21.07.2013 Views

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

16

Lokalhistorisk magasin 4/08

Tema: Håndverk og arbeidsteknikk

Markaslått i manns minne

av Joralf Halgunset

Arbeidet med å slå småeng i marka,

såkalla markaslått var svært utbreidd

mange stader. Slåtten i utmarka gikk føre

seg etter at graset heime var slegi og stort

sett komi i hus. Graset på dyrkajorda

heime var av grovare slag, her var ekrene

gjødsla, fraua, og dei vart kalla fraueng.

Mange løer står enno og mange namn

som Storslettet, Likkjslettet vitnar om

tidlegare tiders onnearbeid (slette kjem

her fra slått og ikkje frå terrengformasjonen

ei slette).

Kvart gardsbruk hadde slik slåtteeng.

Den beste slåttemarka var i skogsterreng,

der ein laut rydde skog før det vart forhold

for grasvokster og ljåslått. Graset her var

bladrikt og næringsrikt. Men slik slåtteeng

var begrensa attåt at det kunne vera

arbeidskrevjande å opparbeide slik eng.

Difor laut folk, og ikkje minst husmenn

og småbrukarar slå graset på myrer og i

myrdrag og myrglenner i skogterreng.

Store myrareal vart «skråpa» rein for

gras. Det var lite gras på desse

myrflatene.

Det var ei klår kjønnsfordeling i arbeidet.

Å slå med ljå var mannfolka sitt

område, og å breie graset utover var

kvinnfolkarbeid. Når det var lite gras,

vart det ikkje gras samanhengande. Da

vart graset raka saman i høyræker (ei

høyråk). Der det var mykje gras, vart det

tjukke ljåskårar, og graset dekte all mark

som var slegi når det vart breidd jamnt

utover. Når det var slik, vart det kalla

einbrei.

Til å rake saman gras (og høy) vart det

brukt ei rive med relativt breitt rivehovud

og korte tindar (7–10 cm lange). Desse

rivene vart kalla breiarriver, eller og

tausariver. (Sjå fig 3).

Når ei slo med ljå, var det viktig å

utnytte dogga om morgonen, for ljåen

beit betre når grasbotnen var fuktig.

Graset som var slegi fram til eit stykke

på føremiddagen vart vendt etter middagen

(som vanlegvis var kl 12.00) dersom

det var sol og høytørk. Alle, både vaksne

og ungar som evla ei rive, var oftast med

på vending. Ein starta da nederst dersom

det var einbrei, og var det høyreker så

spreidde mannskapet seg på fleire i

gongen. Der fleire var i lag, gikk slåttafolket

etter kvarandre. Kvar einskild tok

om lag 80–100 cm innpå høyflaket, sette

riva på skrå i forhold til marsjretningen,

og på den måten fekk ein snudd og løfta

på graset. Det som hadde liggje nærast

bakken kom no opp, slik at det óg kunne

få sol på seg og tørke.

Det hendte ikkje så sjeldan at sola

svikta, og det vart slutt på høytørken.

Serleg dersom det var litt grovare for, så

vart det halvtørre graset sett i såter på

slutten av økta, eller før óg viss det vart

regn. Dette vart gjort for at kvaliteten på

Høystengene vart oppbevart frå eit år til

neste. Her er dei hengt opp på veggen til

farfarløa. (Foto: Joralf Halungset).

foret skulle forringast minst muleg, også

om det vart dagar utan høytørk. Når ein

sette såter, gikk ein fram på følgjande

måte: Først raka ein saman (vanlegvis)

tre vender til ein skår, dvs ein rull. Så tok

ein saman eit par meter frå enden av

rullen og innover til ein dunge. Deretter

tok ein ein tilsvarande bit av rullen frå

andre sida av dungen. Denne la ein oppå

den første ved hjelp av rive og hender og

føter i samarbeid. Til slutt forma ein såta

så kompakt ein greidde, nettopp for at

væte ikkje skulle trenge inn i det halvtørre

graset. Heile operasjonen med å

lage ei såte laut skje raskt, for det kunne

bli mange såter på ei ekre, og det gikk

ikkje å somle med å laga dei til. I markaslåtten

var det mindre vanleg å lage

såter.

Når det såg ut til å bli høyvér att, var

det tid for å kaste såtene. Det vil seia at

såtene vart strødd utover så jamnt som

muleg. Men no brukte ein berre hendene,

eller kanskje somme brukte gaffel. Og så

var det same rutinen opp att, med vending

ved middagsleite – og kanskje ny såting

viss høyvéret svikta enda ein gong. Men

var ein heldig, kunne ein så høye dette

fóret før det vart kvelden. Ikkje rart at

slåttefolket følgde nøye med vérvarslinga,

etter at radioen vart eit vanleg møbel,

og før den tid var det viktig å kunne spå

véret.

Høying av flathøy, eller å høye på

marka som det óg vart sagt, føregikk

med ein eigen teknikk. Ved høying der

det var tunt med gras, laut ein fare over

eit større areal for å få nok høy til eit lass.

Difor var det vanleg å setje høylass. Det

betyr at lass vart lesst, og så vart lassa

køyrt (eller dregi) inn til høyløa etterpå,

kanskje første dagen.

Å lesse eit markalass føregikk på følgjande

måte:

Først skaffa ein seg ei høystong. Ei

høystong var ei beinast muleg stong av

ein trestamme, på om lag tre meter

lengde, og med eit tverrmål i rotenden på

ca 10–12 cm. Høystengene vart oppbevart

frå eit år til neste. (Sjå bildet øverst

på sida).

Ei slik høystong plasserte ein på

bakken, på ein mest muleg flat og tørr

stad. Så la ein fem kvistar, kvar på ca 1,5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!