04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

32 KAP 3

Spesialistpraksis

Den kliniske vurderinga bør supplerast med strukturerte diagnostiske intervju når pasienten

blir vurdert i spesialisthelsetenesta. Kiddie­SADS diagnostisk intervju, ev. MINI for ungdom

over 16 år, blir tilrådd. Utan strukturerte intervju vil ein lett oversjå samtidige lidingar som

kan vere vesentlege for kva behandling som bør veljast. Ein grundig utviklingsanamnese er

nødvendig, gjerne grafisk framstilt langs ei livslinje. Familieanamnesen må leggje vekt på

å avdekkje teikn på bipolare lidingar i familien. Genogram er eit godt hjelpemiddel (101).

Mange unge pasientar må vurderast over tid for at ein skal kome fram til rett diagnose.

I tilfelle der ein mistenkjer at ei bipolar liding er i ferd med å utvikle seg, er det viktig å gi

pasienten regelmessig oppfølging. Bruk av humørdagbok kan vere til god hjelp. Sjølv om

ein først kan stille ein diagnose når den unge har hatt ein episode med maniske symptom,

bør ein tenkje på bipolar liding når ein depresjon startar svært tidleg og elles har kjenneteikn

frå tabell 4.

Når ein ønskjer å vurdere symptomintensiteten ved bruk av ein måleskala utfylt av ein

klinikar, blir Child Depression Rating Scale (CDRS) (102) tilrådd for bruk i depressive episodar

og Young Mania Rating Scale (103) i oppstemde episodar. Desse skalaene gir ein

råskåre som kan vere til god hjelp når ein skal vurdere alvorsgraden og effekten av behandlinga.

Det er uvikla spørjeskjema som kan fyllast ut av foreldra og brukast til å identifisere

barn og unge som må greiast ut for bipolar liding på klinikken, for eksempel Child Mania

Rating Scale (104). Slike skjema kan også brukast til å vurdere symptomintensiteten.

I seg sjølv er ikkje eit spørjeskjema nok til å stille diagnosen. Den diagnostiske konklusjonen

kviler på den globale vurderinga klinikaren gjer av all den informasjonen som finst om

barnet eller ungdomen, der diagnostisk intervju og vurdering over tid står sentralt. Spørjeskjema

er eit supplement til det samla informasjonstilfanget.

Ein bør utføre dei same medisinske undersøkingane som for vaksne.

3.4 Differensialdiagnostikk

Feildiagnostikk kan få alvorlege konsekvensar. Differensialdiagnostikk skal hindre feildiagnostikk

ved å ta systematisk stilling til om symptom og funn også kan forklarast på

andre måtar. Det er særleg viktig å ta stilling til om symptoma på bipolare lidingar kan

skuldast somatiske sjukdomar, effektar av medikament eller rusmiddel, ikkje­bipolare

depressive lidingar og andre psykiske lidingar med psykotiske symptom eller psykiske

lidingar der depressive symptom er vanlege.

3.4.1 Organiske differensialdiagnosar

Organiske lidingar med hypomane eller maniske symptom

Dersom somatiske lidingar er årsaka til eit klinisk bilete, som ved ei bipolar liding, skal

tilstanden klassifiserast under F06.30 Organiske affektive lidingar. Stemningslidinga må

følgje den organiske årsaka og ikkje vere ein kjenslereaksjon på det å ha ei somatisk liding.

Eksempel kan vere hypomani ved multippel sklerose eller ukritisk manisk åtferd på grunn av

skade i pannelappane i hjernen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!