20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

– Ein romantisk idé

– Det ligg ein romantisk idé om at det skal strøyme til med studentar til andre

språkutdanningar berre svensk blir frivillig, meiner Åsa Palviainen. Ho

har skrive rapporten Frivillig svenska? Utbildningsrelaterade konsekvenser.

– Kvifor har spørsmålet om opplæring

i svensk blitt eit viktig politisk emne i

Finland?

– Svensk som obligatorisk fag i fi nske

skular har vore omstridt heilt sidan faget

kom inn i skulen i 1968, men det har gått

i bølgjer. På 1980-talet fekk faget mykje

kritikk, så roa ordskiftet seg på 1990-talet,

før det igjen blussa opp att på andre halvdel

av 2000-talet.

Dei politiske partia har i dei to siste

tiåra vore samde om at obligatorisk svensk

høyrer heime i skulen. Det einaste partiet

som ope har vore klårt mot, er Sannfi nnländerna.

Dei er ikkje mot at Finland er

tospråkleg eller svensk har ein plass i skulen,

dei er berre mot at svensk skal vere

obligatorisk.

Dei siste åra har det blitt enklare å få

gitt uttrykk for frustrasjon på internett og

i sosiale medium. Sjølv om det moglegvis

berre kan dreie seg om anonyme enkeltpersonar,

så skrik dei høgt nok til å få

gjennomslag. Eit anna poeng er at ein på

byrjinga av 90-talet skar drastisk i ned på

svensktimar. Resultatet er at dei som går

ut av skulen no, er mykje svakare i svensk

enn kva ein var før. Ungdomar lurer kva

dei skal nytte svensken til. Og næringslivet

seier at svensk ikkje er så viktig lenger,

no vil dei heller ha arbeidstakarar som

er gode i engelsk og gjerne russisk. Dette

skal ein ha i mente når ein ser på kva som

hende før riksdagsvalet i vår.

Indre splid i partia

– Kva skjedde?

– Reint politisk vedtok Samlingspartiet

i 2010 at dei var for at Finland framleis

skal vere tospråkleg, men at av svensk skal

vere frivillig i skulen. Initiativet kom frå

ungdomspartiet og moderpartiet vart teke

på senga. Det starta ein politisk kjedereaksjon.

Brått var den heilage kua, obligatorisk

svensk, ikkje heilag lenger. Og i løpet

av sommaren sa både statsministeren og

leiaren for Centern, eit parti som tradisjonelt

har forsvart ordninga, at svensk

kunne bli frivillig. Ho sa at ein burde tolka

grunnlova som seier at det er to nasjonalspråk

i Finland vidt. I tillegg kom ho med

framlegg om at dei elevane som budde

nær den russiske grensa burde kunne byte

ut svensk med russisk.

Dei politiske reaksjonane var sterke.

Svenska folkpartiet (SFP) motsette seg

framlegget, men også leiinga i Sosialdemokratane

gjekk hardt imot. De Gröna

var litt meir avventande. Rett før jul gjekk

partisekretæren i SFP overraskande ut

og støtta framlegget om frivillig svensk.

Partiet reagerte sterkt, og sa at utspelet

16

FINLAND

Foto: Jyväskylä universitet

ikkje var forankra i partiet sin vedtekne

politikk. Men usemja stakk nok djupare,

og ikkje berre hjå SFP. Nokre månader

før valet var det langt frå sikkert kva dei

store partia eigentleg meinte om saka. Det

einaste partiet som hadde eit klårt standpunkt

var Sannfi nnländerna.

– Er det ein reel fare for at svensk forsvinn

ut av den fi nske skulen?

– Neppe på kort sikt, høgst sannsynleg

på lang sikt. Sannfi nnländerna gjorde eit

brakval og fekk tjue prosent av røystene.

Det vart danna ei samlingsregjering

med Samlingspartiet, Sosialdemokratane,

De Gröna, Svenska folkpartiet og Venstre.

Ingen har hatt programfest at svensk skal

bli frivillig, og eg trur dei ikkje tek sjansen

på ei så stor avgjerd no. Finland er stolt

over å vere tospråkleg, det ligg djupt forankra

både hjå folk og i lovverket.

