29.07.2013 Views

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Reportasjer Reportasjer

Spennande oppfølging av møta på Elieser:

Elieserkvelder i Kvalsvik og Moltustranda

Av Andre Sætre og Håkon C. Hartvedt

Samling med sterkt åndeleg fellesskap og innhald på Kvalsvik og Moltustranda bedehus

har følgt i kjølvatnet etter den lange perioden med møte om bord i Elieser.

I fjor sommar og utover hausten vart «Elieser 6»

liggjande i Herøy i over 4 månader, og det vart halde

over 70 møtesamlingar om bord. Det var jamt

mykje folk som gjekk på møta, og samlingane vart

så velsigna gode og viktige for mange at det har

«sett spor» i forsamlingane rundt om i kommunen

og heile området utover øyane.

Etter at Betelskipet segla av garde, vart det mellom

dei som gjekk mest på møta, snakka om at ein

måtte prøve å få til samlingar som likna på møta

om bord i «Elieser». Dette for å ta vare glød og entusiasme

for misjonsarbeidet, men også for å halde

vedlike noko av den gode ånd, forkynning og song

som var på møta om bord. Så kan ein glede seg

ekstra mykje til neste gong «Elieser 6» kjem på

besøk.

Den første «Elieserkvelden» vart halden i Kvalsvika

i januar.Det var eit forrykande uvær

den kvelden, men ei fin og god samling der Harry

Andersen tala og song.

Moltustranda

Fredag 24 februar var det «Elieserkveld» igjen på

Moltustranda bedehus. Det store bedehuset var

koseleg med småbord og levande lys. Det var både

unge og eldre til stades, og om lag 70 personar

kom og fylte opp salen.

Arild Moltumyr ynskte velkomen med vers frå

Koloss.4,2-3 og leia samlinga med stø hand. Vi

fekk herleg evangelisk song av «Godt Bodskap»

18 Trygg Havn - nr. 04 - 2012

som mellom anna song: «Hele himmelen er åpen

over meg» og «Atter og atter jeg manes av Ånden»

pluss fleire barnesongar til ære for borna som var

møtt fram.

Harry Andersen fekk også bære fram nydelege

songar som: «Eg har møtt Jesus Krist, mannen frå

Gallile», «Et menneske er jeg, min vei kan bli tung,

og «Jag har en venn jag elskar meir enn andra»

Han song også fine barnesongar.

Buffet

Det var dekka med ståande buffèt, og det var eit

stort utval av dei finaste smørbrød, gode kaker, vafler

og sveler. Ingenting mangla, og det var heilt

i tråd med det som skjer om bord i «Elieser».

Damene frå Gjerdsvika og Moltu hadde verkeleg

gjort seg mykje føre med oppdekkinga. Den gode

angen av nytrekt kaffi og den summande lyden

av godprat la seg etter kvart som eit slør over den

store forsamlinga.

Etter matøkta heldt misjonssekretæren andakt

over teksten i 1.Pet. 2,1 -10: «Kom til Han, den

levande steinen, som nok vart vraka av menneske,

men er utvalt og dyrverdig for Gud». Han la

forsamlinga sterkt på hjartet at i dag er nådens dag.

I dag er Gud å finne. Den som ikkje har gjeve seg

over til Jesus må gjere det i kveld. Ikkje utsetje det

til seinare. Sætre understreka også kor viktig det

er å få bruke den nådetida vi har igjen til å drive

misjon og vinne sjeler for himlen. Han nemnde

også kor viktig reiskap «Elieser» er, for der kjem

det ofte om bord møteframande og folk som ikkje

har teke imot frelsa. Så kan dei få høyre seg frelst

om bord.

Både Harry Andersen og «Godt Bodskap» var

frampå og song igjen før ordet vart gjeve fritt.

Fleire var då oppe og vitna om kva dei hadde

opplevd med Jesus, eller trekte fram songar som

hadde betydd mykje for dei. Arild Moltumyr runda

av samlinga og takka alle som kom, og også

alle som hadde arbeidd med å få til denne fine

«Elieserkvelden».

Musikklaget «Godt Budskap».

Marit Seljehaug styrar på Sørheim

Så song vi fellessongen:»Jesus kjær,vær meg nær

Og livets vei mitt hjerte lær», før vi avslutta samlinga.

Det var i det heile ei samling som minte mykje

om dei vi har om bord i Betelskipet. I misjonsgåve

kom det inn rundt 4000,- kr.

Misjonen takkar alle venene i Kvalsvika, Gejrdsvika

og på Moltu for dei gode «Eliesersamlingane» dei

har laga til.

Litt av matbordet på Elieserkvelden.

Marit Seljehaug frå Averøya er tilsett i 20% stilling som styrar på Sørheim Leirsted, Averøy. Ho er tilsett frå

1.april. Det er tidlegare gjort vedtak i Landsstyret om å tilsetje styrar i 20% stilling. No har kretsstyret funne

rette kandidaten, og vedteke å tilsetje ho.

Trygg Havn - nr. 04 - 2012 19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!