04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

36 KAP 3

av symptoma på mani eller hypomani overlappar med dei diagnostiske kriteria for ADHD.

Det gjeld særleg auka energi, at ein er distré og har taleflom. Dei symptoma hjå barn som

klarast trekkjer i bipolar retning, er tankeflukt, mindre behov for søvn og heva stemningsleie

(110). For å skilje mellom bipolar liding og ADHD, bør ein vurdere symptoma i ein stemningsnøytral

fase. Det er ikkje uvanleg at personar med bipolare lidingar samtidig oppfyller

diagnosekriteria for ADHD, særleg i barne­ og ungdomsalderen, men også hjå vaksne

(47;111).

Personlegdomsforstyrringar

Personlegdomsforstyrringar med labilt kjensleliv (emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring

og dramatiserande personlegdomsforstyrring) kan ha raske endringar i

stemningsleie, men episodane varer som oftast kortare enn hypomaniar. Ved åtferdsforstyrringar

oppstår sinne, irritabilitet, rastløyse og raserianfall. Det kan vere grandiositet,

men ikkje andre symptom på bipolar liding eller klart avgrensa episodar. Depressive episodar

som er ledd i ein personlegdomsforstyrring, er vanlegvis av reaktiv karakter og utløyst

av interpersonlege stressorar. Spesielt ved rusmiddelproblem kan det vere vanskeleg å

skilje bipolare lidingar frå personlegdomsforstyrringar. I studiar av kliniske pasientutval finn

ein, noko hyppigare enn blant folket elles, at personar med bipolare lidingar type I samtidig

oppfyller diagnosekriteria for personlegdomsforstyrring av emosjonelt ustabil type.

Personar i hypoman episode kan vere pågåande og hyperseksuelle, aggressive om ein set

grenser for dei, omsynslause, overkøyrande og lite kjenslevare. Slike personar kan feilaktig

bli diagnostiserte med antisosial eller narcissistisk personlegdomsforstyrring. Ei grundig

sjukehistorie vil gjere det klart om åtferda er episodisk og ikkje har vore jamt til stades frå

tidlege ungdomsår.

Andre lidingar

Ved alvorlege bipolare depresjonar kan pasienten gå så mykje ned i vekt at ein kan forveksle

tilstanden med anorexia nervosa. Eit klinisk intervju er vanlegvis nok for å vise at

pasienten har somatisk syndrom og manglar dei psykologiske kjenneteikna ved anoreksi.

Bipolare depresjonar er ofte prega av energiløyse og trøyttleik. Kronisk utmattingssyndrom

og andre uklare «psykosomatiske» syndromdiagnosar kan bli feildiagnosar dersom ein ikkje

gjennomfører ei fullstendig og systematisk undersøking.

Alvorlege påkjenningar kan gi barn og unge akutte tilpassingsforstyrringar og post­traumatisk

stressliding som kan likne mani (86). Mellom anna kan personar som har opplevd seksuelle

eller andre overgrep, få slike reaksjonar. Anamnese og forløp vil vere viktig med

omsyn til differensialdiagnosen.

Enkelte barn har vedvarande alvorleg emosjonell og åtferdsmessig ustabilitet (Severe

Mood Dysregulation, SMD), med hyppige og sterke frustrasjonsutbrot på toppen av ein

vedvarande irritabilitet. Desse barna skil seg frå barn med bipolar liding ved at episodane

er kortvarige, oftast under 24 timar, og at dei også mellom episodane har irritabel åtferd

(112).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!