21.07.2013 Views

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

Nr 4, 2008 - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

20

Lokalhistorisk magasin 4/08

Tema: Håndverk og arbeidsteknikk

hesteal og brukshestar. Bøndene føretrekte

hingstar og meinte dei klarte seg

best mot rovdyr. Ulempa var at dei kunne

sparke kvarandre halvt i hel når dei slost

om revir. Dei militære peika på at det

kunne ikkje verta noko skikkeleg al, når

det krydde av hingstar på beite. Skorne

hestar, vallakar, var dei beste og rolegaste

brukshestane. I siste halvdel av 1700-talet

var det vanleg å skjere dragonhestane.

Dei som utførte tenesta, fekk brev på å

reise med handverket i fredstid. Me finn

dei i større og mindre følgjer, særleg på

Austlandet og i Trøndelag. Ein kan sjå

ein link frå desse til tartarar i den

svenske hæren på 1600-talet og til somme

av dei reisande som står nemnde i FF. Vel

15 prosent av dei som er nemnde med

yrkestittel i FF oppgir hesteskjerar eller

kursmed/dyrlege som profesjon.

Kniven skal ha tilhøyrt «Tater-Gustav». Det

dreier seg truleg om Gustav, son til Stor-

Johan, som reiste eit langt liv på Austlandet.

Kniven med skaft og slire i nysølv vert også

rekna som typisk taterarbeid. På nettsidene

til dei ulike taterforeiningane er det lenker

til dei som arbeider med mellom anna knivar

og trådarbeid i dag. Ein del av arbeida har

høg dekorativ kvalitet, slik både kniven og

kakefatet på bildet under viser. (Foto: Tore

Lande Moe).

«Uærleg arbeid»

«Uærleg» tyder i denne samanhengen ein

negativ kvalitet som var knytt til visse

handlingar/arbeid og personar som

utførte dei. Bøddelen hadde kontakt med

«uærlege» fangar og vart smitta sjølv.

Rakkaren og nattmannen (som fjerna

åtsel og tømde privetane) var uærlege.

Kastrering av hestar vart sett på som

uærleg/ureint. Det same gjaldt å slakte

dei, flå dei og dels det å ete hestekjøtet.

Eilert Sundt har ei soge som godt illustrerer

kor lite dei reisande lot seg påverke

av bondesamfunnet sine reglar og fordommar.

Eit taterfølgje tok på seg å

slakte og flå ein hest på ein gard i

Romsdal. Det beste kjøtet steikte dei og

åt det saman med brennevin som var ein

del av løna, og dei «..holdt sig lystige paa

dette for de sammenstimlede Bønder saa

afskyelige Maaltid». Som avslutning

takka leiaren i følgjet for maten og ønskte

bonden hadde ein like feit og velsmakande

hest å slakte neste gong dei fòr

gjennom bygda.

«Merraflåar» er ikkje ein tittel dei

reisande smykka seg med, men tradisjonsoppteikningar

syner at så lenge førestellingane

om uærlege/ureine sysler

var rådande, var det dei som utførte arbeidet.

Hos fastbuande var desse fordommane

så inngrodde at styresmaktene såg

det som ein belastning. Det same gjaldt

andre rakkarsysler, til dømes kastrering

og flåing av hundar og kattar.

Skorsteinsfeiing hadde og lenge ein

status på line med desse. I FF er det tittel

for meir enn 11 prosent.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!