28.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2008

• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Darlah- 172 timer

på månen

Av Johan Harstad

Cappelen Damm forlag

Presentert av Stig Elvis Furset

Den dagen Antoine, frå Paris, meldte seg på det store lotteriet, var den same dagen

som han vart råka av stor kjærleikssorg. Ei slik kjærleikssorg som han aldri før hadde

kjent i sitt 16-årige liv. Forholdet til Simone, som han var blitt saman med fem månader

tidlegare, gjekk ut på dato. Det vil seie: Det gjekk ut på dato for henne. I april. Fanst det

noko verre enn kjærleikssorg, i april, i Paris?

Nei, ikkje for Antoine. Då han var på veg

heim denne dagen, ønska han henne

alt vondt. Han ønska at ho var død. Ikkje

berre det, han ønska at ho kom til å døy

på mest muleg bestialsk og blodig vis.

Den dagen Antoine meldte

seg på det store lotteriet, ønska han seg

lengst muleg vekk. Han ønska at han

kunne gå under jorda. Gløyme alt og

vakne opp igjen femti år seinare, like ung,

og ikkje hugse nokon ting om Simone.

Eller denne Nöel som ho no var blitt

saman med…

Han var nett komen ned i

Metroen, då ein fyr kom bort til han, og

sa ”Ikkje gløym fristen”, og han peikte på

reklameplakaten for det store lotteriet.

”Vil du reise til månen?” stod det. Alt du

hadde å gjere, var å sende inn navnet ditt

til NASA, så var du med i trekningen. ”Det

finst ikkje kjærleiksorg på månen”, tenkte

han.

Og utrulig nok, Antoine vinner.

Saman med Midori frå Japan og Mia frå

Norge. Og månen, eller i alle fall reisa dit,

hjelper på kjærleiksorgen. For det skjer

ting mellom han og Mia der…”Fly me

to the moon, and make me wish upon a

star”…

Finst det noko betre enn å vere

forelska? Finst det nokon betre plass å

19

vere forelska på enn månen? Nei, det er

både Antoine og Mia enig i. Månebasen

Darlah er ein bra plass å vere forelske på.

Ei stund. Ei veldig kort stund.

For ting begynner å skje.

Merkelege ting. Uforklarlege ting.

Uhyggelege ting. Og det blir meir og meir

tydeleg at det er ein grunn til at ikkje

noko menneske har sett sin fot på månen

sidan 1972. For…det er noko der. Der

oppe. Og dei får erfare at i verdsrommet

kan ingen høyre deg skrike…

Darlah - 172 timer på månen

av Johan Harstad er rett og slett ei

dritgod bok. Eg gjekk til den utan store

forventningar. Eg er ikkje like interessert

i månen og måne-ferder som Johan

Harstad. Eg er ikkje noko særleg på

science fiction. Eg er kun sånn måteleg

interessert i verdsrommet. Eg har meir

enn nok med livet her nede, for å seie det

slik. Og så…begynte eg å lese, og boka

var det mest spennande eg har lese på…

ja, eg veit ikkje kor lenge.

Det mest fascinerande

med denne boka er truverdigheten.

Eg begynte virkelig å lure på dette

med…dette som skjer…grunnen til at

måneferdene tok ein slik brå slutt midt på

70-talet. Faen, tenk om han pokker meg

Fortsettelse på neste side

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!