12.01.2014 Views

200906 - Høgskulen i Volda

200906 - Høgskulen i Volda

200906 - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

10

NYHENDE Næravisa - onsdag 20. september 2006

Gunhild håper nokon vil leie Dokfilm

I dag går søknadsfristen for styreverv i Den Norske

Dokumentarfilmfestivalen ut.

HANNE LØVIK KIRKNES

kirknes@hivolda.no

Dokumentarfilmfestivalen manglar søkarar til fleire

stillingar. Men det er heilt vanleg. Særleg leiarvervet er

det liten søknad til. Informasjonsanvarleg Geir Holen

forstår at nokon kan syns det er skummelt å ha hovudansvar

for ein heil festival.

– Eg tykkjer ikkje det er noko å vere redd for. Det er

Leiar: Gunhild Gjølstad Skarstein meiner ledervervet ikkje er noko å vere redd for.

Foto: Dokumentarfilmfestivalen i Volda)

sjølvsagt mykje arbeid, men dei andre verva er òg

veldig arbeidskrevande, seier avtroppande leiar,

Gunhild Gjøstad Skarstein.

Geir Holen meiner dei viktigaste eigenskapane er ståpåvilje

og eit ønskje om å lage den beste dokumentarfilmfestivalen

nokon gong. Før fristen gjekk ut mangla

dei òg søkarar til andre verv.

– Vi har nok kandidatar til å fylle eit heilt styre, men

vi vil gjerne ha fleire å velje i, seier Holen.

– Dekning er ikkje nok

Heidi Myhre tek med seg eine sonen til Ørsta. For trass i god barnehagedekning fekk sønene hennar

plass i to forskjellige barnehagar i Volda.

EMBRIK RUDNINGEN

rudninge@hivolda.no

Trebarnsmora reagerte på eit oppslag

i Næravisa førre veke som

handla om den gode barnehagedekninga

i Volda og Ørsta. Ho vil

påpeike at god barnehagedekning

ikkje nødvendigvis fører til like

gode løysingar for alle. Heidi og

mannen søkte om å få sønene på

eitt og fire år inn i den same barnehagen.

Etter opptaket vart ungane

plassert i kvar sin, då kommunen

ikkje klarte plassere dei i same. I

tillegg har dei ein son i fyrste klasse

på skulen.

Løysing i Ørsta

– Dermed er det ein kabal på tre

som skal gå opp, og det ville vorte

vanskeleg dersom eg skulle ha

køyrt og henta på tre ulike stader

kvar dag, fortel Heidi. Mannen er

borte i jobb to veker i slengen og

sjølv jobbar ho i barnehage i Ørsta.

Det vart òg løysinga:

– Eg har heldigvis ein snill sjef

som let minstemann få plass i barnehagen

eg jobbar i, fortel Heidi.

Syskenrabatt

Problemet med denne løysinga er

at dei ikkje får syskenrabatt - noko

dei ville ha fått dersom barna var i

barnehagar i same kommune.

– Det er snakk om nokre tusen i

året, så me håpar verkeleg at dei

kan gå i same barnehagen neste år,

seier Heidi. Ho understrekar at ho

er veldig nøgd med barnehagane i

Volda og dei tilsette der. Det er barnehageopptaket

ho er misnøgd

med, men legg til at ho trur dei gjer

så godt dei kan. I tillegg til at det

blir ekstra henting og køyring ved

fleire barnehagar peikar Heidi på at

det blir ekstra møter, dugnadar og

ting ein må forhalde seg til.

Stappfullt

Barnehagesjef i Volda, Reidun

Klepp Nilsen, seier at dei så langt

som råd prøver å plassere sysken i

same barnehage dersom foreldra vil

det.

– Men er det ikkje plass, så er det

ikkje plass, seier ho. Ho fortel at

dette ikkje rammar så mange, og

reknar med at dei syskena dette

gjeld vil bli plassert saman neste år.

LØYSING: Heidi Myhre tek med sonen Sigurd på eitt år til barnehagen ho jobbar for i Ørsta. (Foto: Embrik Rudningen)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!