23.12.2012 Views

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ønskje seg noko meir disiplin og klare

rammer. Ei mor fortel:

Sånn som når ungane kjem og seier

[etterliknar barnerop]:"Du Ann-Mari,

kan eg gå der?" Eg - eg fikk sjokk i byrjinga,

fordi at det var ikkje sånn vi var

oppdratt. Vi måtte først rekke handa opp,

og så om du får lov å spørje, og så vidare.

Så det var mykje strengare. Eg synast at

ungane har det mykje betre her. Kanskje

litt for bra! (...) Då eg var barn hadde vi

meir respekt for foreldre. Heilt frå barnehagen

har vaksne makt over deg. Og då

sit det i hovudet, at det skal vere sånn, du

skal ikkje motseie noko - så vi fekk eit

anna forhold til familie. Vi skulle gjere

som foreldra sa. Eg hugser at eg følte meg

ganske som eit barn sjølv då eg var 30 år

gamal; for eg følte press frå faren min og

frå tantene mine, dei bestemte kor eg

skulle gå og kva eg skulle gjere, sjølv om

eg var ein vaksen person. Men her har

folk det mykje friare, dei gjer som dei vil,

på ein måte; foreldre berre rettleiar ungane

på ein fri måte. Ingen får noko press

- ikkje på den måten som vi hadde det.

Men eg at synast når folk blir eldre, dette

med respekt for foreldre - då synast eg det

er betre i Litauen. For mor ho er mor og

du kan ikkje tenkje annleis. Ho er

liksom.. ho er sol og himmel! Sånn som

her, at folk har foreldre på gamleheim, det

skjer ikkje i Litauen.

Ei anna mor seier at det å skulle forstå

skulesystemet har vore noko av det

vanskelegaste med å kome til Noreg. Ho

forklarar:

Fordi - i alle fall for ti år sidan - hadde

lærarane i Portugal mykje makt. Det var

mange reglar. Heilt frå barnehagen blir

ein vurdert, kanskje med rød prikk og

grøn prikk. Det er reglar for alt, ein skal

alltid leggje ting tilbake på plass. Det er

veldig mykje orden og oppdraging, heile

tida. Korleis ein oppfører seg og ikkje

oppfører seg, kva som er bra og ikkje bra.

Hele dagen høyrer du om reglar, om du

gjer det godt nok eller ikkje godt nok.

Mange ting. Og så då eg kom til Noreg

var det veldig fritt. Overalt! I skulen, i

fritidsordninga. Barna var veldig frie til å

bestemme kva de ville gjere, korleis de

ville gjere det, om dei kanskje gadd eller

ikkje å rydde etter seg - det var veldig

merkeleg. Det er framleis litt merkeleg!

Ho reagerer på debatten rundt kor vidt

heimelekser er viktige eller ikkje, og slår

fast at ein slik diskusjon ville vore

utenkjeleg i Portugal. Men ho legg til:

Men - det er Noreg. Noreg er veldig sånn

- alt kan stillast spørsmål rundt. Ein må

berre venne seg til det, og akseptere det.

Dersom ein vil fungere her.

Religion

Ein dag eg var innom Fjøra Intro møtte eg

ei ung kvinne som var på randen av

utmatting etter dagens dose lærdom om

det norske samfunnet. Ho hadde besøkt ei

lokal kyrkje og fått informasjon om den

nye kjønnsnøytrale ekteskapslova, og om

at personar som lever homofilt kan bli

prestar i den norske kyrkja. Det var nesten

ikkje mogleg å snakke med ho; i dag

kunne ho ikkje ta inn meir. Ho måtte heim

og kvile.

Religion og religiøs praksis er eit felt som

kan skape utfordringar for dei som flyttar

frå eit land til eit anna. Migrasjonsforsking

viser at den religiøse tilhøyrsla

ofte kan endre seg i samband med migrasjon.

Religionen kan bli ein viktigare del

kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

av livet, fordi den blir eit forankringspunkt

for identitet i eit samfunn der mykje

er framand og ukjend. Men personars forståing

av eigen religion kan òg utvikle og

endre seg, fordi møtet med eit annleis

samfunn og andre livssyn utfordrar dei

normene og det verdsbiletet ein lærte å

kjenne i heimlandet.

Kva erfaringar har deltakarane i

Mangfaldige arkiv med dette? Kva refleksjonar

har dei gjort seg kring religion og

religiøs praksis, i samband med eigen

migrasjon? På spørsmål om kor vidt deira

livssyn, tru eller religiøse tilhøyrsle har

endra seg på grunn av at dei flytta til

Noreg, er svara ulike. Fleire svarar

bestemt nei:

Nei. Då eg kom frå Somalia var eg

muslim. Og når eg kom hit, er eg muslim.

Det er det same, seier Liban Warsame

Liban.

Frå ein annan deltakar kjem eit like klart

"ja." Ho seier:

Sjølvsagt. Fordi viss du - for å sette det på

spissen - viss du hadde budd med andre

rasar som var heilt, heilt annleis enn deg,

hadde det ikkje påverka deg og forandra

deg? Det er sjølvsagt slik. Altså, detaljar

på prosentvis, det kan eg ikkje gi deg.

Men heilt klart, ja. Og det er ikkje noko

dårlig. Det er berre at man utvidar - eg

trur eg blei eit meir komplekst menneske,

med meir forståing for andre, andre sin

kultur, andre sitt språk, andre måtar å

vere på, andre typar tankeverksemd -

altså; du blir mykje rikare enn du var før.

Og det gjer igjen at du må vurdere, og

utvide, og kanskje kaste bort nokre synspunkt

du hadde frå før. Og opne deg for

noko nytt!

Når det gjeld kor vidt deira religiøse

praksis har endra seg som følgje av at dei

flytta frå heimlandet og kom til Noreg, er

deltakarane meir samstemde. For dei

fleste har det vore endring, fordi rammene

rundt det religiøse livet er annleis der dei

bur no enn der dei budde før. For nokon

betyr det at dei går oftare i kyrkja enn før

- kyrkja har kanskje ei sentral rolle i lokalsamfunnet

der dei bur. Andre går

sjeldnare til gudsteneste, bøn eller religiøse

møte no enn før, nokon fordi det ikkje

er like lett å finne eit religiøst fellesskap

der dei bur no, andre fordi kyrkja i Noreg

ikkje organiserer storslåtte folkefester

som dei er vande med heimanfrå – der ein

gjekk like mykje for å treffe folk, som for

det religiøse innhaldet i markeringa. Ei

kvinne fortel om fellesskap på tvers av

29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!