30.11.2012 Views

Stø Kurs - TVU-INFO

Stø Kurs - TVU-INFO

Stø Kurs - TVU-INFO

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Island Wellserver kåra til

Ship of the Year 2008

UT 767CD Island Wellserver er

kåra til Ship of the Year 2008.

Statssekretær i nærings- og

handelsdepartementet, Rikke

Lind, stod for overrekkinga

av prisen på den internasjonale

skipsfartsmessa i Hamburg

i slutten av september.

Juryen gratulerer med det

dei betegnar som eit avansert

og grensesprengande

fartøy. Det er magasinet

Skipsrevyen som står bak

den tradisjonsrike kåringa.

Island Wellserver er av

Rolls-Royce design, type

UT 767CD, og vart bygd

av Aker Yards, Langsten for

Island Offshore. Fartøyet

vart levert våren 2008, og er

no på oppdrag for Statoil-

Hydro.

Stolt av det nye skipet

Vi i Rolls-Royce har gått

steg for steg saman med

Island Offshore i dette pro-

sjektet, og vi er minst like

stolte av det nye flaggskipet

som redar og verft, seier

Svein Kleven, design sjef ved

Ship Technology- Offshore. -

Dette har vore ein vinn-vinn

situasjon der vi alle har heva

vår kompetanse saman. Å

få ein slik anerkjenning for

arbeidet vi har gjort, gjer

veldig godt. Vi er stolte av

designet vårt, og mange

timars arbeid ligg bak. I dag

har vi lov å lene oss litt tilbake,

og vere fornøgde med

jobben som er gjort.

Island Wellserver er ikkje

eit skip som andre offshorefartøy,

men ein installasjon

som er spesialbygd for vedlikehald

av oljebrønnar, med

auka produksjon som mål.

Ho skal gjere ein jobb som

inntil nyleg berre har vore

mogleg for riggar. Arbeidet

med aktive oljebrønnar

inneber at fartøyet må oppfylle

mykje strengare krav

og regelverk enn eit vanleg

offshorefartøy. Island Well-

server (UT 767 CD) er såleis

designa med heilt nye løysingar

for sikkerheit og miljø.

Det er også det einaste fartøyet

i verda som svarar til

den høgaste komfort klassifiseringa

frå DNV i dag,

noko som inneber minimalt

med støy, og ikkje minst

enkeltmannslugarar til alle

94 om bord.

Bygd for norske forhold

I si grunngjeving legg juryen

særleg vekt på at Island

Wellserver opererer i eit nytt

markedssegment, og at teknologien

som må på plass

for at eit skip skal kunne

utføre lett brønnintervensjon

er banebrytande. Dei

seier vidare at det er ei bragd

å gjennomføre dette, og skipet

illustrerer den ledande

rolle Noreg har, også internasjonalt,

innan maritim

innovasjon. Dette er kun

mogleg fordi Noreg har

rederi- og fagmiljø som er

villige til å strekke seg mot

Fra prisoverrekkelsen

i slutten

av september.

markedsmessige og teknologiske

horisontar. At skipet

er bygd 100 % til norske

forhold hevar det over andre

tilsvarande innretningar, og

vart vektlagt av juryen.

Island Offshore har igjen

vist sin tillit til Rolls-Royce

som designar. Nyleg la

dei inn ordre på enda eit

brønnintervensjonsfartøy.

Denne gongen enda

større, og designet har fått

typenamnet UT 767 CDL.

Dette nye fartøyet er 130 m

langt, mot Island Wellserver

sine 116m, og nytte-vekta

blir då tilsvarande større:

10,800 dwt mot 8,200 dwt.

Også dette fartøyet har full

utstyrspakke frå Rolls-Royce.

Layout på maskinrom

og system vil bli lik, men

motorane får større kraft, i

hovudsak for å gi meir yting

til oljebrønnrelatert dekksutstyr.

Se også side 6.

Maritim Logg 8/2008 ■ 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!