19.12.2013 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2 Fronter

2.1 Forstå tanken bak

Kunnskap gjennom samarbeid er Fronter AS sitt motto. Ein av dei viktigaste grunnane til å

nytte Fronter er at systemet aukar brukarane sin fleksibilitet med tanke på tid og stad. Ein kan

ved hjelp av Fronter dele informasjon med andre personar i systemet frå kvar ein vil og når ein

vil, berre ein har ein datamaskin med Internettilkopling tilgjengeleg.

2.1.1 Omgrep

Rom i Fronter representerar ofte grupper av personar. Det er ikkje uvanleg at klassa di har eit

rom, kvart av faga dine sine rom, kollokviegruppa di eit rom, studentlaget eit rom og

administrasjonen eit siste rom.

Verkty er noko du kan bruke i eit rom. Dei tilgjengelege verktya i eit rom utgjer rommet si

innreiing. Innreiinga er det du har tilgjengeleg av hjelpemiddel. Verkty finn du ofte til venstre

i rommet, eller du finn dei i eit arkivverkty i eit rom.

Brukarnamn kan du sjå på som ditt minibankkort, og passordet som di pin-kode. Ein treng

både kort og kode for å få tilgong til pengane dine. I Fronter er det brukarnamnet og

passordet i kombinasjon som gir deg tilgang til dei romma du skal ha tilgang til. Prosessen

med å få tilgang til eit datasystem ved hjelp av brukarnamn og passord kallast å logge seg på.

I Fronter er brukarnamnet ditt offentleg, noko som gjer at du må passe ekstra godt på

passordet.

2.1.2 Dette ser du

Når du loggar deg på Fronter

med brukarnamn og passord

vil du komme til di eiga

startside (1). Fronter sitt

skjermbilete er delt opp slik at

det området som her er merka

med (1) inneheld informasjon,

medan felt (2), (3) og (4)

inneheld navigasjon – altså vegane til informasjonen som skal visast i felt (1).

I øvre kant av biletet (2) er det eit område der du har symbol, også kalla ikon, med ei tekst

bak. Denne linja er alltid tilgjengeleg, og gir enkel tilgang til dine personlege verkty. Denne

lina syner i realiteten verktya i ditt personlege rom.

Det som kjem frem når du klikkar på desse ikona er det berre du som har tilgong til. Her finn

du di personlige vising av felles ressursar, slik som til dømes kalenderavtalar som er kopla til

rom du er med i, og privat informasjon slik som e-post.

I underkant av den personlege verktylinja ligg romeveljaren. Det er den nedtrekkslista det står

”Rom” framfor (3). I denne står det ”Vel...” noko som indikerar at du enno ikkje har valt eit

arbeids- eller klasserom. Ved å klikke i boksen eller på nedoverpila i enden av boksen (a) vil

det kome til syne ei liste der romma du har tilgang til er lista opp (sjå neste side). Du går til eit

rom ved å klikke på det i denne menyen. Vær merksam på at dei felta som er grå ikkje er rom,

men korridorar som er oppretta for å organisere romma. Desse er tome, og det er difor

nyttelaust å klikke på dei.

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!