20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

For fyrste gong på lenge

skal Samlaget få ein forfattar

i direktørstolen.

Edmund Austigard har lenge vaka

som ein kandidat til direktørstolen

i Det Norske Samlaget. Denne

gongen var tida rett, og han har

sjølv sagt at dette var eit tilbod ein

ikkje kunne seie nei til. Men det

har vore enklare tider å ta over

forlaget i, med uro både internt

og offentleg. Stephen Walton har

sagt at han ikkje kan skjøne at

Austigard vil seg sjølv så vondt.

Ein kan mest få inntrykk av at

Samlaget har blitt det nye NAV.

Sjølv ser Austigard ikkje fullt så

tungt på det.

– Ei av utfordringane mine vil

nok bli å snu det inntrykket. Eg

er likevel sikker på at det skal gå

bra. Uansett kva som har hendt

dei siste åra, så er det trekk ved

forlaget som sit fast, i alle fall slik

eg kjenner forlaget som forfattar.

For det fyrste har dei som arbeider

der ei brennande interesse for

litteratur. For det andre er stemninga

folkeleg, og enno prega av

dugnadsånd. Denne kulturen sit

jo i veggene og lever i beste velgåande

sjølv om nokon går ut døra.

Eg kjenner meg difor trygg på at

det dette vil gå seg til med nokre

forsiktige steg. Dessutan syner jo

oppslaga i media at folk faktisk

bryr seg om kva som hender med

forlaget. Det er eit godt teikn.

På den andre sida vil eg nok ikkje

kalle inn til pressekonferanse

fyrste dagen på jobb og seie at no

er alt i orden. Det er det resultata

våre som skal seie.

To språk – betre litteratur

– Korleis vil du definere Samlaget

sitt oppdrag?

– Her må eg ta atterhald om at

eg berre kjenner forlaget som forfattar.

Det kan likevel ikkje vere

tvil om forlaget skal kjempe for

nynorsk litteratur. Spørsmålet blir

meir på kva måte ein skal gjere

dette. Skal ein velje ein smal, tydeleg

og definert posisjon og stå på

barrikadane? Eller skal ein meir ta

nynorsk som det mest naturlege i

verda, og glede seg over at me har

to språk her til lands? Truleg må

ein ha to tankar i hovudet samstundes.

– Som forfattar har eg sjølvsagt

tru på litteraturen. God litteratur

vinn fram over alt. Det

viser Øklands dikt, Ravatns essay

og Parr sine barnebøker. Det at

me har to skriftspråk, har gjort

at me har fått to litterære tradisjonar

som påverkar kvarandre,

bryner seg på kvarandre og stundom

kryssar kvarandre. Det har

gjort norsk litteratur godt. Her

har Samlaget vore og skal vere

Norsk TideNd Nr.4 – 2011

viktig. Denne trua på litteratur

tek eg sjølvsagt med meg som forlagssjef.

– På same måte som Pax og

Oktober så har jo Samlaget eit

unikt utgangspunkt?

– Ein kan jo spørje seg om

det er noko typisk for innhaldet

i den litteraturen som Samlaget

gjev ut? Som nynorskbrukar og

ryfylking kjenner eg det jo som

å kome heim. Eg kjenner att forteljingane

og humoren i bøkene,

eg kjenner att måten å arbeide i

lag på. Så det er jo noko der, noko

anna. Men litteraturen frå Samlaget

må famne vidt. Samlaget var

i utgangspunktet radikalt og provoserande,

og det er jo framleis

folk som blir provoserte av å lese

litteratur på nynorsk. Dette gjev ei

kjensle av å ha ein heimebane og

ein bortebane, der heimebanen er

klart definert.

– Men eg er usikker på om kor

mykje omsyn ein skal ta til denne

heimebanen. Det kan fort bli eit

hinder, samstundes som det er

viktig. Eg har i grunnen ikkje

noko svar på dette no. Men uansett

har jo forlaget eit ansvar for

breidda, for å sikre at me har lyrikk

og essaysamlingar med blikk

frå Årdal og Førde. Det er viktig

i både forlags- og medieverda at

me ikkje alle ser med same linse.

– Ein av tinga som gjer at eg

gler meg til å byrje, er at det går

ein raud tråd frå forfattarane,

gjennom dei som arbeider i forla-

Bjørnsonstipendet til Leikvoll

Bjørnsonstipendet 2011 gjekk til Jan

Roar Leikvoll. Stipendet på 15 000 kroner

vart delt ut av Litterært råd, Norsk

Bokhandlerforening og Bjørnsonfestivalen.

