19.12.2013 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

7 Innleveringsmapper

7.1 Forstå innleveringsmapper

I Fronter sine arkiv lagar vi mapper som vi legg innhald i. Desse mappene brukar vi oftast til å

dele innhald og informasjon mellom mange partar. I ein opplæringssituasjon hender det at

ein treng ein arena der berre den lærande og rettleiar/lærar har tilgang. Her kjem dei

spesialtilpassa innleveringsmappene inn.

Desse mappene skil seg visuelt frå dei andre mapper ved at dei har ei blå pil oppe til høgre på

ikonet sitt . Det spesielle med desse mappene er tre ting: a) Det er rom for at læraren

kommenterer arbeidet. b) Innleveringa vert registrert i porteføljen til ein student. c) Elevane

ser ikkje kvarandre sine innleveringar. Læraren ser sjølvsagt alle innleveringane.

Når ein jobbar i grupper kan ein

elev/student levere eit produkt på vegne av

ei gruppe. Alle i gruppa får då tilgang til å

sjå både det innleverte produktet og

kommentarar frå læraren. I biletet til høgre

er det ”Brukar for Ekspirementering” som

leverer ei oppgåve på vegner av seg sjølv og

OleDoleDoffen Duck.

Fristar for innlevering fastset ein i det ein

opprettar ei slik mappe. Desse kan sjølvsagt endrast i etterkant. Ver klar over at om ein utvidar

innleveringsfristen for til dømes to elevar, ved å gi dei eksklusiv rett til innleveringsmappa,

misser dei andre elevane høvet til å sjå på sine innleveringar og eventuelle kommentarar frå

lærar. Innleveringane forsvinn også frå dei andre elevane sine porteføljar.

Ein kan setje tidspunkt for når ei mappe skal opne, når ho skal stengje og når elevar/studentar

skal verte varsla om at fristen er i ferd med å gå ut. Når mappa ikkje er open er ho merka med

”ikkje aktiv” og elevar/studentar kan då berre lese innhald i ho, ikkje flytte, slette eller

overskrive innhald. Når varslingstidspunktet kjem får ein på ”Min Dagens” opp ei melding

om kor lang tid det er att før mappa stengjer.

Som lærar kan ein plassere ei oppgåve i mappa som alle studentane/elevane finn øvst oppe.

Her kan ein også legge retningslinjer, rettleiingar og liknande som høyrer til innleveringa.

Dette gjer ein ved hjelp av knappen

. Denne knappen ser berre læraren.

7.2 Bruke Innleveringsmappe.

Kva ein kan gjere i innleveringsmapper er naturleg nok avhengig av kva rolle ein har i høve til

innleveringa. Ein lærar kan lage klar mapper, presentere oppgåver, kommentere og vurdere

innleverte produkt.

Ein elev kan levere sitt produkt anten for seg sjølv eller gruppa si og lese kommentarar og

vurderingar han har fått.

28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!