04.05.2013 Views

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

Last ned pdf - Helsedirektoratet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

46 KAP 4

Behandlaren si oppgåve er å ta dette opp med pasienten, tilby undervisning og rådgiving

for pasienten og dei pårørande og vere nøye med å registrere og behandle biverknader.

Legemiddel som blir brukt mot bipolare lidingar, har biverknader. Behandlande lege skal

kjenne til desse og sørgje for at pasienten får munnleg og skriftleg informasjon om biverknadene.

Det er viktig å formidle dette på ein måte som gjer at pasienten forstår informasjonen.

Som det går fram av 4.8.8 Psykoedukativ behandling, må informasjonen tilpassast kvar

enkelt pasient. Ved kontrollar bør ein spørje om vanlege biverknader. I spesialistpraksis kan

bruk av ein biverknadsskala, for eksempel UKU­skalaen (158), vere til nytte. Dersom pasienten

sjølv fyller ut eit skjema, fangar det betre opp pasienten sine eigne

oppfatningar enn vurderingar gjort av lege.

Biverknader som vektauke, kognitive symptom og sedasjon fører til dårlegare etterleving av

den medikamentelle behandlinga (159). God psykoedukasjon kan betre etterlevinga (160).

Pasientar som legg på seg under behandling med legemiddel, bør få behandlinga revurdert.

Eit alternativ kan vere å byte medikament. Ein bør også vise til kostrettleiing eller program

for vektreduksjon og tilrå auka fysisk aktivitet. Ernæringsfysiolog og treningsrettleiar kan

vere til hjelp i dette arbeidet.

4.7.3 Polyfarmasi

Polyfarmasi – samtidig bruk av mange legemiddel – er vanleg ved bipolare lidingar. Det kan

vere fornuftig og godt gjennomtenkt, særleg i akutte episodar, dersom pasienten ikkje har

fått tilstrekkeleg effekt av eitt eller to legemiddel og har sikker effekt av kombinasjonen av

fleire. Det finst ingen randomiserte og kontrollerte studiar som kan seie noko sikkert om

verdien av å bruke meir enn to medikament for å førebyggje nye episodar. Samtidig er det

godt dokumentert at mange pasientar ikkje har tilstrekkeleg førebyggjande effekt av å

bruke to legemiddel.

Mange legemiddel samtidig aukar sjansen for biverknader og farmakologiske interaksjonar.

Det er derfor viktig å bruke så få legemiddel som mogleg. Personar som tek mange legemiddel

for bipolare lidingar, bør få revurdert tilstanden og indikasjonen hjå ein kompetent

spesialist med jamne mellomrom. Ein bør vere tilbakehalden med å skrive ut vanedannande

medikament, for eksempel middel som roar ned pasienten, og sovemedisin, til fast bruk.

4.7.4 Seponering

Personar med bipolare lidingar bør åtvarast mot å avslutte medisineringa på eiga hand. Det

vil nesten alltid vere betre om seponering skjer i samråd med behandlande lege. Då kan ein

leggje til rette for tett oppfølging og planleggje kva som skal skje dersom personen på ny

får symptom på lidinga. Ikkje minst er det viktig at sjølve seponeringa blir gjennomførd på

forsvarleg vis. Bråseponering av legemiddel aukar risikoen for raskare tilbakefall. Denne

risikoen er langt mindre dersom dosen blir redusert gradvis.

Mange ønskjer å slutte med medisinen sin frå tid til annan, og ein må då oppfordre dei om

å ta opp slike spørsmål med behandlande lege. Helsepersonell må ha respekt og forståing

for personar som ønskjer å avslutte medisineringa, og setje av nok tid til å drøfte spørsmålet

grundig. Eit viktig element i vurderinga er risikoen for at det skal oppstå nye episodar,

og kor raskt det kan skje.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!