17.12.2012 Views

Også publisert i Fri tanke nr. 2-2009 - Fritanke.no

Også publisert i Fri tanke nr. 2-2009 - Fritanke.no

Også publisert i Fri tanke nr. 2-2009 - Fritanke.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I INTERVJU

Religionskritiske med moderat profil

Religionskritisk studentforeining i Bergen vil trass namnet få folk til å snakke saman og drøfte

ulike meiningar – utanfor skyttargravene.

Tekst: Kristian Bjørkelo

To av eldsjelene i Religionskritisk studentforeining: f.v.: Lars Arne Jordanger og Andreas Hjorth Røen. Foto: Arild E. Vengen

Ieit lite auditorium på samfunnsvitskapleg fakultet

på Universitetet i Bergen held professor

Einar Thomassen foredrag over temaet Den

tidlege kristendommen, frå mangfold til einsretting.

Mellom 20 og 30 stykk har møtt opp for å høyre

om dei første 500 årene til det som byrjar som ei

lita jødisk sekt og veks til å verte ein verdsreligion,

og Thomassen fortel korleis «den rette læra» oppstod

og feide andre religionar og kristne retningar

av banen. Etterpå tar han i mot spørsmål frå eit

tydeleg engasjert publikum om problemstillingar

han hadde tatt opp, så vel som tema han hadde utelate

å nemne.

Bak tiltaket står i dag fire eldsjeler med spreidd

alder og bakgrunn. Andreas Hjorth Røen (24) er

journaliststudent, mens Lars Arne Jordanger (35) og

Tor Kristian Larsen (29) kjem frå matematikkens

verd og tidlegare sjølverklært evigstudent Tor Øyvind

Fosse (57) arbeider ved Universitetsbiblioteket.

Hjorth Røen og Jordanger – som begge har bakgrunn

frå kristne miljø – tok initiativet i 2004, etter

eit arrangement med Hedningsamfunnet. Dei var

begge medlemmar og ønskte seg ei studentforeining,

men ville likevel halde litt avstand.

EIT MODERAT FORUM

– Vi ville ha ein litt meir moderat profil enn

Hedningsamfunnet. Vi rekna med at rekrutteringsgrunnlaget

ville vere veldig lite om vi nytta oss av

same profil, fortel Hjorth Røen.

– Foreininga er religionskritisk i den forstand at

28 FRI TANKE 02 - 2009

den er granskande, understrek Jordanger. Foreininga

har òg invitert representantar frå «den andre sida»,

ikkje dødsriket, men dei truande. Som på arrangementet

«Bli lys?», eit av deira meir vellukka arrangement

der dei måtte avvise folk i døra på grunn av

plassmangel. Arrangementet var ein debatt mellom

– Foreininga er

religionskritisk i

den forstand at den

er granskande.

Lars Arne Jordanger

ein representant for det naturvitskaplege miljøet i

Bergen, og ein rektor ved ein av Bergens kristne

privatskuler.

Då dei inviterte til studiesirkel om islam og terror

og inviterte medlemmar frå det muslimske miljøet,

møtte dei parat til å forsvare seg mot vestlege ateistar.

– Dei kom med den innstillinga at vi hadde

tenkt å rakke ned på deira religion frå starten av, og

det var jo alldeles ikkje det som var vår plan. Vi

hadde fokus på religion og terror generelt sett, med

utgangspunkt i bøker av Torkel Brekke, fortel

Jordanger om arrangementet.

– Dei var komen for å forsvare sitt muslimske

tankegods og gje uttrykk for at det ikkje var eit liksskapsteikn

mellom deira religion og terror. Og det

var jo det vi fortalde òg. At terror ikkje er avgrensa

til ein religion, men at ein finn terroristiske innstillingar

i veldig mange religionar. Som til dømes

buddhismen, seier han.

– Når religion hever sin stemme i samfunnsdebatten

vert det eit forsøk på å påtvinge andre sine

meiningar, skyt Andreas inn. Sjølv ønskjer studentforeininga

å motvirke denne tendensen ved å få

folk til å snakke saman, og å drøfte sine meiningar,

og ikkje gå i skyttargravene med ein gong.

Andre gjestar har mellom anna vore Einar Irjan

Ananiassen som står bak Svevende Ord Bibelsenter

(www.herregud.com), Walid al-Kubaisi, Frank Aarebrott

og arkeolog Terje Østigård.

For tida har organisasjonen vanskeleg for å

halde rede på medlemmar, men dei har altså ei

epostliste med rundt 80 medlemmar og ei mindre

Facebook-gruppe. Og til no har dei arrangert ein

jamn straum av føredrag, filmvisingar og studiesirklar

og meir, med alt frå 10 til 80 oppmøtte.

DAWKINS FOR NORSKE FORHOLD

Sjølv om styremedlemmane ikkeje ønskjer å framstå

som for krasse og bestemt i sin religionskritikk,

seier temalistene deira meir enn nok om deira eigen

ateistiske ståstad. I bok- og mediabiblioteket tilgjengeleg

for medlemmane er nyateistar som Richard

Dawkins sterkt representert framfor meir moderate

stemmer, men dette meiner dei er tilfeldig.

– Dawkins dominerar ein smule her på biblioteklista

vår fordi vi kjøpte inn bøker som ikkje var så

tilgjengeleg. Vi hadde alternativ som Torkel Brekke

sine bøker, som eg har veldig sansen for, men dei

var jo tilgjengeleg både hjå det offentlege biblioteket

og universitetsbiblioteket, så vi kunne like godt lagt

inn ei lenke til dei. Vi hadde ein avgrensa sum med

pengar, så Dawkins er kanskje ein smule overrepresentert

i biblioteket vårt i forhold til kva vi kunne

ønskt å ta inn,» fortel Jordanger.

– Til norske forhold passer han ikkje særleg

godt. Det norske religiøse samfunnet er ikkje i den

same grad konfliktorientert, forklarar Andreas. Ein

må ikkje bruke like kraftige virkemiddel, meiner han.

– Dawkins er likevel relevant fordi han i mellom

anna The Root of All Evil belyser religiøse fenomen

elles i verda. Religiøse retningar som det kristne høgre

i USA som til dels har fått avleggjarar her heime,

og ein kan sjå kvar dei får sine idear i frå. Utan at ein

skal byrje å drøfte på same vis, fortel han vidare.

– Ein skal sjølvsagt ikkje berre vere kritisk til

religion, men òg kritisk til dei som kritiserar religionen,

understrekar Jordanger.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!