15.09.2013 Views

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

Stor pågang ved Ulstein Verft

Utfordringar med

dobla arbeidsstokk

Nest etter boligriggen på Ormen Lange anlegget på Aukra

driv kanskje Ulsteinkonsernet Møre og Romsdals største

overnattingsbedrift hausten 2005 og i tida framover. 230

arbeidarar må ”hussjef” Ole Kristian Vidnes skaffe sengeplass til.

- I den seks år gamle boligriggen vår har

vi plass til 88. 40 får sengeplass i ein litt

mindre rigg av same slaget som vi har leigd

inn i haust, 44 får plass på Herøy hotell i

Fosnavåg og 15 får rom på gamlehotellet i

Ulsteinvik, ramsar han opp. I tillegg leiger

Ulstein Verft og Ulstein Elektro inn eit stort

tal bustadar i området.

Sjølv om det er utfordringar knytt til å ha

eit stort tal leigearbeidarar frå mange land

og mange fi rma skryt Vidnes av dei som

kjem til Ulsteinvik for å arbeide.

FUNGERER GODT

- Vi set krav til korleis vi vil ha det i

bustadane vi disponerer, og dei som kjem

vil også ha klare reglar og ordna forhold.

Om lag halvparten av dei innleigde arbei-

darane ved verftet er utanlandske. Mange

er polske, men det er også ein stor kontingent

danske elektrikarar og svenskar. Av dei

norske gjestearbeidarane kjem største delen

frå Trøndelag og Sogn og Fjordane.

Fire damer har ansvar for å halde reint i dei

to brakkeriggane. Rom og fellesareal vert

vaska ein gong i veka og sengety skifta kvar

14. dag. Det er same rutiner som på dei

fl este andre boligriggar i Noreg.

I boligriggane disponerer arbeidarane

einerom med dusj, dei har eigen kjøleskapsplass,

felles kjøkken og felles opphaldsrom.

SKJEMAVELDE

Også for personalavdelinga vert det mykje

ekstraarbeid med 350 innleigde arbeidarar

ved verftet.

ULSTEIN I DAG NR. 2/2005

Reinhaldarane på brakkeriggane

er alle utstyrte med

handlaga namneskilt. Det er

Wenche Markussen som står

bak dei kunstferdige skilta.

Bøtteballetten i sving med

å gjere det triveleg for

gjestearbeidarane som bur

på boligriggen. Frå venstre

Wenche Markussen, Vigdis

Støylen, Liv Hilde Røyset og

Lillian Røyset.

- Papirarbeidet er omfattande, fortel

personalleiar Vidar Fosse ved Ulstein Verft.

Særleg er det knytt mykje arbeid til

registreringsarbeidet vi må gjere overfor

Sentralskattekontoret for utanlandssaker.

Vi må sende inn skjema til dette kontoret

på alle arbeidarar som ikkje er norske statsborgarar.

Nokre fi rma er fl inke til å gje oss

dei opplysningane vi treng, men frå nokre

mindre fi rma som har arbeidarar ved verftet

må vi sjølve legge ned ein del arbeid i å få

tak i alle opplysningane vi treng.

- Vi arbeider no med å lage oss gode rutinar

og faste prosedyrer for å følgje opp dei

utanlandske arbeidarane, men med så

mange gjestearbeidarar som vi no har er

det krevjande, seier Vidar Fosse.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!