03.02.2014 Views

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Einslig heimerepresentant med store ambisjonar

Karoline Hansen Fauske Svømmeklubb har stolte tradisjonar, og 1999-modellen har ambisjonar om å gå i fotspora til tidlegare

toppsvømmerar derifrå.

– Veldig kjekt, men litt

einsamt, seier Fauskes

eneste ÅM-svømmer

Karoline Hansen (14) etter

meisterskapet på heime -

bane.

SANDER ENGLUND SMØRDAL [TEKST]

BO NORSENG [FOTO]

Fauske Svømmeklubb har stolte tradisjonar,

og 1999-modellen Karoline Hansen

har ambisjonar om å gå i fotspora til tidlegare

toppsvømmerar derifrå - og enno

litt vidare. – Eg har lyst å bli verdsmeister,

konstaterer ho.

Litt betre enn i fjor

Under ÅM på heimebane blei Fauskejenta

nummer 16 til slutt. Det var ein

plass opp frå fjorårets 17. plass.

Det er eit stykke igjen til å bli verdas

beste, men som vi har sett i norsk svømming

tidlegare skal ein ikkje kimse av

unge utøvarar sine hårete mål. For Karoline

er klar over kva som krevjast.

– Eg vil ikkje berre bli det, eg har lyst å

trene for å bli det også, seier ho til Norsk

Svømming.

Full støtte frå bassengkanten

Som einaste Fauske-svømmar under ÅM

fekk Karoline Hansen stor støtte frå lokalmiljøet

og alle dei frivillige frå klubben

som var i aksjon.

– Det var veldig kjekt med så mykje publikum

som heiar på meg, det er ikkje

kvardagskost. I tillegg var det deilig å

sleppe og ligge på hotell eller skule men

å vere heime i mi eiga seng, smiler ho.

På somme tidspunkt var det likevel

mindre heldige sider.

– Eg kjende meg ganske einsam då eg

måtte svømme inn- og utsvømming

åleine.

14-åringen likar godt ÅM-formatet med

dei litt lengre øvingane, men på trening

er ho meir glad i teknikktrening enn å

symje langt.

– Det er mykje kjekkare å trene på teknikk

enn å svømme 400-meterar, men

på konkurranser er det ikkje noko problem,

glisar Karoline.

Tidlegare landslagssvømmar

som trenar

Det byrjer å bli ei stund sidan Fauske

Svømmeklubb var eit maktsenter i norsk

svømming. På 1970- og 80-talet var NMmedaljer

og kongepokalar nærast kvardagskost

for tettstaden i Nordland.

Siste NM-medalje kom gjennom Trine

Austrøne Olsen i 2010, men klubben

lever i beste velgåande og satsar på å

nærme seg toppen av norsk svømming

igjen.

Gjennom ansetjinga av tidlegare landslagsvømmar

Kim Torry Simmenes som

Kim Torry Simmenes Gjennom anset -

jinga av den tidlegare landslagsvømmaren

som trenar, har Fauske SK sikra seg

ein ressursperson utanom det vanlige

(arkivfoto).

28 [NORSK SVØMMING 2/2013]

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!