28.07.2013 Views

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

Trygg Havn - den indre sjømannsmisjon

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Reportasjer Reportasjer

Velsigna av CD-ar og Elieserbesøk

Av Evy Kvalsvik

I skrivande stund ligg eg, slik eg ofte gjer. Ikkje fordi eg har lyst, men fordi eg må. Kvar

time av dagen må eg ta omsyn til intense ryggsmerter, det er som om dei styrer livet mitt.

Eg kan mest ikkje hugse korleis det er å vere bra. Dagane har vorte til månader, som

igjen har blitt til år.

Alt som er mulig å gjere har vorte prøvd, trening,

fysioterapi, rehabiliteringsopphald etc. Etter ein

ryggoperasjon for to og eit halvt år sidan hadde

eg håp om betring. Eg såg fram til lettare dagar.

Ny opptrening, ny runde med fysioterapi, alt vart

gjort for å bli frisk. I staden vart eg gradvis verre.

20 Trygg Havn - nr. 06 - 2012

Motløyse, mangel på energi og vakenetter vart

ein del av kvardagen. I tillegg har borna mine utfordringar,

noko som krev mykje ekstra omsorg.

Familien var, og er til stor støtte. Har fått stor hjelp,

også frå vener. Likevel strakk ikkje kreftene til.

Ein dag i fjor haust var eg ekstra sliten. Likevel

måtte eg ut for å handle litt. Den minste ting var eit

ork. Tilfeldigvis møtte eg på ein kjenning utanfor

butikken. Han er alltid så hyggelig å snakke med.

Sannsynligvis såg han at eg hadde vondt og spurte

kor det gjekk med meg. Omtanken varma.

Plutseleg for han bort i bilen sin, kom tilbake og

sa: «Eg vart minna på deg, du skal få ein CD av

meg». Det var uvant å få ei slik gåve, eg vart glad

og takka. Eg kunne ikkje la vere å spørje kvifor akkurat

eg skulle ha den. «Det er fordi Gud vil at du

skal lytte til denne musikken». «Eg kjem akkurat

frå betelskipet «Elieser» og der vann eg den. Du

må ta deg ein tur dit. Det er så spesielt godt å vere

der, og mannskapet er så hyggjelege».

Så sa han kva tid det neste møtet skulle vere.

På heimveg sette eg på CD`en, og ganske umiddelbart

merka eg at songen gjorde noko med meg.

Eg vart fylt av ro. Den var så god å lytte til. Den

første eg høyrde var «Bare stol på Gud». Eg la spesielt

merke til teksten, det var som om dei orda var

til meg. Det føltes som om det var meininga at eg

skulle høyre det – den dagen alt føltes ekstra tungt.

Resten av dagen gjekk eg å tenkte på denne hendinga.

Eg har alltid vore Guds barn, og har bedt

kvar dag. Uansett prøvelsar har ingen kunne tatt

ifrå meg trua, men eg følte på eit vis at Gud hadde

«gløymt meg». Den dagen fekk eg bekrefta at det

ikkje var tilfelle. Han viste at han er til. Eg vart fylt

med nytt håp, og bestemte meg for å møte opp på

«Elieser» så snart neste møte skulle vere.

Så vart det slik at eg hadde tatt feil av tidspunktet.

Eg hadde tenkt å snu då ein av mannskapet inviterte

meg ombord. Eg vart så godt motteken at eg

vart heilt overvelda. Eg fekk kaffi og vaflar. Dei

viste interesse, og sa at eg var velkomen likevel.

Dei såg at eg streva med å sitje, det er noko av det

vanskeligaste vedrørande ryggen.

«Vil du at vi skal be for deg?» Eg kunne ikkje anna

enn å takke ja. Eg følte sterkt at Jesus var mitt

i blant oss. Mannskapet heldt hendene sine på

meg, og saman ba dei kvar og ein. Om at eg skulle

bli frisk igjen. Fylt av takksemd tok eg farvel.

Seinare fekk eg anledning til å delta på eit av møta

deira. Da fekk eg høyre igjen songen, «Bare stol på

Gud». Eg kjende igjen stemma, det var Tone som

song så fint.

For meg vart denne opplevinga eit vendepunkt.

Eg fekk nytt pågangsmot. Trass i at smertene auka

på.

Nokre månader seinare var eg til lege i Ålesund.

Reisa dit tok på. Eg var så sliten. Det var vondt å

gå, men ingen plass der eg kunne kvile medan eg

venta på hurtigbåten heim. På vegen dit oppdaga

eg at «Elieser» låg til kai like ved Det var som ei

openberring. Eg visste ikkje at den skulle vere

der på det tidspunktet. Tilfeldigvis var det same

mannskapet om bord som hausten før. Gjett om

eg vart godt motteken?

Her fekk eg liggje på sofaen, kaffi og vaflar kom

fort på bordet. Tone kom med nysteikte fiskekaker.

Ute regna det, eg var både kald og trøytt. Der låg

eg med pledd, det var varmt og godt ombord.

Eg kjende kor takknemlig eg var. Takk Jesus. Dette

kom frå deg. Den gode samtalen frå sist og omsorga

dei synte meg, var heilt unik. Dei hjelpte med bort

til hurtigbåten. På heimveg fekk eg også med ein

CD, som eg lytta til i bilen. Teksten gjekk meg rett til

hjartet. Den var så vakker. Sidan då har eg høyrt på

den gong på gong, utan nokon gong å bli lei av den.

Folk som tvilar har spurd: «Korleis kan du tru på

Gud når det har vore slik motgang?» Svaret er enkelt.

Eg har fått så mange bønnesvar i det siste. Guds

nærver har kome til meg mange gonger, spesielt når

eg har lytta til songane eg fekk ombord på «Elieser».

Når ein ikkje klarer å gjere det ein ynskjer, er det lett

å bli rastlaus. Eg sa det til ei dame forleden. Da sa

ho noko klokt: «Du kan vere stille for Herren». Be

for andre. Bruke tida til å lytte, bli betre kjend med

tankane dine». Det var til ettertanke. Dersom vi er

oppteken med alt mulig, er det vanskelig å «høyre»

når Gud taler til oss.

Trygg Havn - nr. 06 - 2012 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!