21.09.2013 Views

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Årgang 10, nr 1 - 2001 Kjelda 13

mannen ikkje fann bryet verdt å åpne

den. Og vel var det, for det var ikkje

stort anna enn eit Nordsjøkart i den!

(Ein gang til: Det var ikkje stort anna

enn eit Nordsjøkart i den! (anm. B.Ø.)

Det var Dale som visste adressa til “Flyktningekontoret”

i Bergen. Der fekk me

ymse rettleiingar, m.a. fekk me kvar

våre stikkord. Så ein dag var me ombord

på rutebåten ut frå Bergen. Det var stappfullt

både av tyskarar og norske ferieturistar

som skulle utover Øygarden.

Me skjøna snart at det var fleire på båten

som var Englandsfarar, men kor mange

eller kven, visste me ikkje.

Båten hadde 18 stoppestader før me

kom til staden ute på Fedje. Og der låg

m/b “Arnafjord”. Der var fleire tyskarar

på kaien, der me gjekk i land. Me hadde

noko av kvart til å hjelpe oss med då,

så dei ville vore ille ute om det hadde

vorte noko møde med dei. Då alle Englandsfararane

var samla, var det ialt 20

stykke, fem var kvinner.

Det leid utpå ettersumaren 1941, været

var det beste ein kunne ynskja seg, og

alle vona på ei fin reise over havet.

Klokka var vel halv elleve om kvelden

då “Arnafjord” drog ut. Det var ein

fiskar som låg utpå og gav signal, når

leia var fri for tyske vaktbåtar. Ein halv

time etter signalet stakk me.

Det var ikkje lenge vi fekk nyta godveret.

60 mil frå land tok det til med

ruskever. I 3-4 tida om natta var det

auka til storm, og den vart verre og

verre. Me hadde møtt første

hauststormen. Og båten me hadde var

mykje for liten til å tåla ei slik

påkjenning. Ut på morgonen vart det

halde rådleggingsmøte om me skulle

snu. Semja vart at me skulle halda

fram, for det ville i alle

måtar vera like farleg å snu

heimatt til Norge då.

Været held fram like gale

og det vart heller verre

og verre. Det var berre

nokre få menn som ikkje

vart sjøsjuke, så det var

ikkje nett noko hyggeleg

stode ombord. Den verste

brotsjøen reiv styrehuset

laust, så det hekk att

berre etter eksos-røyra. Då

vart alle karta me hadde

øydelagde. Hadde det

kome ein slik sjø til, ville

det vore ute med oss.

Kompassen vi hadde, var

heller ikkje heilt å lita på. Me hadde

ikkje anna å gjera enn å halda unna

været, å trassa var ikkje å tenka på.

Spaninga var stor, ville me koma for

langt sør, eller kanskje fòr me framom

Shetland, og ut på Atlanterhavet.

Ut på morgonsida andre dagen såg det

ut til at verste faren var over, me merka

at sjøane og straumen hadde skift. Me

nærma oss land, men kvar det var, det

var me i stor spaning om. Klokka var

fram mot åtte då me såg land rett framfor

oss. Då kan ein tru det var glede

ombord. Me ville ikkje tru det me såg

med det same. Det synte seg seinare,

at me var komne i le av Shetland. (...)

Det var godt å sjå brot og skjer, så me

kom velberga inn mellom to øyar, der

me fann ei logn vik, og der la me oss til.

Så var det å koka kaffi, og den hjelpte

til at dei sjøsjuke kom seg snart. Nede

i salongen måtte det pyntas og vaskast,

og det var ikkje nokon fin jobb.

Folk var der ikkje på øya, men på

andre sida av sundet, der såg me folk.

Lettbåten vår var merkeleg nok uskadd.

Han vart no sett på sjøen, og tre mann

rodde mot andre sida av sundet. Det var

uråd å komme på land for straumsjø, og

me vart stogga av vakter.

Med flagg og andre signal fekk me gjera

vaktene kjend med kven me var. Så

rodde vi tilbake til “Arnafjord”. I tretida

om dagen kom ein losbåt og henta

oss. Me fekk då vete at me var komne

inn nær ved Lerwick. Me vart førde inn

til byen, og derfrå med annan båt til

England. (...)

Seinare fekk me vite at det var fire båtar

som hadde reist frå Norge same natta.”

To båtar kom ikkje fram

- alle omkom

“Arnafjord” var heldig! Båten drog frå

Hernar i Øygarden 27. september 1941

med 20 personar ombord. Alle kom velberga

til Lerwick 2 døgn seinare. To av

dei tre andre båtane som drog ut frå

Hordalandskysten natta kom ikkje fram.

Det var m/s “Valborg” frå Glæsvær

med 7 personar ombord, og m/b “Knut”

frå Glesnes med 11 personar ombord.

Gavlbåten “Knut” var ein trebåt, bygd

1930, med ei 16 HK Eogar-motor.

I “Bergens Tidende”, 23.10.1945, står

det eit stykke, underskrive “En bror”,

om desse to båtane. Her er eit utdrag av

stykket:

“Den 28 september 1941 dro 11 mann

ut frå Sund, ombord i gavlbåten “Knut”

med kurs for Shetland. (....)

Gavlbåten “Knut” var et godt og

velutrustet fartøy, ført av en kyndig

navigatør, været var også bra, så betingelsene

for å komme vel fram skulle

vere de beste. De pårørende hadde da

også det beste håp om at de skulle

få møte sine kjære igjen etter krigens

slutt. Etter anstilte undersøkelser må

det imidlertid dessverre ansees som sikkert

at disse elleve møtte sin skjebne i

Nordsjøen.

Den tidligere omskrevne motorskøyte

“Valborg” som også forsvant i

Nordsjøen, reiste ut fra samme sted natt

til 28. september 1941. Dette fartøy ble

anmeldt samme dag som det forlot norskekysten.

Vi må nok dessverre gå ut fra at også

“Knut” er blitt innhentet av fly eller av

en ubåt og skånselløst senket.

Disse prektige menn fikk ikke anledning

til å tre aktivt inn i de norske styrker i

England, som deres mål var. Men deres

død har nok ikke vært

forgjeves, for de viste

viljen til å kjempe for en

stor og felles sak: å se sitt

land fritt igjen.

Vil vil minnes dem med

et vers av Nordahl Grieg:

De sterke, de rene av

hjertet

som ville og våget mest;

rolige tok de avskjed,

en etter en gikk de vest.

Fred over deres minne.

Åtvaring som skulle

hengja i alle styrehus.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!