21.07.2013 Views

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

26

Lokalhistorisk magasin 4/08

Tema: Håndverk og arbeidsteknikk

Kulturringen i akershus

I teneste for småfaga

av Hans Hosar

– Småfaga kan gjerne kallast både kulturhandverk og tradisjonshandverk,

seier dagleg leiar Marit Sørlie i Kulturringen.

Ho refererer til rapporten Kulturhåndverk. Avtrykk fra fortiden.

Uttrykk for øyeblikket. Grunnlag for framtiden. Den kom

i fjor haust, og var utarbeidd på oppdrag av Kultur­ og kyrkjedepartementet.

– Spørsmålet er kva ein skal marknadsføre

desse faga som. Her er vi mest opptekne av det praktiske ved å

skaffe opningar for ungdomar som vil gjere noko med hendene

sine og skape seg levebrød på den måten. Handverk er

næring.

– Vår viktigaste oppgåve har heile tida vore å skaffe læreplassar

for folk som ønskjer yrkesopplæring i handverksfag der

verksemdene er få og små. Ein verkstad med kanskje to-tre

tilsette kan vanskeleg ta på seg forpliktingane og meirarbeidet

som følgjer med ein læreplass. Der kan vi kome inn og hjelpe

til. Det unike med Kulturringen er at vi tek arbeidsgjevaransvaret

for og dekkjer lønna og dei direkte utdanningsutgiftene

til lærlingen. Det er løyvingane frå fylkeskommunen i tillegg

til dei ordinære statlege tilskota som gjer dette mogleg. Det

vanlege er elles at lærlingane inngår kontrakter med vedkomande

bransje sitt eige opplæringskontor. Da er det lærebedriften

som betaler lønna og har arbeidsgjevaransvaret i læretida.

Akershus fylke er aleine om å ha eit slikt tilbod som Kulturringen

står for.

Kulturringen held til i eit lite raudt hus, visstnok ein gammal offisersbustad,

i den tidlegare Gardermoen militærleir. Staben der består av

dagleg leiar Marit Sørlie og konsulent Anne Bergitte Pettersen. Sørlie

er utdanna tekstilformingslærar, og underviste i mange år i vidaregåande

skolar i Akershus i faga formgjeving, norsk og kroppsøving. Ho

vart tilsett i Kulturringen i 1999. Anne Pettersen er nokså nytilsett i

halv stilling med sekretæroppgåver. (Foto: Hans Hosar).

Er det bruk for småfaga?

Lokalhistorisk magasin undrast på om det kan vere nokon særleg

etterspurnad etter desse «sære» handverka med nemningar som

vi knapt nok veit kva tyder – gjørtlar, bøkkar, modist osv. Er faga

haldne ved lag med kunstig andedrett for så å seie museale

føremål? – spør vi litt uærbødig.

– Det er lov å undrast, svarar Sørlie. Men på fleire område

har etterspurnaden faktisk auka i seinare år. Hovslagarar har

fått ein renessanse med alle hestane som blir brukt til hobbyriding.

Ja, hovslagarhandverket saman med møbeltapetserar- og

filigranshandverka har faktisk vorte utdefinert som verneverdige

fag, av di talet på lærekontrakter har overstige det minstemålet

som gjeld for dei offentlege særtilskota. Dette minstemålet

er på 15 nye kontrakter over ein treårs periode.

– Elles er det jamt over ein avgrensa, men stabil og vedvarande

marknad. Smedar lagar smijernsportar for villaeigarar.

Modistar lagar damehattar for ein liten krins kundar, men

kanskje mest til teaterverksemda. Forgyllarane får oppdrag frå

kunstsamlarar og galleri, men også frå privatpersonar som skal

ha flikka på ei gammal maleriramme eller andre familieklenodiar.

Lærestader også i utlandet

I hovudsak skal Kulturringens arbeid drivast innan Akershus

fylke, og det skal fortrinnsvis takast inn lærlingar med bustadadresse

der. Men Sørlie kan fortelje at dei har hjelpt ivrige ungdomar

også andre stader frå. Dessutan er det innan fleire av faga

nødvendig å leite langt utanfor fylket for å skaffe lærebedrifter.

Ja, i mange tilfelle har ein måtta gå til utlandet. Dette ikkje berre

fordi det er nødvendig, men også fordi lærlingane sjølve ønskjer

å hente impulsar og kompetanse utanfrå, noko som for øvrig har

eldgamle tradisjonar innan hand verks faga.

– I den seinare tid har vi til dømes hatt tre salmakarlærlingar

i England og ein gjørtlar i Sverige. Ein korgbindar har hatt sin

fagansvarlege i Danmark, medan ho sjølv arbeidde i eigen

verkstad i Noreg. Fleire av våre lærlingar har fått det europeiske

Leonardo-stipendet for å ha opplæringsperiodar i andre

land i Europa. Mellom anna hadde ein smedlærling eit opphald

for å studere smedkunst i Ghent (Belgia). Ein lærling i forgyllarfaget

har gått på Meisterschule für das Maler- und Lackiererhandwerk

i München med støtte frå eit anna stipendprogram

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!