19.12.2013 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kommentar (b) er ei tekst som høyrer til ein tekstdel, utan å skulle vere ein del av teksten.

Redigere (c) er å endre teksten. Ein må slå på denne funksjonen for å gjere meir enn å lese og

leggje til nye tekstdelar.

Låse avsnitt (d) hindrar at andre kan endre avsnitt i teksta. Dette kan ein gjere for å hindre

andre i å endre på ein tekstdel medan ein endrar på den sjølv.

9.1.3 Dette ser du

I øvste del av

fellesdokumentbiletet (1) viser

informasjon om dokumentet, i

nedste del innhaldet i

dokumentet(2).

Du kan leggje til nye tekstdelar

ved å klikke på knappen for nytt

avsnitt (d). Eit bilete kan setjast

inn med knappen ”Set inn bilete”

(e).

Om du kryssar av for ”Rediger”

(a) i toppen av biletet visast

informasjon for kvart avsnitt. Du

må ha ”Rediger” avmerka for å

kunne gjere endringar i

dokumentet (flytte avsnitt, slette

avsnitt, endre avsnitt). Nye avsnitt kan leggast til utan å vere i redigeringsmodus. Når du

klikkar på ”Endre” eller ”Nytt avsnitt” opnast tekstdelen i Fronter sin eigen vesle

tekstbehandlar(Editoren), og du kan gjere dine endringar. Du får altså ikkje opp din eigen

tekstbehandlar (f.eks. Word), noko som gjer at dei som skal jobbe i saman ikkje treng å ha

same programvare installert på PC-en. Alt skjer i Fronter.

Det er ikkje lurt å gjere endringar i dette dokumentet utan at du er kopla til Internett. Om du

like vel vil gjere det, til dømes på bussen eller på hytta, må du først overføre teksten du skal

jobbe med til din eigen datamaskin. I slike tilfelle kan det vere nyttig å låse (enten ved hjelp av

hengelåsen (c) eller ved ”Lås alle” på toppen av biletet (a)) den delen av teksten du ”har teke

med deg” slik at andre ikkje endrar den medan du jobbar med den. På din eigen datamaskin

kan du gjere endringane i den tekstbehandlaren du nyttar til vanleg. Når teksten er ferdig

redigert må du overføre den til fellesdokumentet att. Då må du vere kopla opp mot Internett.

”Overføringa” frå din PC til Fronter kan t.d. være at du brukar klipp og lim funksjonen frå

dokumentet på din PC til dokumentet i Fronter.

9.2 Dette kan du gjere

Ved oppgåveskriving er det vanleg at ein skriv kvar sin del av oppgåva, for så å setje delane

saman til slutt. Denne måten å jobbe på fører lett til eit dokument der dei ulike delane ikkje

byggjer på, eller samsvarar særleg godt med, kvarandre. Fellesdokument kan i eit slikt arbeid

sikre at oppgåva heng betre saman. Høvet til å kommentere kvarandre sitt arbeid undervegs er

også til god hjelp i prosessen.

38

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!