25.01.2015 Views

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Prosjektet har fått midlar frå EU sitt ”Intelligent

Energy – Europe” program. Det vart starta i

januar 2007 og skal avsluttast i desember 2008.

Tre norske, to tyske og ein polsk partnar er med

i studia. Partnarane representerer industrien,

vitskapelege organisasjonar, interesseorganisasjonar

og styresmakter. GASNOR AS,

lokalisert i Bergen, er prosjektets lead partner,

mens fylkeskommunen er representert gjennom

Hordaland Olje & Gass (HOG).

Sixth Framework Program - EUROPEER SME

Prosjektet EUROPEER SME prøver å finne

svar på spørsmål så som kvifor er nokre

regionar sterke på innovasjon og nyskaping

mens andre regionar slit for å få det til, om det

er mogleg å overføre metodar og prosjekterfaringar

til ein anna region med andre

rammevilkår – og i så fall kva er det som er dei

kritiske faktorane ein må ta omsyn til for at ein

slik overføring skal være vellukka

Prosjektet er finansiert over EUs 6. Rammeprogram

for forsking og teknisk utvikling

(OMC-NET) og går over 26 månader.

Prosjektet omfattar 15 regionar frå 12

europeiske land

Hovudmålet for EUROPEER SME er:

• Fremje gjensidig læring, utvikle ”beste

praksis”, styrke gjennomslagsevna til

regionale og nasjonale FoU-tiltak mot SMB

• Optimere vilkåra for å utveksle ”beste

praksis” ved å identifisere nødvendige

vilkår for erfaringsover-føring og utvikle

metodar for erfaringsoverføring

• Redusere overlapping og styrke

koordineringa av tiltak retta mot SMB

Prosjektet har etablert eit livskraftig nettverk

som vil fortsette å eksistere etter at prosjektet er

avslutta. Resultata frå prosjektet vil og bli

vidareført i ein nettbasert kunnskapsbank, m.a.

slik at gevinstane kan utnyttast i andre

samanhenger og av andre konsortium.

I 2007 har alle deltakarane presentert dei beste

innovasjonsprosjekta frå sin region. Hordaland

presenterte ”Kompetansemeklarprosjektet” på

ein samling i Erfurt rett før jul. Det er lagt vekt

på å få fram både sterke og svake sider ved

planlegging, utforming og gjennomføring av

prosjekta.

KVIT prosjektet. (KValitetsutvikling I

Tannlegepraksis)

Bakgrunnen for prosjektet var at amalgam vart

fasa ut som fyllingsmateriale i jekslar før eit

fullgodt alternativ var tilgjengeleg. Formålet

med prosjektet er å undersøke korleis kvite

tannfyllingar av plast fungerer på tenner med

stor tyggebelastning.

Prosjektet starta opp i 2001 og skal etter planen

avsluttast i 2010. Samarbeidspartnarar er Den

offentlege tannhelsetenesta i Hordaland,

Børnetandplejen i Danmark. Universitetet i

Oslo og Universitetet i København. Det deltek

24 tannlegar frå Hordaland. Ansvarleg avdeling

i Fylkeskommunen er tannhelseavdelinga.

Prosjektet er hovudsakleg finansiert av årlege

tilskot frå Sosial- og Helsedirektoratet.

Det er som regel ei felles samling kvart år der

arbeidsgruppa og styringsgruppa er med.

Samlingane skiftar mellom Noreg og Danmark.

2007 var første år utan samling, men det blei

arrangert eit møte for dei norske deltakarane i

Bergen i november. Elles vart året brukt til å

kontrollere fyllingar som var lagt tidlegare.

Nordisk Transport Nettverk - NTN

Fokus for det opphavlige prosjektetet var

transport av gods i nordiske korridorar, og å

utvikle verktøy som kunne brukast i regional

planlegging. I dag har fokus skifta meir mot

effektivitet og berekraft, og ikkje berre på gods

i korridorar, men og kollektivtrafikk, ny

teknologi og anna utvikling innanfor trafikk.

Ei anna målsetning er at NTN si framtidige

rolle og funksjon skal vere eit politisk og

administrativt nettverk for transport og trafikk

der ein siktar mot å halde konferansar og

”workshop” innan transport og trafikk.

Samferdselsavdelinga er fagleg ansvarleg i

Hordaland Fylkeskommune. Andre deltakarar

kjem frå andre fylkeskommunar i Noreg og

regionar i Danmark.

NTN hadde liten aktivitet i 2007, men det er

planar om auka aktivitet i 2008.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!