23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kraftsats til formannskapet i

Eivindvik prestegjeld

Biletet viser Herresalen i Eivindvik til venstre for kyrkja. Huset vart bygt i 1819, og var prost Dahl sin bustad.

(Fotograf: ukjend. SFFf-95155.0004)

Formannskapslovene frå 1837 var

ikkje krystallklårt utforma med

omsyn til kor langt kommunane sitt

kompetanseområde skulle strekkje

seg. Det førte fleire gonger til konfliktar

mellom dei nye styringsapparata

og høgare autoritetar.

Formannskapet i Eivindvik hamna

allereie i 1838 i ein heftig krangel

med amtmannen om grensene for

myndigheitsfeltet deira.

Eivindvik prestegjeld omfatta omlag

det som i dag er kommunane Gulen

og Solund. Det blei i 1837 utgangspunkt

for eit eige formannskapsdistrikt

(kommune) med «Eivindvigens

anden skaber», prost Niels Griis

Alstrup Dahl, som fyrste ordførar.

Dahl kom til Eivindvik i 1804, og

fram til han døydde i 1853 la han for

dagen eit samfunnsengasjement utanom

det vanlege.

Det er for arbeidet innan jordbruk og

folkeopplysing Dahl i ettertid har

hausta størst anerkjenning, men han

førte òg ein strid kamp mot alkohol,

sedløyse og fattigdom. I Eivindvik

fekk han skipa eit fattigstell som var

mønstergyldig. Alle som ikkje kunne

ta vare på seg sjølv, fekk eit anstendig

tilbod om hjelp. Blant anna skal legdlemmene

ha fått utdelt tobakk, og det

var visst heller ikkje det minst «nødtørftige»

dei fekk.

Men offentleg forsorg kosta, og fattighjelp

var ein av dei store kommunale

utgiftspostane. Alle tiltak som

kunne avgrensa dette kostnadssluket

var såleis av det gode. Dahl såg særleg

på alkohol som eit samfunnsnedbrytande

element som førte mange ut

i fattigdom og elende. Av eiga lomme

kjøpte han opp tre gjestgjevarstader,

for slik å sikre seg at det ikkje vart

servert brennevin der.

Rusdrykken førte ikkje berre til at

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Av Per Olav Bøyum

bønder drakk seg frå gard og grunn, i

fylgje Dahl var det òg ei kopling

mellom brennevin og sedløyse:

Med Nattesværmeriet vedblir det,

trods alle Forsikringer, omtrent som

før der hvor en har Brændevin i tilstrækkelige

Mængder, andre Steder

der dette er i Avtagende, minker

ogsaa Nattesværmeiet som en naturlig

Følge af det.

Dahl formidla her synspunkt som går

att i mange visitasmeldingar frå

1800-talet. Brennevin blei sett på som

årsak til nattefrieri og uekte fødslar,

og særleg ille skal det ha vore i delar

av Sogn.

Nattefrieri og horelivnad

Det er ikkje overraskande at kampen

mot alkohol og lauslivnad blei ført

inn i det nyskipa formannskapet for

Eivindvik, der Dahl sat som ordførar

dei fyrste 12 åra. Saka som fekk amt-

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!