04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

48 KAP 4

4.8.1 Effekt på akutt depresjon

Studiane viser at strukturert psykologisk behandling kan lindre depressive symptom. Det er

mindre sikkert at behandlinga også forkortar depressive episodar, men mykje kan tyde på

det. Det ser også ut til at psykologisk behandling kan redusere talet på depressive episodar.

4.8.2 Effekt av førebyggjande psykologisk behandling mot depresjon

Fleire studiar viser at psykoedukasjon i fleirfamiliegruppe og individuell familieterapi kan

redusere tida pasientane er i depressive episodar. Psykoedukasjon i fleirfamiliegruppe kan

også redusere talet på depressive episodar, men denne effekten oppnår ein kanskje berre

dersom familien i utgangspunktet fungerer dårleg.

Studiane som ikkje har funne slike effektar, har inkludert pasientar med stor komorbiditet,

særleg ruslidingar, og med mange tidlegare episodar. Det er for få studiar som har samanlikna

fleire psykologiske behandlingar med kvarandre, og med ei kontrollgruppe som har

fått vanleg behandling. Slik sett er det ikkje grunnlag for å hevde at éin psykologisk behandlingsmetode

er meir effektiv enn ein annan.

4.8.3 Effekt på akutt mani

Ved akutt mani er det ikkje påvist at tillegg av psykologisk behandling er meir effektivt enn

legemiddel åleine.

4.8.4 Effekt av førebyggjande psykologisk behandling mot mani

Studiane viser gjennomgåande at pasientar som har fått trening i å kjenne att tidlege teikn

på tilbakefall og har fått ein tiltaksplan, har færre maniske eller hypomane episodar, og det

tek lengre tid før dei får tilbakefall av mani eller hypomani. Ein viktig komponent i behandlinga

ser ut til å vere at pasienten tidleg kan setje i verk behandling med manidempande

medisin.

4.8.5 Avgrensingar i studiane

Brorparten av studiane har omfattande eksklusjonskriterium. Samtidige lidingar, rusmiddelproblem

og kort tid sidan siste affektive episode er vanlege eksklusjonskriterium. Dette

gjer at studiane kan gi eit feilaktig bilete av effektiviteten når intervensjonane blir overførde

til vanleg klinisk praksis. Ein kan ikkje vente same effekt hjå pasientar som har tilleggsproblematikk

som førte til eksklusjon frå dei vitskaplege studiane. Det er likevel viktig

å tilby alle pasientar psykososial behandling sjølv om dei har tilleggsproblem og samtidige

lidingar.

Mange studiar omtalar «bipolare lidingar» og bruker dette omgrepet til å omfatte bipolare

lidingar type I, II og NOS. Publikasjonane skil ikkje alltid mellom desse kategoriane i resultat

og konklusjonar. Intervensjonar som har god effekt ved mani, vil vere knytte til bipolar

liding type I, men når ein omtalar hypomani, kan det gjelde bipolar liding type II og NOSlidingar,

men også bipolar liding type I.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!