13.05.2015 Views

Lyd og musikk - Nysgjerrigper

Lyd og musikk - Nysgjerrigper

Lyd og musikk - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Heksetreff i Blocksberg i Tyskland i 1669. ILL.: GV-PRESS

Tolv år gamle Maren Olufsdotter

unngjekk så vidt å bli brend levande

på bålet i Noregs verste hekseprosess

vinteren 1662–63. Barneheksene vart

kalla trollungar.

tekst: paul torvik nilsen

Under hekseprosessen i Noreg for omtrent

350 år sidan stod over 30 kvinner

og jentebarn skulda for trolldomskunst.

19 av trollkvinnene vart brende.

Maren slapp, men vart send i fengsel.

Svart magi

Dei såkalla heksene er menneske som

vart forfølgde, pinte og brende. Men

kvifor? Jau, trolldom vart rekna som

eit brotsverk, og menneska som vart

skulda for ei slik kriminell handling,

skulle straffast. Heksene måtte straffast

fordi folk trudde at dei var venner

med djevelen, at dei kunne skade andre

med magi, og at dei kunne ri på sopelimar,

geitebukkar eller andre dyr.

Dei yngste heksene

Siri Jørgensdotter var 13 år, og kom frå

Øyer i Gudbrandsdalen. Folk snakka

og sladra, og spreidde rykte om at ho

saman med mormor si først hadde

ridd på ryggen av ein sau, og seinare på

ryggen til faren, til heksetreff på Blåkollen.

Prestane brukte slikt snakk og

overtru til å misjonere for kristentrua.

Både sauen og faren døydde straks dei

kom tilbake derifrå. Ifølgje segna kom

det av heksekunst, svart magi og trolldom.

Siri unngjekk så vidt å bli offer

for ein hekseprosess hausten 1730.

Maren og Siri er blant dei yngste som

vart skulda for å vere hekser i Noreg,

etter det forskarane kjenner til.

Trollkvinner

Det var framleis heksejakt i Noreg for

300 år sidan. Forskarane har kome til

at 307 vart brende på bålet, flest fattige

kvinner, og oftast i Finnmark og i

Bergens-distriktet.

– Dei vart kalla trollkvinner. Det skal ha

vore kvinnene som lettast let seg friste og

lure av djevelens mange påfunn. Derfor

var det fleire kvinner enn menn blant

heksene, fortel Rune Blix Hagen, som

arbeider ved Universitetsbiblioteket i

Tromsø og har forska på hekser.

Heksejakt i dag

Du trudde kanskje at slikt berre er

eventyr, magi og overtru, eller at det

berre skjedde for forferdeleg lenge

sidan, i gamle dagar? Men nei, det føregår

heksejakt i våre dagar òg, blant

anna i Afrika.

– I Tanzania skal 5000 menneske ha

døydd som følgje av heksejakt mellom

1994 og 1998, fortel hekseforskaren.

Harry Potter

I Noreg i dag finst det sjølvsagt også

hekser, sjølv om dei er «utlendingar»:

Berre tenk på for eksempel Harry

Potter, Madam Mim, Magica von Tryll

og fleire andre frå bøker, teikneseriar

og film. Natt til 1. mai er det Valborgsaftan,

og det største heksetreffet kvart

år føregår då.

– Dagens norske hekser er snille og

greie. Vi må smile og vere vennlege mot

dei, seier hekseforskar Rune Blix Hagen.

Maren Olufsdotter

Maren veks opp hos tanta, trollkvinna

Maritte Rasmusdotter, men er dotter

av heksa Maritte Andersdotter, som

vart brend rundt 1653–54.

Maren fortel at ho har møtt Satan, vore

på besøk i helvete og omskapt seg til

katt og kråke. Ho lærte det av Maritte

Rasmusdotter, og fekk djevelskapen inn

med øl. Saka blir anka til lagmannen,

etter at det er kravd dødsdom. Maren

blir dømd til tukthus i Bergen. Det såkalla

barnehuset i Bergen vart oppretta

i 1646. Maren gifta seg seinare i Vardø

og døydde rundt 1694.

nysgjerrigper – 4-2005, 12. årgang trollungar og heksejakt 29

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!