04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

30 KAP 3

§ sterkt auka behov for søvn, trøytt sjølv om ein søv mykje

§ døgnvariasjon, kjenner seg lettare seint om kvelden

§ sterk angst, særleg panikkåtak

Somatiske symptom

§ migrene frå ung alder

§ parestesiar som ikkje skuldast nevrologisk sjukdom

Sjukehistorie

§ velfungerande mellom episodane, ressursperson

§ depressive episodar med debut før 20 år

§ brå start på depresjonen, deprimert utan klar grunn

§ episodisk panikkliding, sosial fobi eller hypokondri

§ episodisk åtferdsforstyrring eller ADHD­liknande åtferd som barn eller ungdom

§ episodisk overaktivitet eller andre hypomane symptom som varer éin til tre dagar

Slekt

§ bipolar liding hjå nær slektning

§ nær slektning som har fått ECT for depresjon

§ opphoping av sjølvmord hjå nære slektningar

Depresjonsdiagnosen bør uansett vere kriteriebasert. I tillegg er det tilrådd å vurdere

depresjonsdjupna med eit spørjeskjema. Montgomery­Åsberg Depression Rating Scale

(MADRS) er eigna til dette og kan også vere til hjelp for å vurdere effekten av behandlinga.

Skåre over 20 poeng vil oftast svare til eit depressivt syndrom av moderat intensitet.

MADRS bør ikkje brukast som eit diagnostisk instrument, for det er fullt mogleg å skåre

høgt på MADRS utan av den grunn å ha ein behandlingskrevjande depresjon. MADRS

fangar ikkje godt opp symptom på somatisk syndrom og kan gi falsk låg skåre ved bipolar

depresjon.

Inventory of Depressive Symptomatology (IDS) er eit mindre brukt, men meir veleigna

verktøy til å gradere depresjonsdjupna med, ettersom det kartlegg fleire symptom, ikkje

minst dei som er til stades ved somatisk syndrom.

Ved depresjonar er det viktig at ein alltid stiller spørsmål om døgnvariasjon, episodisk

overaktivitet og tidlegare oppstemde episodar. Ein bør også forhøyre seg om personen har

periodisk funksjonssvikt. Maniar får ein som oftast opplysningar om, ettersom dei er lette

å kjenne att og fører til klar funksjonssvikt. Hypomaniar er det vanskelegare å identifisere

i ettertid, fordi personen sjølv kan ha ein tendens til å oversjå eller bagatellisere dei.

Bruken av spørjeskjema til sjølvutfylling er omstridd, og ein har ikkje validert skjema for

identifisering av bipolare lidingar i allmennpraksis. Pasienten skal alltid visast til spesialisthelsetenesta

for diagnostisk vurdering når ein mistenkjer bipolar liding.

Spesialistpraksis

Når pasienten blir vurdert i spesialisthelsetenesta bør den kliniske vurderinga supplerast

med strukturerte diagnostiske intervju. Bruk av MINI, MINI­pluss og Structured Clinical

Interview for DSM­IV, Axis I (SCID­I) er tilrådd. Utan strukturert intervju vil ein lett kunne

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!