04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

24 KAP 3

3 Utgreiing og diagnostikk

3.1 Innleiing

Ein bipolar diagnose vil ofte føre til langvarig behandling. Bipolare lidingar bør derfor

diagnostiserast i spesialisthelsetenesta.

Grundig utgreiing er ein føresetnad for god behandling. Utgreiinga bør ikkje avgrensast

til sjukehistoria, men bør også omfatte dette:

§ dei sosiale forholda

§ tidlegare lidingar

§ somatisk helse

§ bruk av medikament og rusmiddel

§ psykiske lidingar i slekta

§ funksjonsnivå

§ aktuelle livshendingar

§ traumatiske livshendingar

§ kartlegging av personlegdomen

§ kva ressursar personen rår over

Ein må også leggje vekt på korleis pasienten sjølv opplever lidinga (78;79).

Det er vanskeleg å diagnostisere bipolare lidingar, og studiar tyder på at bipolare lidingar

både er over­ (80­82) og underdiagnostiserte (81;83;84). Deprimerte pasientar kan underslå

eller gløyme tidlegare maniske eller hypomane episodar. Særleg kan tidlegare hypomane

episodar forbli uoppdaga fordi pasienten sjølv ikkje opplevde dei som uttrykk for eit

unormalt stemningsleie. Mange pasientar mister dessutan sjukdomsinnsikta når dei

er oppstemde. Mange vil derfor bagatellisere hypomane og maniske episodar. Informasjon

frå pårørande kan vere avgjerande for å få stilt rett diagnose.

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom bipolare lidingar og ADHD, visse hjernesjukdomar,

personlegdomsforstyrringar og biverknader av legemiddel som kan gi hypomane eller

maniske symptom. Denne differensialdiagnostikken kan krevje spesialkompetanse.

Transkulturelle studiar tyder på at kva symptom ein har, til ein viss grad avheng av kulturen.

Innhald i depressive vrangtankar, fokus på skuldkjensle og suicidalitet ser ut til å vere

særleg påverkeleg av kultur. Psykomotorisk hemming er mindre kulturavhengig, likeins

opplysningar om at pasientane som oftast har vore upåfallande før dei blei sjuke.

3.2 Kjenneteikn ved bipolare lidingar

Bipolare lidingar er psykiske lidingar kjenneteikna av éin eller fleire avgrensa episodar med

utprega endring i stemningsleiet i form av heva, ekspansivt eller irritabelt stemningsleie

eller overaktivitet. I tillegg vil dei aller fleste ha éin eller fleire episodar med klinisk

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!