

aktørar i regionen, auka kunnskapen om

andre land sin struktur og kultur, Europa og

EU-systemet inkludert.

4. Hordaland fylkeskommune skal, i

samarbeid med vidaregåande skolar,

høgskolane, UIB og forskingsinstitusjonane,

bidra til at internasjonale stønadsordningar

som EU og Nordisk råd sine FOU program

vert nytta betre.

1.3 Organisering av det internasjonale

arbeidet i fylkeskommunen

Alle avdelingane i sentraladministrasjonen er

engasjerte i internasjonale aktivitetar og har

ansvar for å formulere sine eigne delmål for si

internasjonale verksemd.

utviklingsarbeidet og er i dag den operative

internasjonale eininga i fylkeskommunen.

Europakontoret har m.a. ansvaret for EUprogram

som Leonardo da Vinci, Aktiv

Ungdom og Interreg.

Arbeidslaget Internasjonalt arbeid (etablert i

mars 2003) skal samordne, profilere og utvikle

det internasjonale engasjementet til fylkeskommunen,

i nært samarbeid med dei andre

avdelingane.

2 Geografisk fokus: Samarbeidsregionar

Hordaland Fylkeskommune samarbeider med ei

rekkje regionar, først og fremst innan Europa,

for å nå dei måla som er sett for fylkeskommunens

virkefelt. Samhandling med disse

regionane er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit

middel til å oppnå dei andre måla som er sett.

2.1 Formaliserte samarbeidsregionar

Hordaland Fylkeskommune har 4 formelle

samarbeidsavtalar med regionar i Europa;

Basse-Normandie i Frankrike, Cardiff i Wales,

Orknøyane i Skottland, og Kaunas i Litauen

Conseil Régional de Basse-Normandie

Samarbeidet byggjer på dei historiske banda

mellom regionane og tar sikte på å omfatte både

kultur, opplæring og næringsutvikling. Ein

samarbeidsavtale vart underteikna i 1993.

I løpet av 2007 har det vore aktivitetar innan dei

definerte områda, om enn på eit moderat nivå.

Innan opplæring var ein Erasmusstudent frå

Nedre-Normandie våren 2007 utplassert i

Fylkesadministrasjonen, medan ein student frå

Université de Caen hadde utplassering i tre

månader på gard i Hardanger etter fullførd

utveksling til Universitetet i Bergen.

I tillegg har fylkeskommunen to einingar som

jobbar spesifikt med den internasjonale

kontakten; Europakontoret/hjemmeapparatet til

Vestnorsk Brusselkontor og Internasjonalt

Arbeidslag. Europakontoret blei etablert i 1996

for å vektleggje den europeiske dimensjonen i

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!