26.07.2013 Views

Er skolen på rett kurs? - Norsk Lektorlag

Er skolen på rett kurs? - Norsk Lektorlag

Er skolen på rett kurs? - Norsk Lektorlag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

for ikkje å fokusere på kunnskap, tar

feil. Det nye synet på kunnskap gjorde

pedagogikk og skolepolitikk immune

mot fagleg kritikk. Koplinga mellom

lektorar og krav om kunnskap var likeeins

problematisk for norsk egalitetstenking

og sosialdemokratisk likskapsideologi

og anti-intellektualisme.

Det seier seg sjølv at å fjerne universitetsutdanna

lærarar frå ungdomsskolen

og erstatte dei med allmennlærarar

kunne forsvaras om empiriske studiar

over lang tid utvitydig hadde vist

at universitetsutdanna lærarar hadde

negativ læringseffekt i ungdomsskolen.

Men slike undersøkingar var betrakta

som unødvendige. Det var tilstrekkeleg

å sjå kva sentrale pedagogar og

Arbeidarpartiets skolepolitikarar sa om

saka. Trua på blandinga av sosialdemokratisk

og omsorgspedagogisk ideologi,

utmynta i utdanningspolitiske vedtak,

heldt som bevis.

omsorgsarbeidarar

Det tok ikkje lang tid før konsekvensen

melde seg. Ved å hevde at allmennlærarane

kunne overta arbeidsoppgåvene

til universitetsutdanna lektorar og

adjunktar utan å ha desse sine faglege

kunnskapar, sa dei samtidig frå om

at kunnskap og kunnskapsformidling

ikkje var det nye skoleslagets hovudsak.

Dei hadde gjort seg til omsorgsarbeidarar

og på det viset gitt frå seg det beste,

truleg også det einaste, forhandlingskortet

sitt for sosial status og lønn. Det

første steget på vegen til deklassering

av læraryrket var tatt. Implikasjonen er

etter kvart openberr: Dei skolen treng

som lærarar, søker ikkje til yrket.

Den amerikanske psykologen Carl

Rogers lanserte tidleg på 70-talet læra

om omsorgs- og heilskapspedagogikk:

Skolen har lagt einsidig vekt på det

kognitive. Nå må emosjonelle sider

ved mennesket rehabiliteras: Er eleven

tolerant, empatisk forståande, etc.? Blir

dette blanda saman med det “utvida

kunnskapsbegrepet”, må det gå gale.

Emosjonalisering av det kognitive fører

til at det kritiske potensialet som ligg

i det kognitive, blir fortrengt til fordel

for kjensler og synsing. Det er t.d.

viktigare at Per og Pål oppfattar prosjektarbeidet

sitt som triveleg, enn at

opplysningane dei er komne fram til,

stemmer. Emosjonanes inntog bidrog

til å gjere skillet mellom sant og usant

irrelevant. Konsekvensen av dét er at

rolla til tradisjonelt kognitiv kunnskap

blir tilsvarande svekka.

”myten om lektoren

oppstod: Ein lektor er

utelukkande og snevert

opptatt av fag. Uhorvelege

mengder av kunnskap set

lektorane ut av stand til

å undervise, dvs. formidle

kunnskap. Og enda verre:

kunnskapen hindrar han

eller henne i å ha omsorg

for elevar.”

kva utslag gjorde omsorgsidealet?

Resultata frå PISA-2000 viser at 6% av

norske 15-åringar var analfabetar, 11%

funksjonelle analfabetar. 20% var på

lågaste nivå av lesedugleik. PISA-2003

viste at utviklinga stadig var negativ:

Nå var 20% totale eller funksjonelle

analfabetar, mot 17% tre år før. –

Kva så med PISA-2006? Jau, etter at

kunnskapsløftet vart implementert, har

den prosentuelle delen av funksjonelle

analfabetar auka til 22% - med den fordelinga

at 29% av gutane fell inn under

kategorien mot 15% av jentene. I matematikk,

naturfag og problemløysing er

stoda tilsvarande.

Dette er katastrofalt, både for kvar

einskild som er råka, og for nasjo-

nen. Står mellom kvar fjerde og femte

ungdom i ferd med å bli utelukka frå

arbeidsoppgåver som føreset at ein kan

lese, skrive og rekne, burde dette ikkje

– sjølv ikkje for omsorgspedagogar –

tolkas som eit indisium på at skolen

vår er ein omsorgssuksess. Men det

vil kunne gje arbeidplassar til sosialteneste,

rettsapparat og fengsel. Det kan

sjå ut til at satsinga på omsorg på ein

makaber måte genererer aukande behov

for omsorgskompetanse. Men eg kan

likevel ikkje heilt fri meg frå tanken om

at dette neppe var hensikten bak omlegginga

frå kunnskaps- til omsorgsskole.

Skolen presenterer oss for eit paradedøme

på nasjonal omsorgssvikt. Den er

eit kontant bevis på at dei som i årevis

har insistert på at skolens omsorgs- og

sosialiseringsoppgåve må overordnas

skolens oppgåve som institusjon for

daning og kunnskapsformidling, har

tatt fundamentalt og tragisk feil. Det

er eit påfallande paradoks at fokus på

omsorg skal generere omsorgssvikt!

Påstanden min er at skolens primære

oppgåve er formidling av kunnskap, og

at sosialiserings- og daningsoppgåva

skolen kan påleggas, er å syte for at

elevar kan utvikle den sjølvdisiplin og

ansvarsevne som trengs for å fungere

sosialt, i arbeidslivet og i tileigning av

nødvendig kunnskap og kompetanse.

Danings- eller sosialiseringseffekten

skolen kan gje, er etter mitt syn ein

”spin-off ” av arbeid med faga. – Etter

at det utvida kunnskapsbegrepet vart

introdusert, og den Rogers-inspirerte

pedagogikken overtok hegemoniet, har

synet mitt stort sett blitt møtt av eit

motspørsmål: ”Kva er kunnskap”? -

Svarer eg, eller andre, ved å vise til

kunnskap i matematikk, historie, etc.,

får vi straks vite at vi er tilhengarar av

elite og klasseskille. Dét skal vi ikkje

ha noe av i Noreg!

Kva med vilkåret for å komme seg ut av

hengemyra? – Er det slik at skolen sjølv

er hengemyra, og eg ser ikkje bort frå at

Lektorbladet nr. 3-10 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!