16.11.2014 Views

5,5 milliarder siste 10 år - Coop

5,5 milliarder siste 10 år - Coop

5,5 milliarder siste 10 år - Coop

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Dyrketips

Planteskulen

Krydderurter trivst generelt svært godt i mindre

potter og kar. Grønsaker treng meir plass til

røtene, og bør plasserast i djupare og romslegare

potter. Følg rettleiinga på frøposen for å få det

beste resultatet.

Slik sår du:

Urter: Bruk vanleg blomsterjord, gjerne blanda

med sand. Alle urter trivst eigentleg best

utandørs. Dersom du skal ha urtene inne, er det

viktig med godt lys.

Grønnsaker: Bland til lett såjord av 50 prosent

økologisk plantejord, og 50 prosent sand/

vermiculite, som er eit lett vulkansk materiale

som gir oksygen til plantene. Rein plantejord

kan ofte vera for næringsrik og kan svi plantene.

Pass på at jorda er passe fuktig.

Begge: Fyll på jord til det er omtrent ein

centimeter kant til toppen. Strøy så mange frø

du vil ha i kvar potte. Hugs å fordele dei jamt.

Sjekk på frøposen kor djupt frøa skal liggje og

sikt så jordblandinga på toppen. Trykk lett med

flat hand slik at frøa set seg godt i jorda.

Slik vatnar du:

Jorda skal vera lett fuktig. Bruk dusjflaske

eller undervatning. Undervatning vil seia at

pottene står på eit brett med våt duk. Då blir

vatnet soge opp i potta. Til mindre potte, til

oftare må du vatne. Ingen grønsaker skal

tørke mellom kvar vatning. Men pass på å laga

ei drenering i botnen av kassa eller potta -

plantene skal ikkje stå i vatn.

Basilikum

Basilikum er ei velkjend urt

som har vore kjend i fleire

tusen år. Så frøa innandørs om

våren i månadsskiftet mellom

april og mai, i ei passeleg stor

potte. Basilikum spirer lett,

men ikkje så for mange frø i

kvar potte. Planta treng god

plass for å trivast. Sørg for

at plantene får mykje lys og

varme, og at dei står i ein

vindaugs karm med mykje sol.

Basilikum skal ha næringsrik,

veldrenert til tørr jord og

direkte sol. Basilikum er var

for frost, vind og regn.

Om å dyrke inne:

Om du ikkje har veksthus, er det lurt å vente til

godt ut i april med å så. Frø trivst og spirer best

mellom 15 til 22 grader.

For mykje varme og lite lys gir lange, veike

planter. Dei kortare variantane held lenger

og produserer betre avlingar. For å hindre at

det blir for varmt, kan du skjerme plantene mot

sterkt lys ved å ha persiennene litt på gløtt.

Kruspersille

Kruspersille bør såast i vindaugskarmen

tidleg på våren, på ein

vekseplass i sol eller halvskugge, og

i fuktig næringsrik jord.

Timian

Alle timiansortar skal ha ein veldrenert

og solrik vekseplass, gjerne

med sandblanda jord.

Gressløk

Det finst fleire sortar graslauk. Vel

ein kraftig og motstandsdyktig sort.

Trivst best i veldrenert jord i sol

eller halvskugge.

Coop Medlem 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!