31.10.2023 Views

Bibelgaven 4/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Bibelen på Cuba

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Bibelen på Cuba

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Uavhengig og sjølvstendig

I fleire tiår har det vore den såkalla

Bibelkommisjonen som har stått for utdeling

og sal av Bibelen på Cuba. Under leiing

av Alain Montano har dei gjort ein formidabel

innsats, ikkje minst med den store

aksjonen «Ein million biblar til Cuba» som

vart fullført i 2018.

Men Bibelkommisjonen har aldri vore eit

sjølvstendig bibelselskap. Sidan revolusjonen

i 1959 har det ikkje vore mogleg å

stifte nye organisasjonar på Cuba. Men

«Rådet av kyrkjer på Cuba», som er ein

protestantisk organisasjon, vart danna på

1950-talet og har heile tida vore aktivt, men

med ulik profil gjennom åra. Dette rådet

danna på 1980-talet ein kommisjon for å ta

seg av bibeldistribusjon, og etter kvart fekk

kommisjonen eit eige styre som ikkje var

medlemmer av rådet.

Men dette blir forandra ved at

Bibelselskapet no blir registrert som ei eiga

juridisk eining. Bernt G. Olsen understreka i

si tale at det nye bibelselskapet vil ha dei

same kjenneteikna som alle andre bibelselskap

i verda: Det skal vera uavhengig og

sjølvstendig, det skal femne om alle kyrkjer

som ynskjer å vera medlem, og det skal ha

same formål: å gje alle menneske Guds ord

på eit språk dei forstår og til ein pris dei kan

betale.

Ein viktig overgang

Eit teikn på

Leiaren for kontoret for religiøse spørsmål i

Sentralkomiteen på Cuba, Caridad del einskap

Rosario Diego Bello, var til stades og markerte

den viktige overgangen til sjølvstendig

bibelselskap. Det er også ho som

står for den offisielle godkjenninga av det

nye bibelselskapet.

Ho henta i si tale fram eit sitat frå Fidel

Castro (1926–2016) som ingen av dei

frammøtte hadde høyrt før: Den gamle presidenten

skal ein gong, i ei tale til legar, ha

understreka kor viktig kunnskap og lærdom

er, med følgjande sitat:

– Denne boka er for ein lege like viktig som

Bibelen er for ein prest!

Den nasjonale TV-kanalen var òg til stades

og laga eit lengre innslag om markeringa.

Innslaget gjekk på lufta i beste sendetid, og

det vart sett av anslagsvis fem millionar

TV-sjåarar.

Ordet samlar

– Dette er ein viktig dag, seier Dámaris

Gonzáles Naranjo frå Den episkopale kyrkja

på Cuba.

– Vi treng verkeleg å koma saman som

kyrkjer. For det er mykje meir som samlar

oss enn som skil oss.

Ho fortel at Bibelkommisjonen har vore ein

møtestad for kyrkjene på Cuba. Ein slik

møtestad vil det nye bibelselskapet òg

vera.

– For Guds ord er så sentralt! Det vil alltid

vera Ordet som samlar oss, og som kallar

oss til einskap, til vitnemål og til handling.

Det er ein del av Jesu bøn for oss at vi alle

skal vera eitt. Ikkje at vi skal vera like, men

at vi skal vera eitt. •

– Det at så mange

kyrkjeleiarar har

kome hit i dag,

fortel kor viktig

Bibelen er for kyrkjene

på Cuba.

Det er framleis

stort behov for

biblar på Cuba!

– Eit sjølvstendig

bibelselskap er

meir enn eit teikn

på at vi er einige –

det er eit teikn på

einskap. Og

denne einskapen

kan vi berre oppnå

gjennom å

samlast omkring

Guds ord.

Pastor Maria Armenia Yi

(Iglesia Los Amigos)

nummer 4 I 2023I Bibelgaven 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!