31.10.2022 Views

Bibelgaven 4/2022

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Bibelen i hele verden

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Bibelen i hele verden

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

BIBELGAVEN I FÆRØYANE

TEKST OG FOTO: BJØRN HÅKON HOVDE / FCG/SHUTTERSTOCK

Gunnar Nattestad (51) er

frå 2016 generalsekretær

i Det færøyske bibelselskap.

– Eg er gift og har fire

barn, og for tre veker

sidan blei eg bestefar,

smiler han.

Nattestad er utdanna

innan finans, men har i

heile sin yrkesaktive

karriere vore engasjert i

kristeleg arbeid, og kom

til Bibelselskapet frå ei

stilling i Heimamissiónin

(Indremisjonen) på

Færøyane.

Eg er så glad i heile

Bibelen at det ikkje er

enkelt å løfte fram ein

særskilt tekst. Men bodskapen

i Paulus’ brev til

filipparane 2,5–11 kjem

ofte tilbake til meg.

Vi siterer her dei to siste

versa på færøysk:

«fyri at í navni Jesusar

hvørt knæ skal boyggja

seg, teirra, sum í Himli eru,

teirra, sum á jørðini eru, og

teirra, sum undir jørðini

eru, og hvør tunga skal

játta, at Jesus Kristus er

Harri, Gudi Faðir til dýrd.»

(Fil 2,10-11)

Kristendomen har ein stor plass i det færøyske samfunnet. Kyrkjene er ikkje berre viktige for trua, men som kulturberarar

og sosiale møtestader i lokalsamfunna.

– Bibelen er Guds ord,

omsetjing er menneskeverk

– Når staben består av berre to personar i halv stilling, må ein vere

innstilt på sjølv å kunne gjere alt, seier Gunnar Nattestad, som er

generalsekretær for eit av verdas minste og nyaste bibelselskap.

Vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2012 for å

finne dei første spirene til eit eige bibelselskap

på Færøyane. Fire år seinare, i 2016,

blei Det færøyske bibelselskapet teke opp

som fullverdig medlem av Dei sameinte

bibelselskapa og Gunnar Nattestad tilsett

som generalsekretær.

– Fram til 2012 var det Det danske bibelselskapet

som hadde ansvar for Færøyane,

fortel Nattestad.

14

Bibelgaven I nummer 4 I 2022

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!