03.02.2014 Views

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Mellomfornøgd årsklassemester

Fem personlige rekordar

var ikkje nok for ÅMsamanlagtvinnar

i gutar

1999, Truls Wigdel.

SANDER ENGLUND SMØRDAL [TEKST]

BO NORSENG [FOTO]

– Det gikk heilt greit, men eg har nok

ikkje treft formen perfekt, sukkar Truls

Wigdel i garderoba i Fauskebadet under

Årsklassemesterskapet.

Det var konklusjonen etter tre førsteplassar

(200m rygg, 100m butterfly og

200m medley) og to andreplassar (400m

fri og 200m bryst) på dei ulike øvingane

det konkurrerast i når det skal kårast ein

samanlagtvinnar.

– Pers er ikkje godt nok

Verst svei nok tapet på favorittøvinga

400m fri, der Viktor Aanesen frå Skjetten

vant på sterke 4.19,03 føre Wigdels

4.23,93. Skjønt, så misnøgd er det vel

ikkje lov å vere etter fem personlige rekordar

av fem moglege?

– Njo, men på somme av øvingane var

det med alt for liten margin samanlikna

med kva eg hadde forventa, forklarar

han.

– Eg trur vi har bomma litt i formtoppinga,

for det er ikkje så mange av oss

som har gjort det fantastisk, spekulerer

ungguten frå Madla.

Trenar Øyvind K. Røsland smiler litt av det

utsegnet og forklarar:

– Vi toppar uansett ikkje så unge utøvarar.

Det handlar nok meir om at det blei litt

for mykje baluba og forstyrringar rundt

NM kortbane, særleg for dei ÅM-utøverane

som er gode nok til å vere med der

og. Då var vi i trenarteamet kanskje ikkje

flinke nok til å skjele mellom dei ulike

prioriteringane som burde vore gjort,

men det lærar vi av, forklarar juniorlandslagstrenaren

med daglig virke i Madla

Svømmeklubb.

Med tre medaljevinnarar og nest beste

klubb under ÅM var det neppe så dårleg

stilt heller for Stavanger-klubben.

Ingen sprinter

For Truls Wigdel har Årsklassemesterskapet

ein konkurranseform han verkelig set

pris på.

– Det beste med ÅM er at det er allsidigheit

det går på, og i tillegg at ikkje alt blir

avgjort på ein gong men at vi held på

spenninga gjennom heile helga.

Ungguten med åtte-ni svømmetreningar

i veka, og i tillegg basistrening ein halvtime

før ettermiddagstrening fem gongar

i veka, legg ikkje skjul på at han har ambisjonar

innan sporten.

– Eg ønsker å kome meg inn på juniorlandslaget

så raskt som mogleg. Ellers

handlar det berre om å prestere best

mogleg. På lang sikt vil eg bli ein internasjonal

svømmar, seier Truls. – For å

gjere det må eg trene bra, og i tillegg

halde ut når det blir motgang, forklar

han.

Konkurrerer litt i triathlon

Pappa Bjørn er særdeles aktiv i triathlonmiljøet

i Stavanger, men har engasjert

seg stadig meir i svømmesporten og særlig

Madla med podens inntog. Han har

altså ikkje klart å overtale sonen om at

triathlon er vegen å gå.

Truls Wigdel Fem personlige rekordar var ikkje nok for ÅM-samanlagtvinnar i gutar

1999.

– Eg gjer litt triathlon óg, og kjem nok til

å fortsette å prøve å stille opp i ein konkurranse

her og der, men det er vanskelig

å få tid til å trene på sykling og springing

når eg svømmer så mykje som eg gjer,

seier Wigdel jr.

trenar, har klubben sikra seg ein ressursperson

utanom det vanlige.

– Vi har hatt gode trenarar tidlegare og,

men Kim Torry er veldig flink, understrekar

Karoline Hansen, som fortel at ho har

planar om å bli i Fauske - også når det

blir tid for vidaregåande skulegang.

Håpar på UM-krav

Fasilitetane skal det ikkje stå på, med det

utvida Fauskebadet som stod klart i 2008

i spissen.

– Eg blei overraska over kor gode forholda

var her oppe då eg var her første gong,

seier trenar Simmenes, som starta i jobben

første mars.

I tillegg til Fauskebadet er det ei velfungerande

toppidrettslinje på vidaregåande,

og gode moglegheiter for ekspert -

oppfølging utanfor bassenget. Ikkje rart

Karoline ønsker å bli heime i Fauske der

ho også har god oppfølging frå mor og

far – i tillegg til eit godt klubbmiljø.

Det neste kortsiktige målet for Karoline

var Marienlyst Open. I løpet av året håpar

Fauske-væringen å klare UM-kravet, men

foreløpig er ho fornøgd så lenge ho set

personlige rekordar.

[NORSK SVØMMING 2/2013] 29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!