02.03.2013 Views

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Landbruk Nordvest Ringreven 1/2010

Tekst Jon Geirmund Lied

Med kulturbeite, eller innmarksbeite

tenkjer eg her på opne eller halvopne

graskledde areal som ikkje er dyrka

eller der terrenget er justert på annan

måte. Areala kan ikkje skjøtslast med

traktordrivne reiskap.

I Møre og Romsdal er det registrert om

lag 90000 dekar slikt areal. Dette utgjer

om lag 15 % av det totale

jordbruksarealet i fylket. Ofte finn ein

innmarksbeiteareala som ei sone

mellom dyrkajorda og utmarka. Desse

halvopne kulturlandskapa er ofte godt

synlege då dei kan ligge i lisida opp frå

dalbotnen. Dei seinare åra er det løyvd

mykje SMIL-midlar til rehabilitering av

attgrodde kulturbeite.

Kulturbeita blir ofte vurdert som

tungdrivne, sidan terrenget oftast er

ujamt, det er vanskeleg å gjennomføre

kalking, gjødsling og plantevern like

effektivt som på fulldyrka eller

overflatedyrka jord. Dessutan vil ein

også finne ein del andre utfordringar på

slike areal enn på areal der ein kan

utføre slått og jordkultur. Sidan

kulturbeita for det meste berre blir

hausta ved beiting, vil ein kunne få

oppslag av ein del planteartar som dyra

ikkje likar.

I denne artikkelen vil eg drøfte nokre

aktuelle skjøtselstiltak for å

oppretthalde kulturbeite - areala som

attraktive beiteområde for drøvtyggarar.

Terrengtilpassing

Dersom terrenget er så ujamt at det er

vanskeleg å køyre på arealet med traktor

bør det vurderast å opparbeide

køyrevegar på arealet. I hallande terreng

bør desse leggast mot/undan fallet. Det

kan vere høveleg å legge dei med om

lag 10 m avstand. Det er nok å slette

terrenget slik at ein kjem fram med

traktoren på ein trygg måte. Der

terrenget ikkje er alt for utfordrande kan

ein høveleg stor beltegravar (20 tonn)

greitt slette til 100 lengdemeter pr time.

Kalking

Kan ein køyre på arealet kan kalkinga

skje gjennom heile sesongen etter

avbeiting. Dersom terrenget er ulendt

kan det vere ein idé å køyre ut kalken på

snøbreen på kalde vårmorgonar rett før

snøen reiser. Køyr gjerne opp spor i

snøen om ettermiddagen og sprei kalken

neste morgon før snøen mjuknar. Bruk

tørr kalk og gjødselspreiar som har

utstyr for kalkspreiing. Påfør inntil 300

kg kalkingsmiddel pr dekar og år. NB!

Sjekk pH i jorda og diskuter med

landbruksrådgjevinga kor mykje kalk

som trengs på det aktuelle arealet.

Plantevern

I kulturbeita finn ein ofte i utgangs-

punktet ein allsidig flora med diverse

urter, ulike grasartar, kvitkløver samt

starr osv. Over år vil plantesaman-

setnaden endre seg; etter kva dyr som

beitar der, etter gjødslingsstyrke og

anna kultiveringsgrad m.v. Særskilt der

det berre blir nytta storfe til beitedyr vil

ein ofte kunne få oppslag av uønska

vegetasjon, så som klunger, tistel,

stornesle, bregner og sølvbunke.

Dersom slik uønska vegetasjon får breie

seg utover har arealet ganske snart liten

verdi som beiteareal.

Nedanfor er beskrive aktuelle tiltak på

ugras som er problematiske i beite.

Gjødsling

Ein generell regel er å gjødsle lite og

ofte. Bruk ikkje meir enn 5 – 6 kg N pr

daa pr gong.

20

Beiting

På kulturbeite er det viktig å kome i

gang tidleg om våren. Skal beitet nyttast

utover heile sommaren bør beitestart

skje så tidleg at det er behov for

tilleggsforing dei første dagane. Som

vårbeite til sau kan det vere høveleg at

grashøgda er 8 -10 cm når dyra slepp

inn på.

Ein god del av arbeidet med skjøtsel

av kulturbeita kan gjennomførast

utover hausten. Mekaniske tiltak for

å lette tilgjenge bør skje utanfor

vekstsesong. Likeeins rydding av

kratt. Sett av litt tid til slikt arbeid no

utover hausten.

Lukke til!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!