27.07.2013 Views

aktuelt

aktuelt

aktuelt

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6

sideblikk

Det er gøy å finna ein

vinkel og eit augneblink

ein ikkje har sett mange

gonger før.

Det seier fotograf Bjørn Erik

Larsen. For tre år sidan var han i

symjehallen på Haakonsvern for

å laga reportasje frå nordisk meisterskap

i marinefemkamp. Det

var i livredningsgreina Larsen

fanga symjarane. Femti meter

symjing, og så ned på tre meter

for å plukke opp ei dokke som

skulle førast i land 25 meter unna.

Gutane måtte finne seg i å symje

halve heatet med kleda på.

– Eg skvatt litt då dei stupa uti

med klede. Eg hadde faktisk trudd

at dei skulle av først, seier han.

Karakteristisk. I 1993 til 1994

var Larsen vernepliktig fotograf i

Forsvarets forum. Alt då hadde

han fått interesse av å fotografera

med vidvinkellinse. Interessa er

der enno, men han er forsiktig

med å ikkje bruka han for ofte.

– Det er ein del folk som ikkje

likar den linsa like godt. Det er jo

ein effekt ein kjenner igjen fort,

men sidan den er så karakteristisk

lyt ein vera varsam og heller variera,

meiner han.

Fekk prøva. Den nordiske meisterskapen

i Bergen hadde deltakarar

frå Norge, Sverige, Danmark,

Finland og Tyrkia. Larsen var i

symjehallen som frilansar for

Forsvarets forum. Det har han

JULI/AUGUST 2008 F

gjort med jamne mellomrom

sidan.

– Dei beste minna frå førstegangstenesta

var dei gongane eg

fekk prøva leiketøya deira. Den

eine dagen sat eg skrevs over kanonen

på ei Leopard-stridsvogn,

den andre hengte eg utanfor eit

helikopter ved Finnmarkskysten,

fortel han.

Dårleg betaling. – Det einaste

negative eg kjem på er dei gongane

då me rekna ut kor mykje eg

ville tent på bileta dersom eg

ikkje var i førstegongsteneste, fortel

han med eit smil.

Bjørn Erik Larsen meiner

sportsreportasjar ofte blir sjåande

like ut på trykk. Difor legg han

inn litt ekstra arbeid for å finne

den rette augneblinken.

– Det ser jo fort ut som at det er

ei vanleg trening. Men sidan dei

hadde klede på seg og eg brukte

vidvinkellinse, blei det noko anna.

Hadde eg brukt ei vanleg linse

ville eg ikkje fått med alle omgjevnadane.

Akkurat dette biletet

funkar altså godt med vidvinkel,

slår fotografen fast.

Så kan betrevitarane meina kva

dei vil.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

Vass

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!