28.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2008

• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

31 år på gress

Av Arild Stavrum

Oktober forlag

Presentert av Stig Elvis Furset

Fotballproff Joakim er på slutten av si aktive karriere og vansmektar i Rosenes by,

Molde.

Det er ikkje greitt å vere Joakim i 31

år på gress av Arild Stavrum. Det er få

klubbar som vil satse på ein spiss som i

beste fall har eit par-tre sesongar igjen på

toppnivå. Så det går mot slutten. Og der

sitter han. I Molde.

Han som debuterte på

landslaget i 1997, under den gylne Drilloepoken

i norsk fotball, og som skåra fleire

mål enn nokon andre som 17-åring. Då

han var eitt av dei største spisstalenta

Noreg hadde sett. Og der sitter han. I

Molde.

For dei som ikkje er så inne

i fotballen: Molde er faktisk den mest

mislikte fotballklubben i heile Noreg.

Gløym Rosenborg. Gløym Vålerengen.

Gløym Viking. Ja, de kan gløyme Brann.

Alle, og no meiner eg absolutt alle,

hatar Molde. Eg har aldri møtt ein

klubbsupportar som ikkje har kun vonde

kjensler retta mot Romsdals-klubben.

Altså: Molde er som ein

bortskjemt unge som berre ei mor er i

stand til å elske. Og det er ein sann svir

å lese så mange negative skildringar av

denne fotballklubben.

Så eg føler med Joachim i 31 år

34

på gress. Ingen tvil.

Samtidig så gir boka

heilt sikkert eit autentisk bilete av

mentaliteten i dagens fotball. Der legg

verkeleg ikkje Stavrum fingrane imellom.

For mentaliteten til spelarane er stort

sett roten. Kva klubb ein spelar for er

eigentleg irrelevant. Det gjeld berre å

tenkje på seg sjølv, og ikkje minst si eiga

lommebok.

Samtidig så blir eg glad av å

lese denne boka. Eg blir glad for at eg

er supportar, og ikkje spelar. Uansett

kor velfylt kontoutskrift eg ville hatt.

For oss som står på tribunene og følgjer

laga våre, vi har karrierer som varer heilt

fram til den dagen vi døyr. Det har ikkje

Joachim. Som attpåtil er i Molde. Stakkars

mann…

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!