21.07.2013 Views

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

32

Lokalhistorisk magasin 4/08

Historelagene

som budde der frå før heldt fram med å

leva som tidlegare, eller gjekk inn i den

norrøne befolkninga gjennom giftarmål.

Svært spesielt er det med tinget som vart

oppretta i 979 – i alle høve reknar ein

dette året som det året då tinget vart

grunnlagt. Tingvollen er stadig i bruk.

På nasjonaldagen 5. juli marsjerer dei 24

folkevalde som representerer dei 15 ulike

distrikta på øya ut gjennom kyrkjedøra i

landsbyen St. Johns og går langs paradevegen

bort til den oppbygde tingvollen

eit stykke unna, på ein grusgang som er

dekt av siv og med uniformerte vakter

som står i stram giv akt.

Overalt på Man er det synlege spor

etter den norrøne kulturen, eller «vikingtida»

om ein vil. Ei eiga avdeling på

museet i Douglas fortel om dei arkeologiske

funna som er gjort – einskildfunn

som sverd og smykker, og utgravingar av

busetnader og graver, m.a. såkalla båtgraver.

I ei kistegrav på Ballateare nordvest

på øya vart det t.d. gjort interessante

funn av ein vikinghøvding som var gravlagd

saman med ei trellkvinne som vart

funne med knust hovudskalle. På Maughold

nord på Man fekk me studera ei

rekkje bautasteinar med norrøne solkross.

I kyrkja like ved finst eit av dei aller

eldste relieffa av dei tre føtene som har

vorte sjølve symbolet for Man og som

også går att i flagget – eit eldgammalt

symbol for venskap. På den same søyla

finn me også den doble rosa som var

symbolet for Nidaros på 1100-talet. Isle

of Man og Suderøyane (Hebridane) var

underlagt biskopen av Nidaros. Spor etter

det norrøne samfunnet finst såleis alle

Bildet til venstre: Dei 32 deltakarane på studieturen til Isle of Man samla på Tynwald ved

landsbyen St. Johns. Til høgre: Minne om dei norske vikingane finn ein overalt. Her frå klosteret

Rushen Abbey som vart grunnlagt av den norske kong Olav 1. av Man i 1134. (Foto: Knut Rage).

stader – også i mange av stadnamna.

Apropos musear – på Man kan dei

dette med å laga til gode og godt besøkte

musear og historiske utstillingar. Det er

lagt ned pengar og arbeid på dette feltet

som ville vore utenkjeleg heime i rike

Noreg. På turen stod høgdepunkta i kø –

frå festninga Castle Rushen der ein kan

vandra gjennom ein fullt utstyrt og

befolka mellomalderborg (som kan måla

seg med Tower of London, vert det sagt),

via det imponerande House of Mannanan

der historia til Man vert levandegjort på

ein heilt utruleg måte via elektronisk

styrte figurar og datateknikk, til det flotte

og meir tradisjonelle museet i Douglas,

der ei heil avdeling som nemnd er vigd

vikingtida, og til klosteret Rushen Abbey

som vart grunnlagd av kong Olav 1. av

Man i 1134. Her får ein oppleva klosterlivet

slik det var i mellomalderen, då dei

tause, kvitkledde cisterciensarmunkane

heldt til her.

For mange av dei litt eldre vestlendingane

i følgjet var eit besøk i Kipper

House i den vesle byen Peel eit høgdepunkt.

Det vert påstått at Manx kippers

har ein høgare internasjonal status enn

TT-racet. Her får ein kjøpt lettsalta sild

som er røykt over eikespon i 12 timar.

Heilt sidan 1882 har Moore's of Peel stått

for produksjonen. Noko meir moderne er

nok varianten «kippersburger», som

gjekk ned på høgkant hos somme av reisedeltakarane.

Langt fram på 1900-talet

var det kippersproduksjon også på Vest-

landet, noko som gav mange arbeidsplassar,

særleg til kvinner.

Ein annan interessant stad som vart

vitja under det fem dagar lange opphaldet

var landsbyen Cregneash, som har endra

seg lite sidan 1800-talet. Fleire av husa er

framleis bebudd, medan andre er opna

for publikum. Og det var også i nærleiken

av Cregneash at turen enda om ettermiddagen

den femte dagen, heilt sør på øya.

Her ligg Sound Visitor Centre, som vart

opna for fem år sidan med dronning

Sonja og kong Harald til stades.

Mykje meir kunne vore fortald frå ei

særs lærerik og forvitneleg reise. I tillegg

gjekk ferda innom York og Durham i

England på heimreisa. Det var lagt opp

til eit tettpakka program med ein guide

som sat inne med store lokalkunnskapar

og som verkeleg kunne kunsten å formidla

kunnskapane vidare – lokalhistorikaren

og forfattaren Frank Cowin.

Neste år held reiseprosjektet fram. Kvar

ferda går då er ikkje heilt bestemt i skrivande

stund – Dublin og Normandie er

sterke kandidatar.

PS. Men ein ting som er typisk for Man

fekk me ikkje med oss – den halelause

manx-katten. Det var akk så normale

kattar å sjå alle stader…

Knut Rage er biblioteksjef i Tysnes

kommune, og redaktør for Sunnhordland

Årbok, årboka til Sunnhordland

Museum og Sogelag.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!