– Men tidene endrar seg, og nordiske

relasjonar er ikkje så politisk viktige som

dei var på 1970-talet. I dag meiner ein at

det greier seg med engelsk, og at det bør

opp til den enkelte å lære seg andre språk.

Difor trur eg det vil bli vanskeleg å halde

på svensk som obligatorisk fag i skulen. Eg

trur ein kjem til å fi nne særløysingar, der

ein ikkje lenger krev at alle som arbeider

i off entleg forvalting skal kunne både

svensk og fi nsk, men at det blir ein del av

tilsette som kan svensk.

– Eg vågar derimot ikkje å seie noko

om grunnlova. I dag seier ho at Finland

er tospråkleg. Om svensk blir eit frivillig

fag i skulen, kan det hende det går mot ein

einspråkleg stat. I dag er det berre Sannfi

nnländerna som er talsmenn for eit slikt

standpunkt.

Kven skal velje å ta svensk?

– Dei som er i mot obligatorisk nynorskopplæring

i Noreg, seier at nynorsk går ut

over bokmålsundervisninga. Dei syner til

at norske elevar gjer det dårlege i testar

som t.d. PISA-undersøkinga. Men fi nske

elevar gjer det godt i slike undersøkingar,

så kva argument blir nytta for å argumentere

for at svenskopplæringa skal bli

frivillig?

– Som språkforskar har eg vanskeleg å

sjå kvifor undervisning i nynorsk skulle

føre til dårlegare resultat i bokmål. Slike

argument har eg ikkje høyrd i Finland.

Her går argumenta at elvane ikkje orkar

eller greier å lære seg meir enn to framandspråk,

og då må svensk vike plassen

for fransk, tysk, spansk, russisk elles kinesisk

som òg blir nemnd. Det er få som

ÅSA PALVIAINEN

◆ Åsa Palviainen (tidligare

Nordqvist) er dosent og lektor i

svensk ved Jyväskylä universitet.

◆ Ho er fødd og oppvaksen i Sverige,

der ho tok doktorgraden i lingvistikk

ved Universitetet i Göteborg i 2001.

Sidan 2003 har ho budd i Jyväskylä

der ho underviser i svensk for � nskspråklege

ved universitetet i tillegg

til å drive forsking.

vel språkfag, og svensk som får skulda.

Bak ligg ein romantisk idé om at det skal

strøyme til med studentar til desse andre

språka berre svensk blir frivillig. Haken

er sjølvsagt at det ikkje er noko universitetsapparat

som utdannar lærarar til

å undervisa i desse språka. Det er heller

ikkje slik at om språkfag er frivillig, så vil

fl eire velje det av eigen vilje. Erfaringar frå

t.d. England og Sverige syner tvert i mot

at resultatet blir at ein sit att med færre

språkstudentar.

– Men det vanlegaste argumentet for

at svensk burde bli frivillig, er at det vil

gje eleven større motivasjon for å lære seg

svensk. Dei svakaste elvane kunne velje

det vekk, medan dei fagleg sterkare elevane

kunne velje faget og vere motiverte

for det. Det ein ikkje veit er kven og kor

mange som i så fall faktisk kjem til å velje

faget. Dette skremmer mange i

den fi nsksvenske minoriteten.

Det er ei reel

redsle for at det blir

for få som tek faget,

og Finland blir eittspråkleg.

Forsking syner

også at det er ein

fare for at dei som

kan kome til å velje

svensk i framtida er

høgt utdanna jenter

frå hovudstadsområdet.

Og desse

jentene kjem ikkje

til å bli svenskkunnige

sjukepleiarar i

eldresenter rundt om

i landet.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

� nsk

tospråkleg med � nsk som

majoritetsspråk, svensk som

minoritetsspråk

tospråkleg med svensk som

majoritetsspråk, � nsk som

minoritetsspråk

svensk

tospråkleg med � nsk som

majoritetsspråk, samisk som

minoritetsspråk

Illustrasjon: Wikimedia Commons

NORSK TIDEND NR. 4 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!