12.07.2015 Views

Planskildring kommunedelplan Bildøyna - Fjell kommune

Planskildring kommunedelplan Bildøyna - Fjell kommune

Planskildring kommunedelplan Bildøyna - Fjell kommune

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Planskildring.tilrettelegging for samanhengande gang- og sykkelaksar. Bygningsmassen vil vere konsentrertog areal-/energieffektiv.Planområdet er såleis vurdert til å ha middels/stor verdi for klima og energi.Alternativ 00- alternativet representerer dagens situasjon, med handelssentrum på Straume og kor søreBildøyna har ein viss infrastruktur som gir klimautslepp, saman med lite energieffektivbygningsmasse i form av mange einebustader. Alternativet inneber ikkje nye vegar eller gangogsykkelaksar på Bildøyna. 0-alternativet inneber utbygging av 1112 bustadeiningar påStraume, hovudsakleg som fortetting. 0-alternativet inkluderer ikkje utbygging av nyttSotrasamband, noko som vil føre til stadig meir kødanning i området og såleis også meirureining til luft. Meir kødanning vil også forringe tilhøva for kollektivtransporten. Dettealternativet er difor vurdert til lite/middels negativt omfang for klima og energi.0-alternativet vert såleis vurdert til å ha liten/middels negativ konsekvens for klima og energi.Alternativ 0+Alternativ 0+ medfører noko utbygging på Bildøyna, med om lag 60 bustadeiningar.Alternativet vil medføre noko spreidd bustadbygging som igjen vil ha negativ verknad påklima og energi ved at enkeltbygg i motsetnad til konsentrert busetnad er mindre transport- ogenergieffektivt. Alternativet inneber også bygging av nytt Sotrasamband, noko som vil letteframkomelegheita til Straume då det truleg vil verta mindre kødanning og betrekollektivdekning. Realisering av kommunedelplan for Straume vil gi korte avstandar tilhandelssentrum og kollektivtransport, og fortetting av bustader nær kollektivsentralen kanføre til meir utbreidd bruk av kollektivtransport, men potensialet for utvikling her er likevelavgrensa. Dette alternativet er såleis vurdert til lite positivt omfang.Alternativ 0+ vert såleis vurdert til å ha liten/middels positiv konsekvens for klima og energi.Alternativ 1Bildøyna si tilknyting til sjø er ei føremon i følgje måla i sentrale transportsatsingar. Ei sliklokalisering gir høve til å sikra ulike transportliner, ikkje berre langs veg. Kollektivtrafikk tilsjøs vil kunne avlette kollektivtrafikken på land. Å ha høve til å legge til rette for sjøtransport,inkludert godt utbygd rutetrafikk, føreset etablering av eit velfungerande kaianlegg.Nordspissen av Bildøyna har rette djupneforhold og manøvreringsareal til eit slikt kaianlegg.Ei realisering av kommunedelplanen for Bildøyna vil føre til ei konsentrert, samordna arealogtransportutvikling knytt til hovudvegnett og gang/ -sykkelaksar mellom hovudfunksjonanei framtidige Sotra kystby. Konsentrert bustadbygging gir større kundegrunnlag for løysingarfor kollektivtransport, og tilrettelegging for arbeidsplassar og tenesteyting i tilknyting tilbustadene vil føre til mindre personbiltrafikk i og utanfor planområdet. Det vil ikkje etablerastkjøpesenter som verkar sterkt trafikkgenererande. Tilrettelegging av eit samanhengande gangogsykkelvegnett med kopling mot Straume- og Kolltveitsida er eit positivt tiltak i høveklima- og energi. Bygging og fortetting vil bli utført etter nye sentralkrav til energieffektivebygg, vurdering av alternative energikjelder og tilrettelegging for samanhengande gang- ogsykkelaksar. Konsentrert bygningsmasse er meir areal- og energieffektiv enn tradisjonellbygging av einebustadar.Kommunedelplan Bildøyna/ Sotra kystby 2013-2024 41Frå Straume til Sotra Kystby: Moderne bumiljø og næringsliv i harmoni med kystkultur og tradisjonar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!