12.01.2014 Views

Næravisa - Høgskulen i Volda

Næravisa - Høgskulen i Volda

Næravisa - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Næravisa - Fredag 21.02.2003

KULTUR 13

Margreth Olin og Marie Takvam til

Dei Nynorske Festspela

Filmskaparen Margreth Olin (32) og forfattaren

Marie Takvam (76) besøker Volda og Ørsta

under Dei Nynorske Festspela som blir arrangert

i juni.

ELIN HARSTAD IVERSEN

- Margreth Olin blir festspelkunstnar,

medan Marie Takvam

blir festspeldiktar. Eg er stolt over

å ha desse to modige kvinnene

som frontfigurar på festivalen,

seier programansvarleg Janne

Karin Støylen ved Nynorsk

kultursentrum.

«Det å kome Heim»

Dei Nynorske Festspela 2003 vil

bli avvikla frå 25.-29.juni, med

rundt 50 ulike arrangement. Temaet

for festivalen blir truleg ”Det

å kome heim”, noko begge desse

kvinnene gjer. Margreth Olin er

fødd på Stranda på Sunnmøre, og

bur no på Notodden. Marie

Takvam vaks opp ved Hjørundfjorden,

men har levd det meste

av sitt vaksne liv i hovudstaden.

- Under Dei Nynorske

Festspela vil vi arrangere fleire

program knytt til Marie Takvam

sitt liv og forfattarskap. Ho kjem

hit så sant helsa er god. Det er litt

usikkert enno, seier Støylen.

Takvam har sidan 1952 gjeve ut

ei rekkje diktsamlingar, to romanar

og fleire barnebøker.

vere festspelkunstnar, og stas at

eg får vise alle filmane mine, seier

Olin oppglødd. Ho var student

ved Høgskulen i Volda frå 1992 til

1994. - Studietida i Volda var veldig

bra. Dokumentarstudiet vart

avgjerande for karrieren min, seier

Olin. Ho er no i gang med forarbeidet

til den fjerde dokumentarfilmen

sin, som skal vere ferdig i

løpet av året.

Dei Nynorske Festspela har

vore arrangert kvart år sidan starten

i 1992. Dei to siste åra har

Nynorsk Kultursentrum hatt ansvaret

for festivalen, som i fjor

hadde 5300 besøkande.

GLER SEG: Filmregissøren Margreth Olin (32) gler seg til å besøke Volda og Ørsta i juni.

Skuffa over at kongen ikkje kjem

Voldingane får ikkje

kongebesøk i år heller.

Det synes ordførar

Knut Bere er trist.

Han skulle gjerne ha

synt fram kommunen

til celebre gjestar.

KRISTIN JANSEN

Så var det avgjort. Volda er ikkje

blant dei kommunane som får

besøk når kongeparet kjem til

Møre og Romsdal i juni. Sjølv om

Volda ikkje har hatt besøk av ein

einaste regjerande monark i nyare

tid, bestemte slottet i samråd med

Fylkesmannen at det var bydene

kring Molde som skulle

prioriterast ved denne vitjinga.

Ordførar i Volda, Knut Bere, er

skuffa, men ikkje overraska over

avgjersla

- Eg synes det er leit at kongeparet

ikkje hadde høve til å

koma til Volda. Samstundes hadde

vi fått visse signal om at vårt

område låg litt for langt borte frå

der dei hadde planlagt å reise, så

eg er ikkje så veldig overraska,

seier ordføraren.

Ville synt frem kyrkja

Han håpar at kongeparet om ikkje

så altfor lenge vil koma attende

til fylket, og at det då passar betre

å besøka Volda. Bere har ei rekkje

forslag på kva som hadde

vore aktuelt å syna dei. Mellom

anna trur han det hadde vore interessant

for dronninga å få vitje

det sjukehuset ho opna i 1986.

Ordføraren ville også ha synt

fram Volda kyrkje og Høgskulen.

- For Kongen, som er svært

interessert i seiling, hadde eit

besøk hjå båtbyggjarane i

Bjørkedalen med prøvetur på fjorden

kanskje vorte eit høgdepunkt,

meiner Bere.

Aasentunet også skuffa

Ordføreren er ikkje den einaste

som er skuffa over at kongeparet

ikkje kjem til Volda. Også dei tilsette

på Aasentunet kunne tenkt

seg kongeleg besøk.

- Det å få kongeleg besøk

hadde betydd mykje for oss. Ei

slik vitjing stadfestar både for oss

sjølve og for andre at det vi driv

med er viktig og verd å leggja

merke til, seier informasjonsleiar

Torgeir Dimmen.

Håpar på Märtha

Aasentunet/ Nynorsk kultursenter

har prinsesse Märtha

Louise som sin høge beskyttar,

og det var ho som opna dei første

Nynorske Festspela i 1992.

Om ikkje kongeparet har høve til

å koma, håpar Dimmen at Prinsessa

kjem tilbake om ikkje så altfor

lenge.

jansek@student.hivolda.no

- Ei ære

Heilt sikkert er det at Margreth

Olin kjem. Dei prisløna

dokumentarfilmane hennar,

”Kroppen min”, ”Dei mjuke hendene”

og ”De 7 dødssyndene”

vil bli vist under festivalen. Olin

vil vere stades for å møte folk og

diskutere tema knytt til filmane.

- Eg gler meg veldig til å koma

til Volda igjen. Det er ei ære å få

Ny auke for

Haugen bok

Haugen bok sel stadig

meir. I januar auka

omsetnaden med heile

35 prosent i forhold til

i fjor.

KRISTIN JANSEN

Innehavar Harald Haugen har all

grunn til å vera nøgd med dei første

salstala frå 2003. Trass hardt

press frå pengesterke konkurrentar,

sel han stadig fleire bøker gjennom

nettbokhandelen sin.

Gode medarbeidere

- Eg gler meg sjølvsagt over dei

gode resultata. Takka vere gode

og dyktige medarbeidarar har vi

greidd å auke omsetnaden år for

år, seier Haugen stolt.

Den årlege omsetnaden vaks

frå 38 millionar i 2000 til 62

millionar i 2002.

HÅPAR: Forfattaren Marie

Takvam (76) håpar at helsa held,

slik at ho kjem seg til Dei

Nynorske Festspela. (Alle foto:

Promo)

iversel@student.hivolda.no

Satsar på breidda

- Målet vårt er ikkje å vere størst,

men å vere best. Vi prøver å vere

kreative og å gje eit endå betre

tilbod til kundane, seier Harald

Haugen. I løpet av dei fem første

vekene i år selde dei 6400 ulike

titlar. 4000 av desse vart seld i

berre eit eksemplar.

- Vi har alltid satsa på breidda,

seier Haugen.

Først på internett

Allereie i 1998 starta han bokhandel

på internett, som den aller første

i landet. Då andre bokhandlarar

kom på banen noko seinare,

hadde Haugen allereie fått ein

leiande posisjon på marknaden.

Blant konkurrentane til Haugen

bok i dag er mediekonsernet

Schibsted, som kan pøsa inn

enorme summar i marknadsføringa

si. Harald Haugen ser likevel

lyst på framtida.

- Det er ei stor utfordring men

eg har trua på at vi skal greie oss

i åra framover og, seier han.

jansek@student.hivolda.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!