Tidlegare vinnarar av stipendet er

Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller

og Sigmund Løvåsen.

intervjuet folk

Vil sjå med eigne auge

LittErAtur som brEkkstong: – God litteratur vinn fram overalt, seier

Edmund Austigard som snart tek over som direktør i Det Norsk Samlaget.

Foto: Kjartan Helleve

Foto: Silje Holte

Edmund

AustigArd

◆ fødd 1964, frå Årdal i Ryfylke

◆ tek til som ny direktør i

Det Norske Samlaget

◆ kjem frå stillinga som direktør i

Den Norske Bokdatabasen

◆ utdanna diplomøkonom

◆ har gitt ut to romanar, den

tredje kjem i haust

get og til dei som sit i styret. Det

er ligg ei større sak bak, noko som

er viktig for den einskilde, også

personleg.

– Men no må eg seie at dette

ikkje er ting eg har grunna på

lenge, men eg kjenner det er godt

at du spør. Eg har jo ikkje noko

skulering frå Mållaget, eller erfaring

frå eit langt liv i Samlaget. Eg

har berre mine oppfatningar, og

eg ser fram til å sjå på dette med

eigne auge.

Naturleg val

– Du har sagt at dei som skriv på

nynorsk skal søkje seg til Samlaget.

Samstundes har ein dei siste

åra sett at det dukkar opp nynorske

debutantar på andre forlag.

– Det er bra at dei andre forlaga

også gjev ut nynorske skjønnlitterære

bøker, både av etablerte og

uetablerte forfattarar. Men målet

mitt er at Samlaget skal vere av

ein slik klasse at det blir det naturlege

valet for dei som skriv på

nynorsk. Forlaget skal ha så gode

redaktørar, så gode marknadsfolk

og eit så godt omdøme at forfattarane

har lyst til å vere der. Til tross

for det biletet som blir teikna i

media, så er forlaget langt på veg

allereie der. Det gjeld berre å syne

det fram.

– Så de vil i framtida ha nynorskkurs

for boksmålsforfattar

som ynskjer å vere hjå dykk?

– Nja, eg tviler på det. Samstundes

skal me vere klåre over

at det finst store utfordringar for

alle som gjev ut bøker og skal leve

av det. Det einaste me i bokbransjen

kan love kvarandre er at det

kjem til å bli tøft i åra som kjem.

Dei gode åra er definitivt over, og

det vil bli hardt å få noko tilsvarande

attende. Det betyr at det

må bli teke tøffe val. Kulturansvaret

som me og dei store forlaga

tek kostar. Me tek det moglegvis

i dobbelt mon. Det krev jo at me

må vere effektive, gjerne med

mindre midlar enn andre. Det er

eg overtydd om at me skal kunne

greie fint.

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

Foto: Aschehoug

Foto: Hege Lothe

Foto: Aasentunet

Bjørn Sortland heidra

med Aschehougprisen

Forfattaren Bjørn Sortland er

tildelt Aschehougprisen på

100 000 kroner. Sortland har

skrive rundt 40 bøker for barn og

ungdom i ulike sjangrar. Mange av

bøkene hans er omsette til andre

språk og komne ut i nærmare tjue

land. Sortland har tidlegare motteke

ei rekkje prisar for forfattarskapen

sin i inn- og utland. (NPK)

God haust for Torvund

Lyrikaren og forfattaren Helge

Torvund er tildelt kulturprisen til

Stavanger Aftenblad for 2011.

Vinnaren er stemt fram av lesarane

til avisa. Samstundes feirer

Samlaget at Torvund rundar 60 år

med eit litterært arrangement på

Litteraturhuset i Oslo og boka Diktkammeret

som Torvund og Maria

Børja er redaktørar for.

Øvereng dagleg leiar

i Aasen-tunet

Gaute Øvereng (41) er tilsett i den

nyoppretta stillinga som dagleg

leiar i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Øvereng har vore informasjonsleiar

i Ivar Aasen-tunet sidan 2004, dei

siste månadene også administrasjonssjef.

Den nye daglege leiaren

tek over etter Ottar Grepstad, som

frå i haust skal konsentrere seg

meir om den samla verksemda til

Nynorsk kultursentrum. (NPK)

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!