04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

40 KAP 4

4 Generelt om behandling

av bipolare lidingar

Dette kapittelet handlar om dei overordna og generelle sidene av behandlinga av bipolare

lidingar. I seinare kapittel kjem vi nærmare inn på behandlinga av dei ulike fasane. Når vi

i det følgjande omtaler pasienten, vil det omfatte pasienten og foreldra (ev. andre omsorgspersonar)

når pasienten er mindreårig.

4.1 Generelle behandlingsprinsipp

Helsepersonell skal vise respekt og lytte til pasienten og dei pårørande. Det er viktig

å gjere pasientane trygge nok til at dei kan kome med det som ligg dei på hjarta, få fortalt

om eigne erfaringar og kjenne seg trygg på at det blir teke omsyn til desse. Det same gjeld

for dei pårørande, som ofte har god kjennskap til pasienten si liding og kan ha ein heilt

sentral rolle i behandlinga. Pårørande kan i enkelte tilfelle sjølv ha behov for helsehjelp,

og helsepersonell bør då hjelpe dei ved å gi dei eit passande tilbod.

Behandlinga må byggje på samarbeid mellom pasienten, helsepersonell og pårørande – så

framt pasienten samtykkjer til dette. Ein god terapeutisk allianse ligg til grunn for all vellukka

behandling. Pasienten må kjenne seg trygg og respektert. Behandlaren bør informere

om teieplikta og dei unntaka som gjeld, f.eks. med omsyn til opplysningsplikt til barnevernet

og Fylkesmannen i førarkortsaker. Tenestetilbodet bør sikre kontinuitet i forholdet

mellom pasienten og behandlaren.

Mange tiltak kan vere nyttige ved bipolare lidingar. Når ein skal velje tiltak, er det viktig

å ta omsyn til kva personen sjølv ønskjer (pasient­ og brukarrettslova (63) § 3­1). Pasienten

har rett til å medverke i valet mellom tilgjengelege og forsvarlege behandlingsmetodar.

Måten pasienten medverkar på skal vere tilpassa evna vedkomande har til å gi og ta imot

informasjon. Det kan vere nødvendig med ei særleg tilpassing av tilboda for personar som

har kognitiv svikt. Ein må leggje vekt på resultatet av tidlegare innsats og ikkje avgrense

tilboda til intervensjonar retta mot symptoma og lidinga. Ein bør også vere open for å bistå

med det pasienten ønskjer hjelp til, og samarbeide med andre instansar når det er

nød vendig.

Ein bør alltid tilby hjelp for å lindre symptom, forkorte episodar og betre forløpet av den

bipolare lidinga. Slik behandling vil som oftast vere medikamentell. Det kan vere like viktig

med tiltak som kan hjelpe personen til å kome seg i aktivitet, betre den sosiale funksjonen,

auke eiga meistring og betre livskvaliteten. Pasientar som ikkje ønskjer å bruke legemiddel,

bør bli møtt med forståing og respekt for dette valet. På same måte som alle andre pasientar

bør dei få eit tilbod som er lagt til rette for dei, og som dei kan akseptere.

Alle pasientar, og pårørande når pasienten samtykkjer til det, bør få tilbod om systematisk

informasjon om bipolare lidingar, slik dette er skildra i avsnitt 2.2.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!