02.03.2013 Views

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

Ringreven 2010-5 - Landbruk Nordvest - Norsk Landbruksrådgiving

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Landbruk Nordvest Ringreven 5/2010

Tekst Jon Geirmund Lied

Gjennom fleire år har sau og geiteavlslaga i

dei tre Vestlandsfylka samarbeidd om eit

prosjekt Geit i vekst. Dette prosjektet, med

sogningen Ola Søgnesand som leiar, er

mykje av årsaka til at geithaldet på

Sunnmøre er i ferd med å gjennomføre ein

revolusjon.

I Norddal og Stranda kommunar har det i løpet

av dei åra Geit i vekst prosjektet har halde på,

vorte gjennomført sjukdomssanering på nesten

alle besetningane. I tillegg har mange av

geitmjølkprodusentane i desse kommunane

investert kraftig i kvote og fjøsar. Vi opplever

no at det i fleire fjøsar blir produsert mellom

150 og 200 tonn.

Dette er ei interessant utvikling. Frå ein struktur

der gjennomsnittleg kvote pr produsent var på

vel 40000 liter i 2002 er den i 2010 på om lag

65000 l. Og utviklinga heldt fram. I Stranda og

Norddal vil det i år og neste år bli sett i gang

utviding av fjøsane på i alle fall fire bruk.

Gjennom kvoteleige og samdrift får fleire av

desse fjøsane godt over 150 tonn i produksjon.

Geitmjølkproduksjonen, særskilt på indre

Sunnmøre, der det no blir satsa på rasjonelle

fjøsar med store volum, er god butikk. I følge

rekneskapsførar Jarle Hauge i Norddal

rekneskapskontor vil eit bruk på 150 – 200 daa

dyrkajord kunne kome mykje betre ut

økonomisk med geitmjølkproduksjon enn med

kumjølkproduksjon. Sjølvsagt må då

føresetnader om m.a. høvelege beiteareal for

geit vere oppfylde.

Ein geitmjølkproduksjon på maksimal kvote

(200 tonn) vil krevje omlag150 dekar

dyrkajord, dessutan om lag 100 dekar gode

kulturbeite eller gode utmarksbeite.

Geitmjølkproduksjon vil ifølge Hauge kunne ha

36

lågare bygningskostnader enn

kumjølkproduksjon. Men den vil truleg krevje

fleire arbeidstimar.

I dei områda på Sunnmøre der det i dag er

etablert geitmjølkproduksjon er det høve til å

søkje om konvertering av kvote frå ku til geit. I

samband med drøftingar om endringar i

driftsopplegget i kumjølkproduksjonen bør det

også vurderast om geit kan vere ei aktuell

driftsgrein.

Ikkje minst vil det vere aktuelt der vedlikehald

av kulturlandskapet er ei utfordring. Heile indre

Storfjorden, og bygdene i fjordane på søre

Sunnmøre, kan vere aktuelle område der

geitehald vil lette skjøtselen av dette.

Meieriet i Ørsta er no til vurdering i TINE . Det

er vurdert å redusere drifta på anlegget. Ein kan

sjå føre seg at anlegget i framtida grovt sagt

berre sit att med mottak og foredling av

geitmjølk. Det er truleg viktig for anlegget i

Ørsta at det er ein vesentleg

geitmjølkproduksjon på Sunnmøre. Helst bør

nok produksjonen i denne regionen auke

monaleg. I dag blir det produsert om lag 3 mill.

liter geitemjølk i dette området. Det bør

vurderast ei satsing på ein sterk auke i

geitmjølkproduksjonen på Sunnmøre. Ein

produksjon på 5- 6 mill. liter vil kanskje kunne

vere eit aktuelt volum.

Vi veit at lønsemda er god (i alle fall ved større

kvotar). Vi veit at det er ynskje frå stor -

samfunnet at bygdene ikkje gror att. Og vi trur

at det på sikt vil vere viktig for eksistensen til

meieriet i Ørsta at det er ein stor geitmjølk-

produksjon i området. Derfor bør dette takast

tak i.

Dersom bøndene, TINE, kommunane, Møre og

Romsdal fylke, Fylkesmannen og Innovasjon

heldt fram satsinga, samlar seg om ein felles

strategi, ligg forholda godt til rette for at

Sunnmøre og meieriet i Ørsta skal kunne

utvikle seg til ein stor aktør innan produksjon

og foredling av geitmjølk.

Prosjektet Geit i vekst vil kunne vere eit

naturleg nav i dette arbeidet. Landbruk

Nordvest deltek gjerne.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!