08.11.2014 Views

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kontaktlærar

• gir utfyllande grunngiving for karakteren

- Det er viktig å svare på og kommentere det som eleven eller dei føresette peiker på i klaga.

Fråsegna skal vere konkret og gi informasjon om korleis eleven er vurdert i høve til

ordensreglementet. Det er ikkje tilstrekkjeleg å berre gi eit oversyn over eleven sine merknader

gjennom året utan å vurdere desse opp mot eleven sine føresetnader

• legg ved kopi av varsel om nedsett karakter

• gjer greie for korleis det er lagt til rette for god tilbakemelding, rettleiing og eleven si

eigenvurdering

• legg ved anna dokumentasjon frå skole/heim som kan ha innverknad på

klagebehandlinga

6. TIDSFAKTOREN I KLAGEBEHANDLINGA

Forskrifta set ein siste frist for fastsetjing av standpunktkarakterar jf. FtO § 4-6.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før

fellessensurmøtet. Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen

før kunngjeringa om lokalt trekkfag. Endeleg karakter i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at

undervisninga og annan skoleaktivitet er avslutta.

Det er opp til den enkelte skolen å eventuelt å setje ein tidlegare frist for fastsetjing av

fagkarakterar for å kunne ivareta eleven sin klagerett og karakterjustering for inntak til

høgare nivå i vidaregåande opplæring eller høgare utdanningsinstitusjon.

Klagefristen for standpunktkarakterar er 10 dagar frå offentleggjering. Karakterane er

offentleggjorde når dei er synleggjorte for elevane i SkoleArena. Dato vert fastsett av skolen.

Eleven/lærlingen har sjølv ansvar for å informera føresette om karakterane. Føresette til

umyndige elevar/lærlingar har rett til å få informasjon om karakterane ved å venda seg til

skolen. Skolen har ansvar for å informera føresette og elevar/lærlingar om denne ordninga.

Dersom ein elev er trekt ut til eksamen, men ikkje har fått vurdering i dette faget (IV), skal

eleven, dersom ho/han har klaga på dette, gjennomføre eksamen som normalt. Dersom

klagen ikkje vert tatt til følgje, vert eksamenskarakteren annullert.

Standpunktkarakter i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at undervisninga og annan

skoleaktivitet er avslutta. Det er her viktig å merka seg at finn klageinstansen klagen

rettkomen, er det klageinstansen som set den nye karakteren. Denne kan det ikkje klagast

på.

Klage på standpunktkarakter må behandlast så raskt som råd. Skolane bør derfor sende inn

klagesakene fortløpande og ikkje vente til alle klagesakene kan sendast samla.

Rektor må sikre god framdrift i klagebehandlinga. Lærarane må kunne kontaktast i det

tidsrommet der det vil kunne vere behov for å grunngi og/eller gi fråsegn om

karakterfastsetjinga.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!