04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

28 KAP 3

Hypomani

I ein hypoman episode vil det vere mogleg å halde fram med daglege aktivitetar. Det er

klare endringar frå den vanlege åtferda til barnet eller ungdomen, og desse er tydelege

for foreldre, lærarar og vener.

Depresjon

Djupe depresjonar som begynner akutt og er prega av stor irritabilitet, kan vere ledd i ei

bipolar liding. Andre viktige symptom er redusert energi, dårleg matlyst og forstyrra søvnmønster

(88;89). Psykotiske symptom er vanlege. Samanlikna med barn og unge med unipolar

depresjon, er dei med bipolar depresjon oftare aggressive og har andre samtidige

lidingar, som åtferdsforstyrringar og angst (90;91). Mykje av tida vil dei unge ha depresjonssymptom

som er for få eller for milde til å oppfylle diagnostiske krav til ein depressiv episode

(92;93). Depresjon er vanlegare hjå tenåringar enn hjå barn som ikkje har nådd

puberteten. Kunnskapen om depresjon som ledd i bipolare lidingar hjå barn og unge, er

mangelfull.

Forløp og presentasjonsform

Ein har ikkje klarlagt i kva grad bipolare lidingar startar på ulik måte eller artar seg ulikt

med omsyn til alder. Hjå ein god del barn og ungdom må ein rekne med at den første episoden

er ein depresjon (94;95). Mange kan ha eit labilt stemningsleie frå barneåra av utan å

ha ei bipolar liding, men eit tydeleg skilje i tilstanden ved byrjinga av ein episode styrkar

sannsynet for at det dreiar seg om ei bipolar liding. Barn og ungdom har kanskje symptom

over lengre periodar enn vaksne, oftare blanda episodar og fleire episodar i løpet av eit år

(93). Irritabilitet er vanleg hjå unge med bipolar liding. Det er viktig å merkje seg at irritabilitet

like gjerne kan vere teikn på depresjon som på mani.

Undergrupper av bipolare lidingar

Dei same diagnosekategoriane skal brukast hjå barn og ungdom som hjå vaksne. Når

kriteria for bipolar liding elles er oppfylte, men episodane med manisymptom er kortare

enn 4 dagar, bør ein bruke F 31.9 Uspesifisert bipolar liding og følgje nøye med på utviklinga.

I praksis vil ein del barn og ungdom med bipolar liding få diagnosen Uspesifisert

bipolar liding tidleg i forløpet. Mange barn og unge som får ein slik diagnose, vil oppfylle

diagnostiske kriterium for bipolar liding type I eller II i løpet av nokre år (93).

3.3 Diagnostikk i klinisk praksis

Det kan vere vanskeleg å stille diagnosen, ikkje minst ettersom personar med bipolare

lidingar kan vere symptomfrie og velfungerande store delar av tida. Lidinga kan begynne

gradvis, og det kan ta tid før ein kan stille ein sikker diagnose. Dei fleste vil leite etter

årsaker til plagene sine, og dette kan føre til uheldige konklusjonar der ein for eksempel

lastar arbeidsmiljøet eller pårørande for eigne vanskar. Ved depresjonar, og særleg dersom

ein mistenkjer bipolar liding, bør ein derfor gjere ei systematisk diagnostisk utgreiing.

Denne bør omfatte opplysningar frå pårørande eller andre som kjenner personen godt.

Vi tilrår å bruke kriteriebasert og strukturert diagnostikk av lidingane og episodane. Både

ICD­10­ (4;5) og DSM­IV­kriteria (6) kan brukast, ettersom det ikkje er nokon vesentlege

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!