You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Næravisa - onsdag 20. septemberr 2006 REPORTASJE

9

REKRUTTERING: Vera (2) var med pappa Pål og flaug då ho var

eitt år, og ny tur er planlagd. – Men då må det skal vera heilt

perfekte forhold, understrekar han.

HEFTIG SVEV: Pål Rognøy viser akrobatkunstar i lufta.

Røykboksen visualiserer flygeturen for tilskodarane og gjer

jobben lettare for dommarane.

campingliv

nsvika inst i Dalsfjorden i helga.

nds og til vanns, men mest i lufta.

var eitt år gamal, men ho sovna

etter fem minutt, fortel han.

Karane går til dei to bilane som

skal frakta dei til toppen av fjellet.

Utstyret er ferdigpakka, 16 svære

ryggsekkar får plass i hengjarane.

Høgdeskrekk

Det er berre gutar som driv med

akroflyging, men blant telta finst

det enkelte feminine innslag. Med

hettegenserar.

Hanna R. Lekve, Sif Torsdottir og

Birte Ottesen har kome frå Voss og

håper å få seg ein flytur seinare,

førebels lever dei det søte leirlivet.

– Me er med for å sjå på konkurransen,

heia og kanskje mest for å

vera sosiale, fortel jentene.

Hanna og Birte har teke paraglidingkurs

tidlegare i år. Sistnemnde

har døypt skjermen sin Betty.

Begge jentene har høgdeskrekk.

– Men når du sit der i selen med

skjermen over deg, då er du fri

som fuglen. Det er ei fantastisk fridomskjensle

og utruleg moro. Eg

har høgdeskrekk når eg står i toppen

av ein stige, men ikkje når eg

kjem så høgt opp, forklarer Hanna.

Klokka nærmar seg halv elleve,

når sjølve konkurransen skal starta.

Frå høgtalarane lyder ”I´d

Rather Dance With You”. Jentene

følgjer oppfordringa.

Luftige svev

Første paraglider er i lufta.

Tilskodarane brukar hendene til å

skugga for sola og bakgrunnen for

oppvisninga er himmelblå. I første

øving, helikopter, skal piloten

svinga rundt sin eigen akse minst

tre gonger. Neste, wingover, går ut

på og fly frå side til side. Den siste,

som gjorde hunden så lei seg og

som ingen visstnok øver på, heiter

tailslide og då må piloten fly bakover

i minst tre sekund.

– Det er rart at dei ikkje blir svimle,

er kommentaren frå ein av dei

lokale som har kome for å sjå.

Det er action i Steinsvika, ein flygar

landar nesten blant telta, bergensaren

Fridtjof kastar reserveskjermen

og landar i fjorden. Pål

med gliset, derimot, landar respektabelt

der han skal.

– Korleis gjekk første omgang?

– Får eg sei ræva, svarer han på

klingande stavangerdialekt, framleis

smilande.

På grunn av låg høgde kan pilotane

berre gjera tre øvingar kvar

flytur og då blir kvar av dei veldig

viktig. Pål sitt “helikopter” gjekk

nesten ikkje rundt.

– Men det er jo fantastisk ver her i

dag då. På den andre sida, i fjor

var det dårleg ver, men me storkosa

oss likevel. Det er nok noko

med oss, konstaterer han.

Og rapportar frå avslutninga av

konkurransen seier at gliset frå

Rogaland tok sigeren heim trass i

ein dårleg første omgang.

FARGERIKT: Kvar paragliderskjerm har fleire hundre trådar som

må haldast styr på.