04.02.2013 Views

Fylkesmannens miljøvernavdeling 25 år - suksesshistorier ... - Klima

Fylkesmannens miljøvernavdeling 25 år - suksesshistorier ... - Klima

Fylkesmannens miljøvernavdeling 25 år - suksesshistorier ... - Klima

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

ROGALAND

Strendene alle vil ha en del av

Jærkysten ved Orre. (Foto: Audun Steinnes.)

FAKTA:

Jærstrendene:

Verneområdet er 70 km langt,

opptil 650 meter breitt, totalt 13,3

km 2 fastland og 4,1 km 2 øyar. Verna

sjøareal utgjer 78,7 km 2 .

Sanddynene utgjer omlag 6,8 km 2 ,

resten er skjergard, bergstrand, rullesteinstrand

og moreneklippestrand.

Verneføremålet er å ta vare på eit

eigenarta natur- og kulturlandskap

med geologiske, botaniske, zoologiske

og kulturhistoriske verdiar.

Området er trekk- og overvintringsområde

for tusenvis av sjø- og vadefuglar.

Eit sørvestleg oseanisk klima

og tildels kalkrike sandstrender gir

grunnlag for ein flora av nasjonal

verdi med tilhøyrande rik insektflora.

Området har nærare 500 grunneigarar

(gardsbruk og hytter).

Utfordringane er store for å få til

naudsynt tradisjonell bruk av kulturlandskapet

og samstundes unngå

uheldige bruksendringar og inngrep.

Kvart år vert det registrert mange

brot på forskrifta, t.d. ulovleg avfallsdeponering,

oppgjødsling, dyrking

og motorferdsle.

ROGALAND: Alle vil ha sin bit av

Jærstrendene, både bønder og reiselivsfolk,

surfarar og turgåarar, kunstnarar

og hestefolk. Folk er stolte av denne

kyststripa. Arbeidet med vern, sikring,

skjøtsel og forvaltning av Jærstrendene

kan stå som det fremste eksemplet på

kampen for å verne det biologiske

mangfaldet, eit eldgammalt kulturlandskap

og ikkje minst – eit friområde for

meir enn 500 000 besøkande kvart år.

Det blei etablert første gong i 1977,

på ny i 2003, og er det mest besøkte

verna området i landet. I meir enn 25

år har miljøvernavdelinga arbeidd med

å få kontroll med brot på vernereglane,

skjøtsel, tilrettelegging osb. Eit kontinuerleg

arbeid som i 2008 vil munne ut

i ein ny, konkret forvaltningsplan.

Låg-Jæren er eit eigenarta slettelandskap,

ei kystslette nedforkasta i høve

grunnfjellet i aust og sidan pålagra

store mengder lausmassar avsett i sjøen

eller frå isen under siste istid. Området

ligg lågare enn 200 meter over havet.

Gjennom fleire tusen år er det dyrka

opp til eit av dei mest produktive jordbrukslandskapa

i Norden. Plasseringa

lengst sørvest i landet, produktive låglandsareal

og lang kystlinje i ei hovudrute

for trekkfugl, gjer regionen rik på

naturverdiar.

Innanfor, men som del av det verna

området, finst Jæren våtmarksystem

med samla 22 reservat for våtmark,

myr og fuglefredingsområder. Desse

områda fekk nylig status som RAMSARområder,

og er med det knytte til den

internasjonale konvensjonen for vern av

spesielt verdifulle våtmarksområde.

Dette inneber ei høgthengande verdisetting

og stort ansvar for ei god forvaltning

av verneføremåla for reservata.

Grunngjevinga

for RAMSAR-statusen:

”Jæren våtmarksystem er utan samanlikning

det viktigaste enkeltståande

våtmarksystem for fugl i Noreg. Dette

gjeld spesielt som raste- og overvintringsområde,

ikkje minst for svaner,

gjess og andefugl. Talet på vadarar og

vassfugl er jamleg over 20.000 individ.

Store sjøområde med tareskog er viktige

for sjøfugl, og tare som har drive i

land langs Jærkysten er fødegrunnlag

for svært mange trekkande vadarar.

Både nasjonalt og internasjonalt truga

artar held til i området, så som sørleg

myrsnipe, sørleg engelsk gulerle, lappfiskeand

og åkerrikse (viktigaste område

i landet).”

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!