03.02.2014 Views

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

nale svømmerar på jamleg basis så må

utøvarar ned i 13-14års-alderen trene 20

timar i veka. Treningsinnhaldet må imidlertid

vere riktig.

Årsklassemesterskapet på Fauske blei ei

hyggelig oppleving med trivelige arrangørar,

strålande vér og nokre fine prestasjonar

i bassenget. Det er ikkje

naudsynleg slik at dei som er best på ÅM

er best når dei kjem til senior-alder, men

det generelle nivået fortel noko. Eg var

med i mitt første ÅM i 1998, det året eg

fylde 13. Eg kan stadfeste at 2000-modellane

held eit heilt anna nivå no, enn

vi gjorde. Når eg fekk ei god svømmekarriere

ut av det, bør føresetnadane for

denne generasjonen vere vesentlig betre

til å nå vesentlig lengre.

Det keisame for meg med meisterskapet

var fråfallet i dei eldste årsklassene. Litt

av poenget med ÅM er å gje sjansen og

eit tilbod til dei som kanskje ikkje er heilt

dei beste i dei eldre årsklassene for å

halde dei i sporten, men etter min smak

var det litt for mange klubbar og utøvarar

som prioriterte vekk årsklassemesterskapet

- og då snakkar eg særleg om eldste

klasse.

Eg forstår i og for seg det valet godt.

Spørsmålet er om ikkje klasse 16 år

burde droppast... Dei beste her er allereie

på godt juniornivå, og for resten er nok

det ein liten bismak.

Då har eg mindre forståing for valet om

å droppe senior-NM. Eg sakna fleire juniorar

som ville kunne vore med å setje

sitt preg på NM gjennom finaleplassar

eller i det minste å vere med å kjempe

om det. Eg vil anta at for langt dei fleste

så er grunnen at det ikkje passar inn i

treningsplanen.

Men i kva treningsplan passar det ikkje

inn med fire intense konkurransedagar

der ein kan trene på ting ein ikkje får

gjort på trening? Det går faktisk å trene

seg gjennom eit NM kortbane. Ein må

ikkje toppe formen og ”kaste vekk”

aerob/anaerob kapasitet. Så får ein heller

ta resultata med ei klype salt.

Min siger på 100m fri var oppslag i Bergens

Tidende eit par dagar etter at NM

var over. Der stilte dei spørsmålet om det

var ei falliterklæring for sporten at eg

vant gullet. Mitt svar på det var (og er)

at: joda, for norsk svømming sin del

burde nivået vore høgare. Men om ein

leitar etter lyspunkt er dei ikkje vanskelig

å finne: det har aldri vore vanskelegare å

kome til finalen på 100m fri i eit norsk

meisterskap.

Det er heller ikkje den einaste øvinga der

nivået er eit stykke unna det vi skulle

ønske det var. På den tidlegare norske

signaturøvinga 100m bryst gjekk gullet

på 1.02,10 - det er den svakaste vinnertida

sidan år 2000. Det er fleire og ytst

forskjellige grunnar til at det er slik og

det viser sårbarheita til svømmesporten

uten den bredda vi ønsker, men faktum

er at dette er lenger unna verdsrekorden

enn vinnartida mi på 100m fri.

Det tar ikkje noko vekk frå John Lekhmus

sin prestasjon, for han var jo det heilt

strålande - og med eit løpsopplegg eg

elskar: gå ut og så får vi sjå korleis det

går. Eit anna positivt aspekt ved at det var

nettopp han som vant var klubben han

representerer: Tromsø. Gull til Nord-

Norge og Tromsø-klubbens første norske

meisterskap sidan sprintstafetten på heimebane

i 2004. At han seinare sper på

med 50-metertriumfen gjer godt for

heile svømmeregionen.

Ein annan svømmeregion som gjer det

godt er Bergen. NM kortbane blei prega

av ein enorm dominans frå vestlandets

hovudstad med 27 av 47 gull til BSC eller

Bergensvømmerne. Stavanger SC og

Madla var klubb nummer fire og fem på

medaljestatistikken, og bidro dermed til

ein enno kraftigare vestlandsdominans.

Det er ganske illustrerande, for i åra før

eg kom med i gamet, og også i særdelesheit

etterpå så har enkeltståande miljø

kome opp og kjempa mot Bergens-klubbane,

men ingen er så stabile til å levere

toppresultat som det bergenserane er.

Svømmemiljøet har godt fotfeste mellom

dei sju fjell, men støtta frå næringslivet

er ikkje meir enn den må vere.

Det er likevel interessant å sjå kva som

skjer på ÅM-nivå, for der er det på ingen

måte Bergens-dominans. Lambertseter og

eit Bærumsvømmerne som verkeleg har

fått sving på rekrutteringa er dei to beste

klubbane. BSV delar imidlertid si plassering

med Madla som deretter får følgje

av to andre Rogalands-klubbar (Randaberg

og Bryne), før Delfana er beste klubb

frå Bergen - på delt femteplass.

To regionar er dermed betre enn Bergen

på ÅM-nivå. Vil det slå ut på NM seinare?

Til ei viss grad, men på langt nær så kraftig.

Svømmerar vil slutte, andre som ikkje

Svømming er

veldig målbart og

lett å samanlikne

Sander Englund Smørdal

er med på ÅM vil kome til - og svømmerar

vil flytte til andre og større treningsmiljø.

Det er sportens natur.

Sjølv om verken ÅM eller NM kortbane

utifrå mi subjektive meining tok heilt av

resultatmessig var det ting å glede seg

over. På mange øvingar såg ein nyfunne

bredde, og sjølv om langt frå alle var like

oppmuntrande er det ting som tyder på

at haldningsendringa til kva lista ligg for

rask svømming har fått fotfeste i norsk

svømming.

Det var ingen som ropte at det var krise

for norsk svømming at eg vant NM-gull

på 100m fri med 50,95 i 2006. Då såg det

i realiteten betydelig mørkare ut. Dei eg

slo i den finalen var langt får så unge

som fleire av dei som svømmer langt ned

på 50-talet i dag.

Lista må løftast stadig høgare - og det

skjer først og fremst i dei enkelte klubbane.

Til sist: Eg misunner ikkje seniorlandslagssvømmerane

våre dei forventningane om

medaljar som særleg tabloid-media (og

eg burde vite, eg jobbar i eit slikt mediehus)

vil stille til dei. For media er det medaljar

som tel, og etter å ha blitt

bort skjemt av norsk svømming i lengre

tid er det ikkje mykje som skal til før fiaskostempelet

tas i bruk. Landslaget har ei

særs vanskelig oppgåve med å levere dei

same resultata i den komande perioden

som vi hadde i den forrige.

Det er utøvarar på veg opp, men det er

ingen garantiar, og frå media vil ein nok

stille viss forventningar. Medalje i kvart

meisterskap blir det tøft å sikre seg, og i

særdelesheit under VM langbane. Samtidig

er det viktig for Svømmeforbundet at

er nokre internasjonale toppsvømmerar

som leverer jamnt bra heile tida.

Men den utfordringa tar dei.

[NORSK SVØMMING 2/2013] 25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!