Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
14

KULTUR Næravisa - onsdag 20. september 2006

100 år frå perm til perm

INVITERER TIL FEST: Volda Husflidslag inviterer til hundreårslag i helga, med boklansering, fest og utstilling av ulike husflidsprodukt. Frå venstre: Leiar Ragna Driveklepp,

tidlegare leiar Dagrun Bjerke Torvanger og Kirsten Magni Døvre Bang. (Foto: Birthe Johanne F. Finstad)

Volda Husflidslag

feirar 100-

årsjubileum

denne veka, med

boklansering i

morgon og

utstilling i helga.

BIRTHE JOHANNE F.

FINSTAD

finstad@hivolda.no

– Det er viktig å ta vare på dei

gamle tradisjonelle handverkskunstane

som no forsvinn ut frå

både skulen og heimane, meiner

Dagrun Bjerke Torvanger,

tidlegare leiar i husflidslaget og

ansvarleg for jubileumsboka.

Laget har som mål å ta vare på

gamle teknikkar og føra desse

vidare. Dei har per i dag rundt

90 medlemmar, men har nokre

nye som ikkje er registrerte

enno. Dei håper å runda 100

innan laurdag.

Boklansering

Torvanger meiner vidare at

samfunnet per i dag er bra oppdatert,

men at det er viktig å

tenkja framover og sikra teknikkane

for framtida. Dette er noko

av tanken bak boka som kjem

no.

– Det er eigentleg ei artikkelsamling,

sidan me er så fattige

er me avhengige av frivillige forfattarar.

Redaktøren har vore

påtroppande kultursjef i Volda

kommune, Gunnar Andenes, og

fremst i boka har me fått ei helsing

frå Norges Husflidslag, fortel

ho.

Tjuvtitt

Boka kjem til Volda i morgon og

blir lansert same dag, rykande

fersk. Næravisa fekk ein tjuvtitt

på omslaget, som er designa av

Kirsten Magni Døvre Bang. På

baksida står den korte teksten

”Ei tid var, ei tid kjem. Arven går

vidare...”, som symbol for noko

av husflidslaget sin gjerning.

– Boka er delt inn i tre bolkar,

den første tek føre seg av laget

si soge og kortversjonen av historia

til Norges Husflidslag og

fylkeslaget i Møre og Romsdal.

Den andre viser fram levande

husflid i Volda i dag og den siste

trekk fram personar som har

vore viktige for laget dei 100 åra

det har eksistert, seier ho.

Storslagen feiring

Sjølve jubileumsfeiringa finn

stad i helga, når husflidslaget

slår på stortromma med utstilling

og fest i samfunnshuset.

Utstillinga er gratis og vil visa

husflid og kunsthandverk frå

lokalmiljøet. Ein sentral person

vil vera biletvevaren Birte Flote,

som i si tid var med å starta

laget og som har laga veven

som heng rundt altaret i Volda

kyrkje.

– Me har i dei seinare åra drive

med rekonstruering av gamle

folkedrakter frå Volda på 1800-

talet. Desse eldste, men samstundes

nyaste bunadane, vil òg

bli viste fram på utstillinga, fortel

leiar Ragna Driveklepp.

Laurdag kveld er det open fest

med middag, kaffi, talar, musikk

og program. Festen krev påmelding

for at husflidslaget skal

kunne stilla med nok mat. Og

programmet er førebels hemmeleg.

– Men me kan vel røpa at det

dreiar seg om noko

kunstnarleg, smiler Torvanger.

Husflid i tida

Volda Husflidslag vart skipa i

1906, fire år før Norges

Husflidslag såg dagens lys. Det

første styremøtet vedtok lovene

og i paragraf ein står det: ”Laget

hev til maal aa vekkja og styrkja

hugen til husflidsarbeid i

Volden”. Torvanger er tidlegare

lærar og reagerar på at det i

dag ikkje blir undervist i strikking

i skulen.

– Før lærte ungane å strikka i 3.

klasse, no lærer dei det ikkje

viss dei ikkje er interesserte

sjølve, påpeikar ho.

Ragna Driveklepp seier at brodering

og strikking har vorte

populære aktivitetar dei siste

åra og at dette er positivt.

– Ja, på eit møte her for ei

stund sidan møtte eg ein liten

gut som sat og strikka. Eg spurde

kvar han hadde lært det. Då

fortalde han at det hadde han

lært på skulen, heile klassen

hadde bestemt seg for at det

ville dei gjera, fortel Torvanger.

JUBILEUMSSKRIFT: Boka kjem frå trykkeriet torsdag, men her er

ein tjuvtitt på omslaget. (Foto: Birthe Johanne F. Finstad)

Dyrebutikk utvidar

Sidan dyrebutikken på Nordfjordeid

vart lagt ned i sommar, har

Biologen Zoo i Volda overteke

kundemassen i Nordfjord.

– Vi har i lengre tid merka interesse

for varene våre der, og no har

vi lagt opp til å yte betre service

enn før, seier Ina Glomstad.

– Vi tek imot bestilling. Så køyrer

vi inn til Nordfjordeid og leverer

ut varene ein gong i veka, Ifølgje

Glomstad er det enklare for dei på

dyrebutikken å køyre til

Nordfjordeid med ein bil, enn at

alle derifrå skal køyre til Volda for

å handle.

– I tillegg er det mange som ikkje

har tid til å kome seg hit før

stengetid, fortel ho.

Over nyttår skal Biologen Zoo få

eiga heimeside, som skal gjere det

enklare for kundane å bestille

varene dei har lyst på.

Til NM i

stein, saks, papir

Volda-studenten Geir Holen frå

Vikersund skal til Oslo for å delta

i Noregsmeisterskapet i stein,

saks, papir. Spelet går ut på at

elementa stein, saks og papir vert

bytta ut med standardiserte handteikn.

Holen kvalifiserte seg til

NM på Rokken i august der han

vart kåra til Volda- og Møre og

Romsdalmeister i greina.

Vinnaren i Oslo 23. september får

ta turen til VM i Canada i

november.