08.11.2014 Views

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4. FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTERAR I ORDEN OG

I ÅTFERD

§ 4-9 i Forskrift til Opplæringslova gir reglar for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden

og i åtferd:

I orden og i åtferd skal ein av desse karakterane nyttast:

a) God (G). Vanleg god orden og vanleg god åtferd

b) Nokså god (Ng). Klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd

c) Lite god (Lg). I ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Ved fastsetjinga av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats,

og til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skole.

Ugyldig fråvær kan føre til nedsett karakter i orden.

Ved fastsetjinga av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skoleområdet og

elles når skolen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggje vekt på korleis eleven ter

seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot

kvarandre på skolevegen og til til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skole.

Den vurderinga skolen gir i orden og i åtferd, skal haldast skild frå vurderinga av dei reint faglege

prestasjonane.

Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggje avgjerande vekt på

enkelthendingar. Hovudgrunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden og i åtferd skal vere

orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.

Rektor har ansvaret for at terminkarakterar og standpunktkarakterar i orden og i åtferd for ein elev

blir sette etter drøfting i møte der alle lærarane til eleven er til stades. Kriteria for karakterane i orden

og i åtferd skal gjerast kjende for eleven.

5. KLAGE PÅ KARAKTERAR I ORDEN OG I ÅTFERD

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova:

Kapittel 4 Vurdering i

vidaregåande opplæring

Kapittel 5 Klage på vurdering

§ 4-1 Rett til vurdering § 5-1 Kva det kan klagast på

§ 4-2 Verkeområde § 5-2 Kven som kan klage

§ 4-3 Definisjonar § 5-3 Avgjerd i klagesaka

§ 4-4 Undervegsvurdering og sluttvurdering § 5-4 Saksgangen ved klage

§ 4-5a Dialog om anna utvikling § 5-5 Klagefristar

§ 4-6 Vurdering med karakter § 5-6 Formkrav

§ 4-9 Karakterar i orden og i åtferd for elevar § 5-7 Rett til grunngiving

§ 4-10 Varsling § 5-13 Klage på karakter i orden og i åtferd.

Klageinstans og klagebehandling

"§ 5-13. Klage på karakter i orden og i åtferd. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som

saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i

orden og i åtferd som har vore gjeve tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på

forholda, og ei fyldig grunngjeving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 8

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!