15.09.2013 Views

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

I N F O R M A S J O N S M A G A S I N F R ... - Ulstein Group

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

6

Ulstein Elektro AS

- Kjekt å vere jente, berre

vi ikkje vert for mange

- Vi tenkjer ikkje på at vi er jenter på ein arbeidsplass med

nesten berre mannfolk. Vi har ein heilt naturleg omgangstone

med kollegane våre og trivst kjempegodt på jobb.

Det er montørane Hanne Notøy og Anne

Gyllensten som seier dette. Dei har 17 og

15 år bak seg ved Ulstein Elektro, og

hevdar at dei båe har planar om å halde

ut til pensjonsalderen kjem ein gong der

langt framme.

GODT YRKESVAL

- På ungdomsskulen fekk eg eit hefte om

ulike yrkesval. Kryssa ut dei som ikkje var

aktuelle og stod igjen kun med elektrikar.

Litt tilfeldig, trur eg, men eg har ikkje angra

på at eg tok til som ung lærling ved Ulstein

Elektro for 17 år sidan, seier Hanne som dei

siste åra også har vore bas for si gruppe.

- Eg var over 30 år då eg gjekk teknisk

skule og fekk jobb som hjelpearbeidar ved

Ulstein Elektro. Seinare vart det fagbrev og

montørjobb. Eg har heile tida vore fascinert

av dette yrket, seier Anne.

Av rundt 70 montørar som no er tilsette

ved Ulstein Elektro er det berre desse to

som er kvinner. Ei til som er lærling har for

tida permisjon. Innan mekaniske fag ved

Ulstein Verft er ikkje fordelinga på kjønna

mykje betre.

MJUKAR OPP

- Vi opplever ikkje nokon mannskultur med

grove ord og negative haldningar til damer.

Eg trur faktisk det mjukar opp kulturen med

jenter på arbeidplassen, meiner Anne.

- Vi vert handsama som dei vi er, om vi er

damer eller menn, meiner Hanne.

Reaksjonar på yrkesvalet møter dei derimot

meir av utanfor verftsområdet.

- Også i 2005 er mange menneske overraska

når eg fortel at eg arbeider som elektrikar,

ULSTEIN I DAG NR. 2/2005

og vi ser at det framleis er få unge

kvinner som vel ein slik utdanningsveg,

fortsett Hanne. Mange av dei som har

teke elektrofag ved vidaregåande skule

har teke andre yrkesvegar seinare.

TEAMARBEID

- Det er ikkje tyngre å vere elektrikar enn

sjukepleiar slik fl eire av venninnene mine

er. Vi er godt hjelpte med utstyr og arbeider

i team når det er tunge tak, seier ho.

Begge dei to ser gjerne at det kjem fl eire

jenter ved Ulstein Elektro og Ulstein Verft,

men ikkje for mange.

- Blir det for mange av oss vert det ”klikkar

og systuer”, og det vil vi ikkje ha, seier dei

to elektrikarane med trykk i stemma.

Hanne Notøy (t.v.) og Anne Gyllensten trivst

godt som montørar ved Ulstein Elektro.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!